Miljøorganisasjon fryktar ny klima -og miljøminister blir «løpegut for oljelobbyen»

Klima -og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) blei måndag ny klima- og miljøminister.
Klima -og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) blei måndag ny klima- og miljøminister. Foto: Foto: Emilie Holtet / NTB
Artikkelen fortsetter under annonsen

Natur og Ungdom reagerer på utnemninga av Andreas Bjelland Eriksen (Ap) til ny klima- og miljøminister.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Måndag føremiddag blei det kjend at statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) gjer endringar i regjeringa. Blant omrokeringane er Andreas Bjelland Eriksen (Ap), som tek over som klima- og miljøminister etter at Espen Barth Eide (Ap) blir flytta til posten som utanriksminister.

31-åringen frå Stavanger har sidan 2021 vore statssekretær for Statsministerens kontor og Olje- og energidepartementet. Utnemninga av han som leiar for arbeid med klima og miljø har difor fått fleire miljøorganisasjonar til å reagera.

Bekymra for rolla

Aleksander Snarheim, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom, seier i ei pressemelding at Bjelland Eriksen har mykje å bevisa i den nye rolla.

– Eg er bekymra for at han vil fungera som ein løpegut for oljelobbyen, at han ikkje tek erfaringane frå Fosen-saka med seg i vidare arbeid med fornybar energi og at han vil vera ein pådrivar for store prosjekt som vil krevja enorme areal. Han kjem rett frå ein jobb der nettopp dette har vore oppgåvene hans, og eg er usikker på om han vil leggja det frå seg i sin nye jobb, uttrykkjer Snarheim.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Sentralstyremedlem i Natur og Ungdom Aleksander Snarheim meiner Andreas Bjelland Eriksen har mykje å bevisa i den nye rolla som Klima -og miljøminister. Foto: Foto: Amanda Orlich/Natur og Ungdom
Sentralstyremedlem i Natur og Ungdom Aleksander Snarheim meiner Andreas Bjelland Eriksen har mykje å bevisa i den nye rolla som Klima -og miljøminister. Foto: Foto: Amanda Orlich/Natur og Ungdom

Forventar at han tek ansvar

I pressemeldinga peikar Snarheim på at den førre klima- og miljøministeren blei overkøyrd av regjeringa på fleire viktige spørsmål knytt til klima og miljø. Han håpar difor regjeringa gir den nye statsråden større spelerom.

– Eg håpar Bjelland Eriksen tek ansvaret på ramme alvor og krev den plassen ein klima- og miljøminister fortener i regjeringas politikk, seier Snarheim.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Også miljø- og utviklingsorganisasjonen Spire stiller krav til den nye statsråden. I ei pressemelding skriv leiar Elise Åsnes at organisasjonen forventar at Bjelland Eriksen legg frå seg tilknytinga si til oljepolitikken til fordel for ein ambisiøs og rettferdig klima- og miljøpolitikk.

Leiar i Spire Elise Åsnes håpar på nye gjennomslag for klima og miljø med Bjelland Eriksen ved roret. Foto: Spire
Leiar i Spire Elise Åsnes håpar på nye gjennomslag for klima og miljø med Bjelland Eriksen ved roret. Foto: Spire

– Det fyrste den nye ministeren må gjera for å visa at han tek miljøkrisa på alvor, er å stoppe opningsprosessen for gruvedrift på havbotnen. Det er hårreisande å sjå korleis Noreg ignorerer miljøfaglege råd. Me forventar no at Bjelland Eriksen tek ansvar og stoppar regjeringas brutale nedprioritering av natur, seier leiaren i pressemeldinga.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Støre: – Den viktigaste saka

Sjølv seier statsminister Jonas Gahr Støre til Dagsavisen at folk bør merkja seg den nye klima- og miljøministeren.

Statsministeren seier han har sett Bjelland Eriksen løyse oppgåver på ein god måte, og meiner han tenkjer på korleis ein skal klara å kutte utslepp og skapa arbeidsplassar, samstundes som ein ikkje skapar fornekting, klima-angst eller klima-skam blant folk.

– Det er spanande å gi unge menneske ei erfaring på det eg meiner i stort er den viktigaste saka me har å møte – klimasaka. Noreg kan faktisk gje eit bidrag i det arbeidet som har betyding ut over Noreg, seier Støre til avisa.