Får kritikk for å samanlikna tvangssamanslåing med valdtekt

– Me ønskte å formidla dette med ein sprek vri, men eg ser at fleire har tolka han langt meir alvorleg enn me gjorde, seier Ada Johanna Arnstad til Framtida.no. Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet
– Me ønskte å formidla dette med ein sprek vri, men eg ser at fleire har tolka han langt meir alvorleg enn me gjorde, seier Ada Johanna Arnstad til Framtida.no. Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet
Artikkelen fortsetter under annonsen

Senterungdommen: – Ikkje vår intensjon å bagatellisera valdtekt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Onsdag la regjeringa og samarbeidspartia KrF og Venstre fram ein avtale der talet på kommunar blir slanka til 358 frå 428 i dag. 13 av kommunane blir slått saman mot viljen sin.

Senterungdommen reagerer kraftig på dette, og la ut dette bildet på Facebook med tydeleg beskjed:

«Sammenslåing av kommuner og fylker er som sex - det skal være frivillig! NEI TIL TVANG!»

– Smaklaust

Facebook-posten har fått fleire sterke reaksjonar:

– Dette er ein smaklaus samanlikning. Valdtekt og ufrivillig sex er noko ganske anna enn at Stortinget seier at fleire kommunar skal bli til eitt! Det er i grunnen ikkje anna enn det Stortinget gjer kvar einaste dag – lage lovar, regler og inndelingar som den nasjonale forsamlinga «tvingar» saman, skriv stortingsrepresentant Sivert Bjørnstad (Frp) (bildet).

– Ikkje meininga å bagatellisera valdtekt

Ada Johanna Arnstad, leiar i Senterungdommen, svarar slik på kritikken:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Poenget med posten var å understreka at prinsippet om frivilligheit er viktig. Me synest det er veldig alvorleg at regjeringa med Venstre og KrF overkøyrer folket lokalt når dei har teke ei avgjerd om nei til samanslåing i kommunen sin eller fylket sitt. Me ønskte å formidla dette med ein sprek vri, men eg ser at fleire har tolka han langt meir alvorleg enn me gjorde.

– Det har ikkje vore intensjonen vår å fornærma nokon eller bagatellisera valdtekt. Me meiner sjølvsagt ikkje at tvangssamanslåing av kommunar kan samanliknast med valdtekt! skriv Arnstad i ein epost til Framtida.no.

Ho lovar samstundes at Senterungdomen skal kjempa for at tvangsamanslåingar av fylke og kommunar blir reversert viss dei får regjeringsmakt.

Les også: Er samanslåing dårleg for miljøet?