Første ultramaraton på Sørpolen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Iren Richard Donovan vart den første i historia til å fullføre ein ultramaraton i Antarktis førre søndag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: zmuc.dk)(Foto: zmuc.dk)

(NPK): Donovan var den einaste som fullførte det 100 kilometer lange løpet som gjekk føre seg i 900 meters høgd ved Ellsworth-fjellet på 80 gradar sør.

Donovan, som til dagleg er leiar for Polar Running Adventures, arrangøren av løpet, sprang dei ti mila i snøen på 15 timar og 43 minutt.

Sjukepleiaren Windy MacKinnon frå Skottland vart dagen før den første kvinna til å gjennomføre maraton sør for den sørlege polarsirkelen. Ho fullførte løpet på seks og ein halv time. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving