Aktivistar merka oppdrettslaks i butikkhyllene som «miljøskadelig»

"Oppdrettslaks dreper fjorden" står det på dei nye merkelappane som Natur og Ungdom har festa.
"Oppdrettslaks dreper fjorden" står det på dei nye merkelappane som Natur og Ungdom har festa. Foto: Foto: Natur og Ungdom
Artikkelen fortsetter under annonsen

Natur og Ungdom oppmodar til boikott av oppdrettslaks.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fleire pakker med oppdrettslaks ute i matbutikkar har fått merka «Oppdrett dreper villaks», «Oppdrett skader fjordene» og «Dette produktet er miljøskadelig».

Det skriv Natur og Ungdom i ei pressemelding.

Dei har i dag gått inn i butikkar i Oslo sentrum og plassert merka for å oppmode til boikott av oppdrettslaks.

– Norsk oppdrettslaks er ein miljøversting, skriv sentralstyremedlem Johanna Haukanes Leivestad i pressemeldinga.

Johanna Haukanes Leivestad er sentralstyremedlem i Natur og Ungdom. Foto: Foto: Amanda Iversen Orlich/Natur og Ungdom
Johanna Haukanes Leivestad er sentralstyremedlem i Natur og Ungdom. Foto: Foto: Amanda Iversen Orlich/Natur og Ungdom

Ho meiner oppdrett har store konsekvensar for naturen rundt, og viser til sjukdom, utslepp og rømming av fisk.

– Sidan regjeringa ikkje klarer å ta grep, tar vi saka i våre eigne hender. Merking av oppdrettsprodukt har lenge vore manglande.

Organisasjonen tar til orde for boikott fordi dei vil skape merksemd rundt problema i bransjen. Natur og Ungdom meiner det vil vere betre dersom oppdrettet går over til lukka anlegg i sjøen.