Hjelm reddar liv i skibakken

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bruk av hjelm i skibakken reduserer risikoen for hovudskadar med heile 60 prosent, viser ein ny norsk studie som blir omtala i siste nummeret av tidsskriftet Jama (Journal of the American Association)

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bruk av hjelm i skibakken reduserer risikoen for hovudskadar. (Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK)Bruk av hjelm i skibakken reduserer risikoen for hovudskadar. (Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK)

Snøbrett-køyrarane er den enkeltgruppa som er mest utsett for hovudskadar. Og undersøkinga omfattar analysar av 3.277 snøbrett-køyrarar som er skadde ved åtte vintersportsanlegg i Noreg.

Ei kontrollgruppe av uskadde fra dei same stadene vart også analysert, og detaljar som skadetype, alder, kjønn og utstyr vart registrert. Over 17 prosent av dei skadde hadde hovudskadar, og heile 83 prosent av desse hadde ikkje brukt hjelm.

- Bør låne ut hjelm


Generelt sett var det unge folk, menn, og personar med lite erfaring frå skibakken som stod for dei fleste skadane.

Forskarane fann ein klar samanhengen mellom bruk av hjelm og redusert risiko for hovudskadar. Noko overraskande viste det seg også å vera færre nakkeskader blant hjelmbrukarane, endå det har vore hevda at hjelmen aukar risikoen for å skade nakken.

- Det bør fokuserast sterkare på bruk av hjelm. Skistader bør låne ut hjelm som ein del av pakka når folk kjøper heiskort, seier professor Roald Bahr ved Norges Idrettshøyskole til tidsskriftet Jama. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving