Nilofar (18) går andre året på vidaregåande og er landets yngste ordførarkandidat

Nilofar Nori (18) er landets yngste ordførarkandidat.
Nilofar Nori (18) er landets yngste ordførarkandidat. Foto: Privat
Artikkelen fortsetter under annonsen

18-åringen sakna representasjon og nokon å sjå opp til i politikken. No står ho på førsteplass for SV Hadsel til det komande lokalvalet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Målet mitt er å få ei stemme som ein ungdom, som ein minoritet og som ei kvinne. Dette er tre underrepresenterte grupper, og eg er medlem i dei alle, seier Nilofar Nori på telefon til Framtida.no.

18-åringen frå Melbu i Nordland skal til hausten starte på tredje året på studiespesialiserande ved Hadsel vidaregåande skule. Med mindre ho gjer eit brakval i september. Då må ho setje skulen på vent til fordel for kommunestyremøter og snorklipping.

Til haustens lokalval står Nilofar Nori nemleg på førsteplass for Hadsel SV, og er med det landets yngste ordførarkandidat. Noko ho ikkje var klar over sjølv:

– Wow, er det sant? seier ho og ler.

Til no har Nori møtt nesten utelukkande positive reaksjonar på ordførarkandidaturet, men nokre spørsmål går sjølvsagt igjen:

– Har eg erfaring? Nei, eg har null erfaring. Men om ein ikkje prøver, så får ein inga erfaring heller, seier ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Frå Afghanistan til Melbu

Nilofar Nori og familien hennar flytta til Noreg for godt og vel ti år sidan. Dei forlot heimlandet Afghanistan til fordel for ei lita øya i havgapet i Nordland. Sjølv seier Nori det har vore fantastisk å vekse opp på vesle Melbu med rett over 2000 innbyggjarar, «sjølv om vi ikkje har hatt noko å gjere på her».

Det er likevel tida før ho flytte nordover som forklarar kvifor 18-åringen først fatta interesse for politikk:

– Eg måtte få eit svar på kvifor Afghanistan vart som det blei, seier Nori.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho las om NATO, om FN, om korleis internasjonal politikk hadde prega heimlandet. Gradvis tok interessa meir lokal form på Melbu, då Nori vart merksam på korleis politikken påverka ho sjølv.

Nilofar Nori trur bakgrunnen frå Afghanistan vil vere ei styrke i lokalpolitikken: At ho ser og reflekterer over ting på ein litt annan måte. Foto: Privat
Nilofar Nori trur bakgrunnen frå Afghanistan vil vere ei styrke i lokalpolitikken: At ho ser og reflekterer over ting på ein litt annan måte. Foto: Privat

– Det er dessverre slik at politikk handlar om oss som minoritetar og utlendingar, men vi har knapt nokon representantar i dei temaa som vert tekne opp. Eit av dei største behova eg hadde var nokon å sjå opp til i politikken, fortel Nori.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho ville sjølv ytre seg om retten til å gå med hijab, og kampen mot hatytringar.

Ved skulevalet for to år sidan tok Nori steget over i partipolitikken. Før ho skulle stemme undersøkte ho alle partia: frå ytste venstre til ytste høgre.

– Dei partia som ligg nære kvarandre høyrest like ut, men likevel fekk eg ein connection med SV. Eg fekk ei magekjensle. Då eg las gjennom sakene deira varma det hjartet mitt, forklarar Nori.

Ho melde seg inn i ungdomspartiet kort tid etter, og i januar i år vart ho også med i moderpartiet. No kan ho verte ordførar.

Les også: Rekordmange unge stiller til val i kommunevalet: – Bra for demokratiet!

Ein fatta familie

Familien tok det heile med glede og fatning. Dei kjenner dottera si og har høge forventingar til ho, så dei vart difor ikkje særleg overraska.

Far var likevel snar til å høyre om engasjementet kom til å valde skulearbeid og karakterar store skadar. For politikken er ein tidstjuv. Nori fortel om dagar ho har sete på flyplassar på veg til årsmøte og laga powerpoint-presentasjon til skulen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg kan ikkje gjere det like bra begge stadar, så eg må ofre litt. Det går bra om eg får ein karakter dårlegare enn eg kunne fått i eit fag, seier 18-åringen.

Men det er også postive følgjer:

– Sidan eg vart med i politikken har eg utvikla meg, ikkje berre politisk, men også personleg. Eg har lært veldig mykje av det.

Les også om Mawra (29) som sa tok på seg å lage premierekjolen til Skam-Sana utan å ha særleg syerfaring

(Saken fortsetter under)

– Om folk skal flytte tilbake tenker dei ikkje på kor lang rullebana på flyplassen er eller kor mange asfalterte vegar det er opp på fjellet, men om barnet kjem til å ha eit godt miljø og gode tilbod. Så det er ei veldig viktig sak for meg, seier Nilofar Nori. Foto: Privat
– Om folk skal flytte tilbake tenker dei ikkje på kor lang rullebana på flyplassen er eller kor mange asfalterte vegar det er opp på fjellet, men om barnet kjem til å ha eit godt miljø og gode tilbod. Så det er ei veldig viktig sak for meg, seier Nilofar Nori. Foto: Privat

Dei ekle sidene i politikken

18-åringen fortel at ho ringde bestevenninna si, som også er med i SU, og fortalde at ho var førstekandidat. Då «freaka» ho ut, seier Nori og ler.

– Ho byrja å rope: «Kva meiner du?!». Så vart ho veldig glad, sjokkert og forvirra. Og så byrja ho bekymre seg.

– Kva uroa ho seg for?

– Ho var litt redd for korleis eg kjem til å handtere dei ekle sidene av politikken.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei ekle sidene er hatkommentarane, fordommane, rasismen og diskrimineringa, forklarar Nori. Ho trekk fram Faten Mahdi Al-Hussaini og Sumaya Jirde Ali som begge har brukt stemmene sine, og i dag lyt gå med valdsalarm.

– Det vert ein inspirasjon, eg vil ikkje gå heile livet og halde kjeft i frykt for å bli behandla slik, på same tid som det skummelt. Det tyder at dette kjem til å bli vanskeleg, men meir og meir nødvendig for kvar dag som går, seier 18-åringen.

Les også: Yngre politikarar vert mest utsette for hat og trugslar

Har allereie utretta det viktigaste

Sjølv trur Nori sjansane er små for at ho lyt ta permisjon frå skulebenken og heller iføre seg ordførarkjedet. Dersom ho går av med valsigeren hadde hø rømt til Island, spøker ho.

Men Nori har allereie gjort ein forskjell. På dei første vallistene var 18-åringen den einaste kvinnelege førstekandidaten i kommunen, no på dei endelege listene er ho ikkje lenger åleine.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den viktigaste sigeren har ho halt i land før valkampen i det heile har starta: Nori har vorte det føredømet ho sjølv mangla.

– Det er viktig for meg at vi får ei stemme i lokalpolitikken. Såleis har eg allereie klart det. Det kjem unge minoritetskvinner til meg og seier dei er glade for at eg representerer dei.

Artikkelen stod først publisert hjå Framtida.no.