Val i EU: Kva står på spel?

Årets val i EU-parlamentet er spennande å følge med på, meiner Ulrik Stange i Europeisk Ungdom (t.v.) og Kim René Hamre i Ungdom mot EU. (Biletet er vel å merke frå Berlaymont-bygget der EU-kommisjonen held til, ikkje EU-parlamentet).
Årets val i EU-parlamentet er spennande å følge med på, meiner Ulrik Stange i Europeisk Ungdom (t.v.) og Kim René Hamre i Ungdom mot EU. (Biletet er vel å merke frå Berlaymont-bygget der EU-kommisjonen held til, ikkje EU-parlamentet). Foto: Foto: Karl Johan Stensland/Eirik Dyrøy Lotsberg/Privat.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Over 400 millionar europerarar skal til valurnene i vår. Vi har spurt Europeisk ungdom og Ungdom mot EU kva saker dei er mest interesserte i under årets val.

Artikkelen fortsetter under annonsen

6. til 9. juni skal innbyggarane i Den europeiske union røyste inn representantar til EU-parlamentet. 720 politikarar frå 27 medlemsland skal veljast inn.

Sjølv om Noreg ikkje er medlem i EU, har europeisk politikk stor tyding for landet vårt. Vi har bindingar til unionen gjennom mellom anna EØS-avtalen, og Noreg eksporterer mange varer sørover til kontinentet.

Ulrik Stange, leiar i Europeisk Ungdom, og Kim René Hamre, leiar i Ungdom Mot EU, sit på kvar si side i den norske EU-debatten. Vi har spurt dei kva for saker dei følger spent med på i årets val.

Ulrik Stange er leiar i Europeisk Ungdom. Foto: Foto: Karl Johan Stensland
Ulrik Stange er leiar i Europeisk Ungdom. Foto: Foto: Karl Johan Stensland

Høgrepopulistar på frammarsj

Ulrik Stange, leiar i den EU-venlege organisasjonen Europeisk Ungdom, er spent på korleis ytre høgre kjem til å gjere det i parlamentsvalet. Høgrepopulistiske parti har vore på frammarsj i ulike deler av Europa, og dei får ofte god oppslutnad i nettopp EU-valet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det same temaet trekker Kim René Hamre i Ungdom mot EU fram. Han viser til at både Alternative für Deutschland i Tyskland og Partij voor de Vrijheid i Nederland har gode målingar og valresultat i sine land. Båe partia profilerer seg på motstand mot EU og innvandring.

– Dersom desse partia på ytre høgre får klart fleirtal i EU-parlamentet, men dei ikkje får gjennomført reformane som dei ønsker, kan det vere at splittingane i EU slår større sprekkar. EU er eit litt falleferdig korthus, seier Hamre.

Energi og gruvedrift

Ei anna sak Stange er oppteken av, som er særs relevant for Noreg, er energipolitikken. Ei aktuell sak i EU for tida, er korleis energimiksen skal sjå ut. EU vil kutte betydeleg i bruken av gass, og Noreg er den største leverandøren av gass til den europeiske marknaden.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Noreg har også nyleg opna for gruvedrift på havbotnen, noko EU-parlamentet har vore kritisk til.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det vert interessant å sjå kva for allierte Noreg kjem til å ha i det nye parlamentet, og korleis ein posisjonerer seg, om vi møter veldig motstand frå folkevalde i EU, seier Stange.

Han seier Noreg sin posisjon vert ekstra vanskeleg når vi ikkje har eigne folkevalde i EU, og difor manglar viktig påverknad på den politiske arenaen.

– Det gjer det vanskelegare for Noreg å drive forhandlingar. Ein må alltid sette hardt mot hardt, seier Stange.

Kim René Hamre er leiar i Ungdom mot EU. | Foto: Foto: Amina Ødegaard
Kim René Hamre er leiar i Ungdom mot EU. | Foto: Foto: Amina Ødegaard

Etterspel etter bondeopprøret

Hamre i Ungdom mot EU trekker fram bondeopprøret som rysta Europa som ei respons på EU sin nye klimalov. Lova vart vedteke med eit knapt fleirtal, men opprøret gjorde at den største partigruppa i EU, konservative EPP, snudde i saka.

– Det enda i ein veldig splitta posisjon. Det vert ei spanande tid for EU framover, og vi får sjå korleis det går vidare, seier Hamre.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ukraina og USA

Ulrik Stange i Europeisk Ungdom seier at det òg er spenning knytt til støtte til Ukraina etter valet i EU-parlamentet. Det er visse parti og land som er imot vidare støtte.

– No slenger Noreg seg med på alle sanksjonspakkane som EU kjem med. Vil Noreg stille seg meir uavhengig dersom opinionen snur i EU? Det tviler eg på, seier Stange.

På same line er han spent på å sjå kva som skjer i valet i USA, og korleis dynamikken vert mellom EU og USA.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Står på spel i Noreg

Hamre meiner det er viktig å følge med på EU, fordi mykje av det EU vedtek, blir til norsk lov gjennom EØS-avtalen. Ungdom mot EU meiner EØS-avtalen er udemokratisk, i og med at Noreg vert tvinga til å ta inn lover som folket ikkje har røysta over.

Han trekker mellom anna fram innleigeforbodet regjeringa innførte i fjor, som avgrensa moglegheitene verksemder har til å leige inn arbeidskraft i mellombelse stillingar. EØS sitt kontrollorgan Esa har slått fast at dei nye reglane bryt med EØS-regelverket, og bør opphevast.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Konflikten har fått Fellesforbundet til å lufte tanken om eit alternativ til EØS.

– Det vert interessant å sjå kva som skjer vidare. Det er eit veldig stort utspel frå eit så stort organ som LO, seier Hamre.

Han viser også til at både regjeringa og opposisjonen i Noreg er splitta i synet på EUs fjerde energipakke. Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum har til dømes nekta for at partiet vil støtte pakken.

Bør få meir merksemd

Ulrik Stange, på si side, meiner naturlegvis at svaret er å melde Noreg inn i EU, for å få meir makt over avgjerdene som vert teke.

Stange meiner kva som skjer i EU får for lite merksemd i Noreg.

– Når Noreg er så avhengig av EØS-avtalen, bør politikarane vere opptekne av EU-valet. Lovene som kjem i EØS, vert vedteke av dette parlamentet som skal veljast no. Det burde media fokusere meir på, seier han.

Stange trekker fram mediedekninga av EUs tredje energipakke, ACER. Han meiner dei mest høglytte røystene fekk dominere ordskiftet.

– Det er synd at sånne debattar vert overlatne til dei som polariserer mest, seier han.

● Les også: Det store valåret 2024