Jusprofessor meiner miljøorganisasjonane kan vinna i Klimasøksmålet

Rop og krav frå barn og unge under skulestreiken for klima fredag 30. august.
Rop og krav frå barn og unge under skulestreiken for klima fredag 30. august. Foto: Ingvild Eide Leirfall / Framtida
Artikkelen fortsetter under annonsen

Både saksøkar Natur og Ungdom, Naturvernforbundet, og jusprofessor trur klimasøksmålet kan vinne gjennom når det no skal opp i lagmannsretten.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Me hadde ikkje gått til sak viss ikkje me trudde me kunne vinna, fortel Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom til Framtida.no på telefon og legg til:
– Me har mange ting me tek med oss for å visa at dommen frå tingretten er feil på mange punkt.

Les også: Natur og Ungdom ankar klimasøksmålet

– Har ein dom å angripa

I 2016 gjekk Natur og Ungdom saman med Greenpeace og gjekk til søksmål mot staten for å ha brote grunnlovsparagraf § 112. Dette er den såkalla miljøparagrafen, som skal sikra oss og framtidige generasjonar ein leveleg natur.

Staten vann i denne rettssaka, og saksøkarane anka med ein gong. 5. november byrjar runde to i Borgarting lagmannsrett.

– Me er veldig spente. Det som er nytt denne gongen er at me har ein dom å angripa, seier Eiterjord.

Han meiner at dommen er svak, mellom anna fordi den ikkje tillegg Noreg noko ansvar for olje og gass som blir seld til utlandet og utsleppa det fører til.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det pulveriserer heile ansvaret til staten, seier Eiterjord.

Han er også optimistisk med tanke på at det har kome meir forsking sidan førre runde.

– Me veit at det hastar mykje meir å løysa klimakrisa. Ikkje minst har me også sett eit ordentleg engasjement frå barn og unge, som viser at dette er ein kamp for vår rett til eit leveleg miljø.

– Er motivasjonen like høg no?

– Ja, kanskje til og med høgare.

Søksmålet vert kalla «Folkets søksmål» og sidan dei leverte søksmålet i 2016 har dei fått over to millionar i støtte, frå fleire tusen bidgrag. Seinast i år har både Greta Thunberg og Penelope Lea donert prispengar til søksmålet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

(Saka fortsett under biletet).

Fra venstre: Jørn Øyerhagen Sunde (jusprofessor på Univrersitetet i Oslo), Silje Ask Lundberg (leder i Naturvernforbundet) og Gaute Eiterjord (leder i Natur og ungdom). Foto: UiO, Naturvernforbundet og NU
Fra venstre: Jørn Øyerhagen Sunde (jusprofessor på Univrersitetet i Oslo), Silje Ask Lundberg (leder i Naturvernforbundet) og Gaute Eiterjord (leder i Natur og ungdom). Foto: UiO, Naturvernforbundet og NU

– Vil vera viktig for alle klima- og natursaker i Noreg

Også i Naturvernforbundet, som no er med som partshjelp, er trua stor.
Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet.

– Ja, viss ikkje hadde me ikkje vore med. Det dei vann førre gong, var ei anerkjenning av at paragrafen er ein rett, sjølv om statsadvokaten ikkje meinte det, seier leiar Silje Ask Lundberg.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho legg til grunn at dette vert stadfesta av lagretten.

– No er det store spørsmålet om ein skal telle med eksporterte utslepp når ein snakkar om retten til eit leveleg miljø for framtidige generasjonar. FN sin rapportør på menneskerettar har også slått fast at det ikkje speler noka rolle om det blir brukt i andre land, det vil føre til global oppvarming uansett.

Les også: FN-ekspert ber Noreg slutte å leite etter meir olje

Jusprofessor: – Dommarar lever óg i samfunnet

Det er ikkje utenkeleg at miljøorganisasjonane kan vinna, skal me tru jusprofessor Jørn Øyrehaugen Sunde.

Også han meiner at tida som har gått aukar sannsynet for å vinna gjennom.

– Det viktigaste som er annleis er at klimaendringane vert tydlegare og tydlegare, og semja om at dei faktisk skjer berre større og større. Dommarar lever òg i samfunnet og byrjar å kjenna klimaendringane på kroppen slik vi andre gjer, skriv han på e-post til Framtida.no.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han meiner at dette gjer at alvoret i saka vert større, men poengterer at alle saker vert litt annleis i ankeomgangen enn i fyrste instans. Dette fordi ein får meir tid til å tenkja gjennom saka og argumenta.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I tillegg meiner han at dommen frå Oslo tingrett var dårleg grunngjeven.

– Så dårleg at det er lite truleg at ein ny domstol, etter ei ny sakshandsaming og nye argument, avseier ein like dårleg grunngjeven dom. Dette tvingar domstolen til å lytta betre til argumenta i saka.

(Saka fortsett under biletet).

Oslo, 1980. Rettssaka mot samane som vart tiltalt for sivil ulydigheit etter demonstrasjonane framfor Stortinget. Dei demonstrerte mot utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget. På biletet ser me forsvarer Ole Jakob Bae saman med Jorunn Eikjok, Ante Gaup, Synnøve Persen, Mikkel Eira og Nils Gaup. Foto: Henrik Laurvik / NTB scanpix
Oslo, 1980. Rettssaka mot samane som vart tiltalt for sivil ulydigheit etter demonstrasjonane framfor Stortinget. Dei demonstrerte mot utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget. På biletet ser me forsvarer Ole Jakob Bae saman med Jorunn Eikjok, Ante Gaup, Synnøve Persen, Mikkel Eira og Nils Gaup. Foto: Henrik Laurvik / NTB scanpix

– Alta-saken

Det finst ingen tilsvarande saker i norsk rettshistorie, fortel professoren. Det næraste er Alta-saka frå 1982. Den gjaldt store naturinngrep med utbygging av Alta-vassdraget, og ein gjorde gjeldande at utgreiinga som låg til grunn for utbyggingsvedtaket var mangelfull. Det same gjer ein gjeldande i Klimasøksmålet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Men forskjellen er at ein etter Alta-saka har fått ein grunnlovsregel som gjev miljø og klima eit særskilt vern. Det gjer at miljøorganisasjonane i Klimasøksmålet har ein sterkare sak enn dei hadde i Alta-saka, fortel professoren.

Internasjonalt er det berre Urgenda-saka i Nederland som kan samanliknast med klimasøksmålet i Noreg. Miljøorganisasjonane vann og dommen vart tufta på Dei europeiske menneskerettane, med ei vurdering om faren for liv og helse.

– Dimed fekk den litt av det overordna prinsipielle preget som klimasøksmålet har, forklarar jussprofessor Sunde.

Eiterjord i Natur og Ungdom er inspirert av nettopp klimasøksmålet i Nederland.

– Der nybrottsarbeid i Noreg, men det er me rett og slett nødt til å gjera. I mange søksmål brukar staten same paragaf mot gruneigarar og andre privatpersonar, så det er berre på sin plass at også staten må forhalde seg til dette.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Forskar: – Klimasøksmål har vunne fram i andre land

Kva kan skje?

Jusprofessor Sunde trur miljøorganisasjonane kan vinna, og at det i så fall betyr at pertroelumsleitings-lisensane ikkje lenger tel og må trekkast tilbake. Dimed blir det heller ikkje leiting etter olje og gass i Barentshavet.

– Men det er lite truleg at dommen vil vert formulert slik at den stengjer for all leiting etter olje og gass i framtida. Dommen vil likevel gjera at ein må visa at leiting etter ny olje og gass, med påfølgjande utvinning, truleg ikkje vil føra til skade på klima. Dimed vil det verta mykje vanskelegare å gje slike lisensar i framtida.

– Kva om dei tapar igjen?

– Då vert saka anka til Høgsterett. For kvar dag som går aukar sjansen for å vinna saka fordi klimaendringane vert synlegare og synlegare.

Silje Ask Lundberg, i Naturvernforbundet, meiner dei uansett vil ha oppnåd noko, sjølv om dei skulle tapa.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det meiner eg absolutt. Om dei også her bekreftar at det er ein rett, vil det vera viktig for alle klima- og natursaker i Noreg, og stadfestar at ein har eit strengare rettsleg vern for å sikra berekraftig natur.

Både ho og Eiterjord meiner heile klimasøksmålet har vore med på å heva forståinga og engasjementet i befolkinga.

– Klimaendringane er den største utfordringa verda står ovanfor. Då må ein prøva alt ein kan for å sikra ein leveleg klode. Det inneber også retten. Me håpar at me vinn, så det er jo det me jobbar utifrå.

Måndag, dagen før søksmålet, vil det bli arrangert lysmarkeringar over heile landet og utanfor ambassadar i utlandet, til støtte for klimasøksmålet og klimasaka.

Les også: Klimaaktivist John (91): – Må gjera endringar på verdskrig-nivå