Inga kofte i Urfolks-OL

Artikkelen fortsetter under annonsen

Samenes Idrettsforbund nektar samiske ungdommar å bruke kofte under opninga av Arctic Winter Games i Wood Buffalo i Canada.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: awg.ca)(Foto: awg.ca)

(NPK): Det forstår ikkje ungdomsutvalet i Norske Samers Riksforbund, som meiner kofte er eit naturleg antrekk som lyftar den samiske sjølvkjensla.

- Deltakarane skal bruke det flotte lagantrekket til Samisk Idrettsforbund i samiske fargar under opninga. I tillegg skal alle bere samisk flagg, så det samiske vert godt synleg, seier Petter Asbjørn Balto, som er hovudansvarleg for den samiske troppen i AWG, til avisa Ságat.

Arctic Winter Games er ein idretts- og kulturkonkurranse for ungdom mellom 13 og 19 år. Arrangementet vert også kalla Urfolks-OL, og samlar i år rundt 2.000 deltakarar frå Canada, Grønland, Russland, Island og Skandinavia. 4.000 funksjonærar skal lose arrangementet i land, medan 300 pressefolk har meldt at dei kjem. Budsjettet er på rundt 20 millionar kroner. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving