Rekordar i alpint

Alpinanlegga her i landet kan sjå tilbake på ein rekordsesong.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: njard.no)(Foto: njard.no)

(NPK): Anlegga har selt heiskort for 747 millionar kroner. Det er meir enn nokon gong før og ein salsauke på sju prosent.

- Aldri før har norske alpinanlegg selt heiskort for slike beløp. Tek vi med omsetninga i skiutleige, kioskar og liknande, er den samla omsetninga i alpinanlegga sist vinter på nærare ein milliard kroner, seier dagleg leiar i Alpinanleggenes Landsforening, Andreas Rødven, til NRK.no.

Omsetningsauken har vore størst i Oslo-området. Her er oppgangen på 34 prosent. Deretter kjem anlegga i Telemark, som har ein auke på 20 prosent. Til dømes hadde Gautefall Alpinsenter åleine ein omsetningsvekst på 43 prosent. Anlegga i Vest- og Midt-Noreg har gått litt tilbake. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving




Personvernpolicy