Her streikar elevane i dag og dette er krava

Direkte: Ungdommene streiker og har samlet seg utenfor Stortinget.
Artikkelen fortsetter under annonsen

I dag står skulepultar tomme over heile landet. Elevane står heller framfor Storting, rådhus og kommunehus frå nord til sør. No skal ikkje politikarane lenger ignorere uroa og krava deira.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Førre veke streika det elevar i alle verdshjørner. Ifølgje Fridays for future streika kring 1,3 millionar elevar i over 120 land: Frå Bangladesh til Antarktis.

Også i dag melder Fridays for future at elevar i 68 land skal ta til gatene for å uttrykke si misnøye med klimainnsatsen til myndigheitene. Det er venta at mellom 15 og 20 000 norske skuleelevar skal delta, og det er varsla streik over 70 stadar rundt om i landet.

Elevane krev endring

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) kjem til å møte dei streikande elevane klokka 10 for å få overlevert hovudkrava om at:

Ingen fleire løyver til oljeleiting vert delte ut

Regjeringa kjem med kraftige klimatiltak for å sikre at global oppvarming ikkje stig over 1,5 grad.

Samstundes har dei streikane eigne krav til sine lokalpolitikarar. I Oslo vert hovudkrava supplert med krav om å kutte 55 prosent av norske utslepp innan 2030 (samanlikna med 2004-nivå), og å vie 65 milliardar kroner årleg til klimafinansiering i u-land.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kreftene bak streiken på nasjonalt nivå er Natur og Ungdom, Grøn Ungdom, medlem av Miljøagentane og nokre enkeltindivid. Samstundes har alle ungdomsparti uttrykt støtte til streiken, med unntak av Framstegspartiets Ungdom som har som sitt motto: «Vil du redde kloden, ver på skolen».

Her streikar elevar i dag (kartet var sist oppdatert torsdag kveld, fleire kan ha kome til):

«Sov som Erna – stå opp for klima»

Henny Holtedal fra den franske skolen i Oslo og andre streikende skoleelever er på plass utenfor Stortinget. Foto: Tom Hansen / NTB scanpix Foto: NTB scanpix
Henny Holtedal fra den franske skolen i Oslo og andre streikende skoleelever er på plass utenfor Stortinget. Foto: Tom Hansen / NTB scanpix Foto: NTB scanpix

Ei rekkje ungdomar har også tjuvstarta streiken. KFUK-KFUM og Changemaker inviterte til overnatting utanfor Stortinget natt til fredag.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Endå det eigentleg ikkje er lov til å sove i offentlege parkområder i hovudstaden, så har organisasjonane hatt tett dialog med politiet og skriv på Facebook at «når politikarane søv på Stortinget må vi få lov til å slumre litt i Spikersuppa».

Torsdag var det mellom 160 og 200 ungdomar påmelde, som alle var klare med soveposar og varme klede til natta, og på programmet stod både kakao, bollar, appellar og musikkinnslag.

Fredag står dei streikande opp med sola for å overlevere sine krav til stortingspolitikarane som er på veg til jobb.

Streikar du for klimaet i dag? Send Framtida.no bilete av parolen din på tips @ framtida.no, eller bruk emneknaggen # skulestreikforframtida på sosiale media.

(Artikkelen er først publisrt av Framtida.no)