Åtvarar mot krise for demokratiet: Ønskjer ny maktutgreiing

Under klimastreiken 30- august 2019 brukte dei unge stemma si slik dei kan framfor Stortinget.
Under klimastreiken 30- august 2019 brukte dei unge stemma si slik dei kan framfor Stortinget. Foto: Ingvild Eide Leirdall
Artikkelen fortsetter under annonsen

Leiaren av Makt- og demokratiutgreiinga frå 1998-2003 meiner det representative demokratiet har vanskeleg for å takla debatten på sosiale medium, og meiner dette fortener ei ny maktutgreiing.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

For 17 år sidan la professor Øyvind Østerud fram konklusjonane til Makt- og demokratiutgreiinga. Mykje har skjedd sidan den gong. I 2004 kom Facebook, og i 2016 valde amerikanarane ein president som styrer landet gjennom Twitter.

Øyvind Østerud er professor ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Foto: UiO
Øyvind Østerud er professor ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Foto: UiO

Øyvind Østerud meiner utviklinga av digitale medium har vore heilt sentral for utviklinga av demokratiet vårt dei siste åra.

– Meiningsdanninga og debatten blir meir fragmentert, polarisert og kjensleladd. Sjølv dei trykte media skjelar meir til «likes». Aksjonistar på særområde får sterkare gjennomslag på grunn av kor einsidige dei er og temperaturen deira. Dette fortener ei utgreiing, seier Østerud til Framtida.no.

Eit anna viktig spørsmål er korleis internasjonaliseringa er gått vidare og vingeklippar folkevalde organ, ifølgje Østerud.

Ønskjer ei saksretta maktutgreiing

FAKTA: MAKTUTGREIINGAR I NOREG

Leiaren av den siste maktutgreiinga vil ikkje tilrå ei så generell og brei makt- og demokratiutgreiing som den førre.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det blir for spreitt og ufokusert, med ein springande og tilfeldig debatt. Eg ville heller ha ei meir saksretta og konkret utgreiing på bestemde område, skriv professor Øyvind Østerud til Framtida.no på e-post.

Ein av hovudkonklusjonane frå Makt- og demokratiutgreiinga frå 2003 var at det representative folkestyret er svekka i alle ledd. Samtidig aukar makta til rettssystemet.

Krise for demokratiet og den offentlege samtalen

Andre helga i september skal Østerud innleia på Skjervheimseminaret under spørsmålet: Er demokratiet og den offentlege samtalen i krise i Noreg?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Krisa ligg særleg i temperaturen i sosiale medium, som kan skremma nokon frå å delta. Debatten blir einsidig og aksjonsprega. Krenkingskulturen, med ønske om å nekta meiningsmotstandarar å komma til orde, får overtak på kostnad av meiningsutveksling, forklarar Østerud.

Førre maktutgreiinga tok også for seg påverknaden til internett på demokratiet. Allereie då var det fleire sosiale medium i bruk, sjølv om dei ikkje hadde i nærleiken så mange brukarar som dei me kjenner i dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I boka Farvel til folkestyret? åtvara forskarane Tommy Tranvik og Per Selle mot at internett, meiningsmote og sanntidsorganisering kan gjera at samfunnsgrupper koplar seg frå samfunnet og dei institusjonane som bestemmer utforminga av samfunnet, samtidig som grunnleggande konfliktlinjer gradvis forsvinn og blir neglisjert i ei standardisert offentlegheit.

Sosiale media, internett, massemedia og sanntidsorganisering er med på å auka farten på den politiske samtalen. Klarer det representative demokratiet å henga med?

– Det representative demokratiet har vanskeleg for å takla debatten på sosiale medium – folkevalde kan bli meir gjenstand for påverknad frå høgrøysta mindretal framfor å styra i kraft av å vera valt, seier Østerud.

– Kor alvorleg meiner du krisa for demokratiet og den offentlege samtalen er no, samanlikna med tidlegare?

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg trur nok at krisa er meir akutt, men det bør undersøkast nærare.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Kva er det mest positive som har skjedd for demokratiet dei siste tiåra?

– Det mest positive er fleire kanalar for innverknad nedanfrå, sjølv om dette samtidig har ei skuggeside i form av ekkokammer (dialog mellom meiningsfellar) og fragmentering.

– Ingen har funne svar på utfordringa

Polariseringa i politikken, fragmentering og populisme har ført fram autoritære krefter i fleire land, både i Polen, Ungarn og USA. Demokratiske institusjonar blir konfrontert med stadig nye utfordringar. Korleis påverkar det som skjer i andre land demokratiet vårt i Noreg?

– Demokratiet i Noreg er ikkje direkte påverka av utviklinga i andre land, men indirekte gjennom dei same påverknadene frå nye medium og internasjonale avgjerdsorgan.

– Finst det døme på måtar demokratiet kan utviklast på, slik at det vil takla denne krisa betre?

– Nei, dette er på mange måtar ei ny utfordring som ingen heilt har svaret på.

Artikkelen er ein del av ein artikkelserie om korleis demokratiet kan utvidast og utviklast vidare. Har demokratiet nådd toppen av utviklinga si no, eller kan det opnast for endå meir deltaking? Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.