Nestleiar i AUF: – Nærmare stemmerett for 16-åringar enn nokon gong

Astrid Willa Eide Hoem er nestleiar i AUF.
Astrid Willa Eide Hoem er nestleiar i AUF. Foto: Bernt Sønvisen, Arbeidarpartiet
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nestleiar i AUF, Astrid Willa Eide Hoem, håpar at Arbeidarpartiet går inn for stemmerett for 16-åringar i lokalval.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Dersom 16-åringane får stemmerett i lokalvalet, betyr det også at dei som styrer må lytta til dei unge, seier nestleiar i AUF, Astrid Willa Eide Hoem, på telefon til Framtida.no.

AUF jobbar for å få innført stemmerett for 16-åringar i lokalval, og vil løfta dette inn i arbeidet med nytt partiprogram for Arbeidarpartiet.

Arbeidarpartiet har programfesta at dei er for forsøk med stemmerett for 16-åringar i lokalval, men landsmøtet til partiet har tidlegare gått mot innføring av allmenn stemmerett for 16-åringar.

Les også: Vil endra Grunnlova: – Det er nesten eit klimatiltak

Støtte frå vallovutvalet

Eit fleirtal i vallovutvalet vil også innføra stemmerett for 16- og 17-åringar i lokalvala, men dei gjekk ikkje inn for å senka aldersgrensa for å stilla til val.

Arbeidarpartiet sin representant i utvalet, tidlegare justisminister Knut Storberget, var blant dei som gjekk inn for å senka stemmerettsalderen ved lokalval.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

AUF går også inn for at det skal vera mogleg for 16- og 17-åringar å bli valde til kommune- og fylkesting.

– 16-åringar kjenner miljøet i kommunen og fylkeskommunen betre enn mange 40-åringar. Dei går på vidaregåande skule, bruker kultur- og fritidstilbod i kommunane og ser om bussane ikkje går nok eller er for dyre, seier Eide Hoem på telefon til Framtida.no.

Astrid Willa Eide Hoem håpar Arbeidarpartiet no vil opna for stemmerett for 16-åringar i lokalvalet.

– Det er eit stort engasjement. Eg trur me er nærmare no enn nokon gong, seier ho.

FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud vil ikkje senka stemmerettsalderen. Foto: FpU
FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud vil ikkje senka stemmerettsalderen. Foto: FpU

Usemje blant dei borgarlege

Blant dei ikkje-sosialistiske partia er det berre Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne som ønskjer å innføra stemmerett for 16-åringar.

Leiar i Framstegspartiets Ungdom, Bjørn-Kristian Svendsrud, meiner stemmerettsalderen bør følgje myndigheitheitsalderen.

– Er det riktig at ein skal kunne bestemma korleis kommunen skal styrast, men ikkje ha lov til å køyra bil, kjøpe alkohol og ta opp lån? sa han i eit intervju med Framtida.no for nokre veker sidan.