Fotball-VM for neper

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det nærmar seg VM i Tyskland, og me har samla nokre små fotballfakta for deg som ikkje har den store oversikta frå før.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Pelé, eller Edson Arantes do Nascimento som han eigentleg heiter, reknast som ein av verdas største fotballspelarar. (Foto: i8.photobucket.com)Pelé, eller Edson Arantes do Nascimento som han eigentleg heiter, reknast som ein av verdas største fotballspelarar. (Foto: i8.photobucket.com)

Føler du deg litt utafor når dei andre snakkar om VM som om det var det største i livet?

Litt ålmennkunnskap kan kanskje redde deg når du kjenner du er alldeles på veg ut av den gode samtalen.

Først


- Den første verdsmeisterskapen i historia gjekk føre seg i Uruguay i 1930. 13 land deltok, og vertslandet Uruguay vann.

- Noreg debuterte i eit VM i Frankrike i 1938.

- Første gongen VM i fotball for kvinner vart arrangert, var ikkje før i 1991.

Mest


- Den engelske landslagskapteinen David Beckham er den fotballstjerna som tener mest i verda. Heile 187 millionar kroner lyder årsløna hans på. Beckham speler for den spanske klubben Real Madrid, men bruker og mykje tid (og uhorveleg med pengar) på å vere trebarnspappa og kjendis.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Real Madrid er forøvrig den klubben som drar inn mest pengar på verdsbasis. Gjennom tv-avtalar, sponsorpengar og inntekter frå publikum sopar dei inn utrulege 2, 19 milliardar kroner i året.

Anten kan du det, eller så kan du det ikkje. Ronaldinho kan det, definitivt. (Foto. energiefm.com)Anten kan du det, eller så kan du det ikkje. Ronaldinho kan det, definitivt. (Foto. energiefm.com)

Best


- Kven som er verdas største spelar, når me i ordet størst legg tydinga best av alle, er ikkje lett å seie utan å bli motsagt på det heftigaste av andre som meiner dei har fasiten.

Magasinet National Geographic listar i VM-bilaget sitt opp det dei anser som dei fire største VM-legendene:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Pelé, Franz Beckenbauer, Diego Maradona og Zinedine Zidane. Desse fire representerer høvesvis Brasil, Tyskland, Argentina og Frankrike.

- Sidan ingen av desse speler proffotball lenger, må ein kanskje føye til ein spelar som heilt klart har legende-potensiale. Den brasilianske fotballstjerna Ronaldinho har heltestatus i heimlandet sitt, sjølv om han speler for den spanske klubben Barcelona.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fotball-VM i Tyskland startar 9. juni. Er du klar? (Foto: pointspread.com)Fotball-VM i Tyskland startar 9. juni. Er du klar? (Foto: pointspread.com)

Tippekamp


Mykje av gleda ved eit VM ser ut til å liggje i forkant av kampane og går ut på å tippe og spå.

Kven ryk ut av kva pulje, kven kvalifiserer seg, kva for lag kjem til å drite seg heilt ut og kva for trenarar må ta sin hatt og gå før, under eller etter finalen?

Sjølvsagt er det ingen som er meir synske enn andre, men her kan det liggje mange snubletrådar og lure for ein som mest aldri har sett ein heil fotballkamp i sitt liv.

Løysinga blir då å sitere andre, strø om seg med ting og tang ein har lese om kven som har dei beste oddsa og dei flinkaste spelarane osb.

Heksedoktor på gin


Alternativt kan du fortelje rare historier du har høyrt om dei ulike deltakarane som har så pass høg underhaldningsverdi at det i seg sjølv gjer deg nokre ekstra poeng hjå tilhøyrarane.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Elfenbeinskysten - eit lag med noko uvanleg drahjelp. (Foto: precision-football.com)Elfenbeinskysten - eit lag med noko uvanleg drahjelp. (Foto: precision-football.com)

Til dømes kan du fortelje om Elfenbeinskysten som ikkje går av vegen for å konsultere heksedokterar når suksessen skal innkasserast.

Dessverre fekk laget forbod mot å bruke pengar på heksedoktorane nokre år tilbake, noko som resulterte i grufulle sverjingar frå doktorane og elendige resultat på bana i 10 heile år.

Men då utanriksminister Kouassi endeleg gjorde opp gjelda med gin og pengar, sjå då kvalifiserte Elfenbeinskysten seg til VM i 2002. Slå den!

Men du: Fotballtilhengjarar drikk visstnok ikkje gin, altså. Gå no for all del ikkje i den fella: Dei drikk øl.

Kjelder: Wikipedia , National Geographic

Meir om sport:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving