Jenta som ville hjelpe

Artikkelen fortsetter under annonsen

Emilie Hansen (18) sette nesten alt til side då ho bestemte seg for å bli venn med ungdommane på asylmottaket i heimbyen. Sjølv om det til slutt endte med bekymringar og vonde avskjedar, ville ho gjort det igjen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I mars i 2016 opna eit mottak for einslege mindreårige asylsøkarar i Fosnavåg. Då bestemte Emilie Hansen på 16 seg for at ho skulle bli kompis med dei dei nye naboane.

Litt på trass, fordi medelevar hadde snakka om dei nye bebuarane som kriminelle og terroristar, og ho ville vise at dei tok feil. Men aller mest fordi ho ville hjelpe og vere ein som ønskte velkommen.

Fakta:

UDI melder om at 467 barn har rømt frå norske asylmottak mellom september 2016 og september 2017. 269 av desse barna er i dag fortsatt forsvunne.

I ein ny rapport frå Flyktninghjelpa, svarer 72 prosent av afghanarane som har returnert etter å ha levd som flyktning i eit anna land, at dei har vorte drivne på flukt to gonger. Mange fortel at dei har vorte tvinga på flukt opptil tre gonger etter at dei returnerte til Afghanistan.

– Eg visste at det var unge på min eigen alder som hadde det vanskeleg. Eg ønskte å bidra med det eg kunne for at tida dei hadde her kunne bli bedre. Få dei til å smile og gjere kjekke ting. Vere kompis, seier ho.

Les også: Bekymra for unge asylsøkarar som forsvinn

Ho har alltid engasjert seg og levd seg inn i andre sine vanskar. Men fram til då hadde ho vore ein ganske vanleg ungdom i Fosnavåg. Kvardagane gjekk med til skole, jobb, lekser, trening og å henge med vener. Dei neste månadane vart annleis.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Troppa opp på kyrkjetunet mutters aleine

Ein fredagskveld for snart to år sidan troppa ho mutters aleine opp på kyrkjetunet i Fosnavåg. Ho hadde funne ut at dei som budde på mottaket stort sett var gutar frå Afghanistan. Og dei brukte å henge i kjellarstova i kyrkja på fredagskveldane. Ho hadde aldri vore der før, og visste ikkje akkurat kor ho kunne treffe dei.

Emilie Hansen lurte litt på om det var ein god idè, då ho ikkje ein gong visst kor ho skulle møte opp. Foto: privat
Emilie Hansen lurte litt på om det var ein god idè, då ho ikkje ein gong visst kor ho skulle møte opp. Foto: privat

Medan ho sto der og lurte på om det heile eigentleg var ein god idé, så kom det ein gjeng med høge mørkhåra gutar gåande. Ho smila, dei peika på døra til kyrkjestova, og ho vart med inn og spela biljard og bordtennis. Det var starten på månader med gode vennskap.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I starten var det mykje peiking og miming. Etterkvart lærte både dei betre norsk og engelsk, og ho lærte litt av deira språk, Dari og Pashto. Og då ho vart bedd med på fotball, så sa ho «såklart», sjølv om ho eigentleg ikkje likar å spele fotball. Det som var viktig var at det var ein arena for å bli kjent. Det vart mange timar på fotballbana.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mottaket vart ein andre heim

Etterkvart vart ho bedt på besøk på mottaket. «Vil du komme og drikke te», spurte dei. Og så vart det normalen, å henge der.

– Det er noko eg tullar med dei norske vennene mine om, ler ho. Tenåringar flest kallar treningssenteret for sin andre heim. Mottaket vart min.

Ho fortel at ho vart veldig glad av å vere på mottaket. Av musikken, den gode lukta av krydder og ris, av maten og latteren.

– Alt var veldig ekte der. Det var ingen som lata som dei var glade, det var ekte glede, noko som var veldig deilig, seier ho.

Ho fortel at dei brukte å sitte ute på trappa til mottaket når åpninga for fellesbesøket var stengt.

– Så vart dei med meg ut og drakk te på natta. Til etter solnedgang på ramadan. Då brukte eg å ha med sjokolade eller noko lite til den perioden dei kunne ete.

Emilie Hansen og kompisane på asylmottaket. Foto: Christina Krogh Sande
Emilie Hansen og kompisane på asylmottaket. Foto: Christina Krogh Sande

Ho hang med dei minst éin gong i veka, men ofte meir. Prøvde å inkludere dei om ho skulle ha noko sosialt heime. Etter kvart vart også nokre av dei norske vennene hennar kjente med kompisane hennar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Da det første avslaget kom

Lenge hadde det vore i lufta at fleire venta på svar frå UDI.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Men eg såg ikkje på det som reell fare for negativt svar på asylsøknaden. Fordi eg visste historiane deira. Og at det var farleg for dei heime.

Da det første avslaget på asyl kom hausten 2016, viste det seg å vere hennar beste kompis.

Aksjon utanfor Stortinget. Foto: Privat
Aksjon utanfor Stortinget. Foto: Privat

– Det er den verste kjensla eg har kjent. Som om nokon slo meg kjempehardt i magen, seier ho. Eg var redd for at bestevennen min skulle bli drept.

Frå og med den dagen vakna kampvilja til Emilie.

Ho var heilt blank på kva ho kunne gjere, men sette i gang. Ho søkte etter hjelpeorganisasjonar på nettet, fekk kontakt med styraren i Refugees Welcome to Norway, og fekk der kontakt med ein som hadde kjennskap til situasjonen i Afghanistan. «Det skadar aldri å bry seg», fekk ho høyre. Det tok ho med seg vidare.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Sju av ti afghanarar som blir returnerte, må flykte vidare

Lesarinnlegg, underskriftar og fakkeltog

Ho skreiv lesarinnlegg, starta underskriftskampanje, fekk hjelp av dei norske vennene sine til å henge opp plakatar på skolen og rundt i byen. Lagde ei protest-gruppe på facebook. Ho prøvde å spreie merksemd rundt saka, og stilte opp til intervju i fleire lokalaviser.

Frå fakkeltoget, med Emilie Hansen i spissen. Foto: Maria Utseth Stave

Og så arrangerte ho fakkeltog, i samarbeid med tre vaksne damer. I forkant av fakkeltoget var det fleire media som stilte opp, og det kom 200-300 stykker og deltok i toget. Det kom folk frå asylmottaka i nærleiken. Ho fekk dei norske vennene sine til å stille i refleksvest og å samle inn underskrifter.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Kvar er humaniteten, Noreg?

Ei tid med veksande uro

Etter det beskriv ho det som at det berre gjekk nedover. Engasjementet frå andre dabba sakte av, og situasjonen på mottaket vart verre.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det kom ei tid med veksande uro. Nokre fekk panikkanfall på natta. Nokre hamna på sjukehus. Nokre dreiv med sjølvskading. Fleire snakka om sjølvmord, og såg ikkje lengre vitsen med dette livet.

Ho måtte stadig prøve å overbevise ein venn om at det var verdt å halde ut. Og prøvde å halde motet oppe.

– Personar eg tidlegare hadde sett var veldig glade og fulle av håp, og å sjå at håpet og gleda forsvinn, det var veldig ekkelt, seier ho.

Les også: Eg prøver å sove mykje. Om natta er eg berre redd.

Rømte til Frankrike, Spania, Italia og Tyskland

Etter kvart rømte mange av vennene hennar frå mottaket. Dei ville ikkje bli heimsendte. Og sommaren 2017 vart mottaket nedlagt. Dei som var igjen vart flytta til andre mottak. Seinare har ho fått kontakt med dei som flykta og veit koss dei fleste har det. Dei er spreidde i Frankrike, Spania, Italia og Tyskland. Berre nokre få er igjen i Noreg, og ein er sendt til Kabul.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho synst det er rart å tenke på at det snart har gått eit år sidan alt skjedde. No går ho siste året på vidaregåande, og prøver å konsentrere seg om det.

Ville du gjort det om du visste kor vanskeleg det ville bli?

– Ja, eg ville ha gjort det igjen. Utan tvil. Det var veldig vondt, spesielt når den eine etter andre måtte flykte og eg stod der heil makteslaus. Eg kunne ikkje gjere noko for å hjelpe anna enn å seie lykke til. Og å oppleve at all innsatsen ikkje gjorde nokon forskjell. Det var det vondaste. At eg mista så mange.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men ho fortel òg om mange gode minne.

– Eg minnast mykje glede, smil, og mange små kulturkrasj som vi tulla med seinare, ler ho.

Vil bruke livet på å engasjere seg

– Det er noko eg er veldig glad for at skjedde. Og spesielt at dei lot meg bli ven med dei. At dei ikkje tenkte ååh der kjem det ei norsk jente, ho kan ikkje spele biljard eller bordtennis eller fotball eller noko. At dei ville lære meg. At dei lét meg bli venn.

Artikkelen fortsetter under annonsen

På grunn av denne tida har Emilie Hansen funne ut at ho vil bruke livet sitt til å engasjere seg på fulltid. I Amnesty, Redd Barna, eller jobbe i flyktningleir. Ho fortel at ho fjor haust var ungdomsambassadør for Redd Barna.

– Eg kjem nok til å fortsette å skrive, halde appellar, delta i demonstrasjonar. Det er dette eg har lyst til å gjere. Eg har lyst til å føle at eg har vore med på å ha gjort verda litt betre, litt meir rettferdig, litt varmare. Om eg har gjort det, så skal eg vere nøgd i livet, seier ho.

(Artikkelen er først publisert i Framtida)