Frp søkjer muslimsk kvinne til reklamefilm – Hadia stiller opp

Stortingsrepresentant og nestleiar i Ap, Hadia Tajik, stiller opp som muslimsk kvinne i reklamefilm for Frp - om ho får replikkar. (Foto: Bernt Sønvinsen / Ap / CC BY-ND)
Stortingsrepresentant og nestleiar i Ap, Hadia Tajik, stiller opp som muslimsk kvinne i reklamefilm for Frp - om ho får replikkar. (Foto: Bernt Sønvinsen / Ap / CC BY-ND)

«Eg er ledig. Pengene vert donert til antirasistisk arbeid.»

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Frp er i full gang med førebuingane til valkampen, og har denne veka leita etter «en muslimsk kvinne i alderen 30-45 til en reklamefilm». «Scenene man skal være med i er i en butikk, hvor man skal være kunde. Ingen replikker», står det vidare i annonsen Frp har lagt ut på statist.no.

Opptaka skulle etter planen føregå torsdag 22. juni, men annonsen vekte først merksemd i dag då Eivind Trædal frå Miljøpartiet dei Grøne delte han på Twitter og Facebook med kommentaren «wtf»:

Fra Eivind Trædals Twitter-konto.
Fra Eivind Trædals Twitter-konto.

Ap-politikar Hadia Tajik, som fyller spesfikasjonane til religion, kjønn og alder, kasta seg raskt over saka og stilte seg til disposisjon for rolla – på nokre vilkår. Ho meinte det måtte venta til etter Eid, då muslimane markerer slutten på fastemånaden ramadan:

Fra Hadia Tajiks Twitter-konto
Fra Hadia Tajiks Twitter-konto

Meldinga blei godt tatt imot på den sosiale nettstaden. «Hadia for President», «Drømmestatsministeremne» og «Herlig!» var nokre av kommentarane som rann inn.

« Eid. I dobbel forstand», skreiv Twitter-brukaren Gunnar Vidnes.

Ifølgje Filter Nyheter , som har fått ein kommentar frå marknadssjef Helge Fossum i Frp, skal filmen handla om at partiet vil forby bruk av burka og nikab i det offentlege rommet.

Fossum uttalar også at Tajik er hjarteleg velkomen til å debattera temaet i ein film med Frp om ho ønskjer det.

Les også:

Jensen tvilar på menneskjeskapte klimaendringar

– Det er så hårreisande

Denne saken ble først publisert hos Framtida.no