Donald overtar dronane

Donald Trump tar over et enormt dronearsenal etter Barack Obama.
Donald Trump tar over et enormt dronearsenal etter Barack Obama.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Obama har sett i verk ti gonger så mange droneåtak som forgjengaren Bush. Kva skjer når Trump får spakane?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Med Barack Obama som president har USA utført 563 åtak med væpna dronar, ti gonger fleire enn då George W. Bush styrte landet (2001-2008). Det melder The Beaureau of Investigative Journalism i forkant av at fredsprisvinnaren Obama overlèt Det kvite huset til sin etterfølgjar.

Under Obama har krigføringa med dronar ikkje berre auka i omfang, men også blitt normalisert og sett i system. Dette kjem til å bli ståande som ein varig arv etter Obama , meiner mellom andre Micah Zenko i tankesmia Council of Foreign Relations, skriv Framtida.

Denne arven skal Donald Trump no forvalte.

Sivile tap

– Dronekrigen har drepe tusenvis av menneske, og dronane har mogleggjort ein heilt ny måte å utøve vald på, seier forskar Kristin Bergtora Sandvik. Ho er førsteamanuensis ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi ved Universitetet i Oslo og tilknytt Fredsforskingsinstituttet (PRIO).

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjølv om dronane blir hylla for å vere kirurgisk presise, er det også dokumentert at dei mange gonger har treft sivile. Uavhengige granskarar reknar med at opp mot 800 sivile (inkludert 200 barn) kan ha blitt drepne i droneåtaka – eit langt høgare tal enn dei mellom 64 og 114 som Obama sjølv har gått ut med.

I tillegg reknar ein med at rundt 2.500 terroristar har blitt drepne.

Bakkemannskap lastar ei Predator-drone med ei Hellfire-missil. Foto: Det amerikanske forsvaret / Wikimedia Commons
Bakkemannskap lastar ei Predator-drone med ei Hellfire-missil. Foto: Det amerikanske forsvaret / Wikimedia Commons

Sandvik peikar på både politiske og teknologiske årsaker til at droneåtaka, som starta under president Bush etter terroren 11. september, har auka under Obama: Utviklinga av væpna dronar gjorde det i praksis mogleg å avretta terrormistenkte frå avstand heller enn å ta dei til krigsfangar til Guantanamo-basen, som Obama lova å stengje.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Etter at ein først monterte eit Hellfire-missil på ein Predator-drone i 2002, så opna det seg nye moglegheiter. Dei første åra var Predator-dronane tunge og klumpete, men etter kvart har både teknologien og apparatet for bruk av væpna dronar blitt mykje meir effektivt, seier Sandvik.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Målretta drap

Menneskerettsorganisasjonar som Human Rights Watch har kritisert USA for å avrette mistenkte utan lov og dom, og ofte på tynt etterretningsgrunnlag.

Det er mellom anna kjend at personar har blitt blinka ut som dronemål og hamna på dei såkalla drapslistene («kill lists») basert på eit observert åtferdsmønster, utan at ein i det heile tatt veit kven dei er («signature strikes»).

– Så lenge ein er stridande i krig, så er ein eit legitimt mål. Problemet med drapslistene er at ein har gått etter folk som har blitt identifisert som stridande, men der det er tvil om dei er sivile eller ikkje. Er det krig, er det greitt med sivile tap, viss det er proporsjonalt med den militær vinninga. Men i fred er det menneskerettar som gjeld, og då er det ikkje noko som heiter proporsjonale sivile tap, seier Sandvik.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho peikar på at USA under dekke av å vere i sjølvforsvar mot terrororganisasjonar som Al Qaida har utretta droneåtak også utover områda der dei driv konvensjonell krigføring.

– Det strukturelle problemet med dronar er at dei har mogleggjort ei global slagmark, og gjort det politisk spiseleg og ønskjeleg å strekkje krigsomgrepet veldig.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Frå kontrollrommet til ei Predator-drone. Foto: Det amerikanske forsvaret / Wikimedia Commons
Frå kontrollrommet til ei Predator-drone. Foto: Det amerikanske forsvaret / Wikimedia Commons

Trass i mykje kritikk frå menneskerettsmiljøet, trur Sandvik at dei fleste no har godtatt væpna dronar som ein del av det militære verkemiddelapparatet. Ho meiner at ein del av prinsipielle motstanden har stilna i løpet av dei siste åra, særleg som ein følgje av krigen mot terrororganisjonen Islamsk stat (IS).

– IS er fiendar av det irakiske folket, det syriske folket, jesidiane; dei er fiendar av den liberale rettsstaten og alt det me trur på. IS er ein fiende me ikkje har sett i den vestlege verda sidan Hitler, seier ho, og peikar på at det har breidd seg ei haldning om at alle midlar må kunna takast i bruk for å få bukt med IS.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg trur det er veldig få av oss som vil synast at det er trist å få ei liste over kor mange IS-kommandantar som er blitt tatt av ei drone.

Øvstkommanderande Trump

I desse dagar er mange likevel uroa over korleis Donald Trump vil handskast med alle maktmidla han får til rådvelde som øvstkommanderande for det amerikanske forsvaret. Fredag 20. januar blir den fritalande og politisk urøynde republikanaren tatt i eid som president.

Avisa The Independent skreiv før presidentvalet at droneåtaka gir Trump det perfekte våpenet til å « ta ut familien til terroristane », slik han sa under valkampen at ein måtte gjere. Seinare, i november, skreiv The Guardian at Obama ikkje ville stramma inn på regelverket som styrer droneoperasjonane før han gav frå seg nøklane til Det ovale kontoret.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Uroa er at grensene Obama-administrasjonen har trekt opp for seg sjølv kan feiast vekk av den neste administrasjonen. I denne samanhengen har Obama tatt til seg ei makt som kjem til å bli misbrukt, seier menneskerettsadvokat Jameel Jaffer til Democracy Now.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forskar Kristin Bergtora Sandvik meiner på si side ikkje det er grunn til å tru at det vil skje store endringar i den amerikanske dronekrigføringa med Trump bak spakane.

– Eg oppfattar at det finst folk i administrasjonen hans som kan setja på bremseklossar med tanke på kva han eigentleg kan få gjort, seier ho, og peikar på at mange av folka rundt Trump like gjerne kunne ha vore med i tidlegare republikanske regjeringar.

Sjølv om han ikkje får hendene på dronespakane, trur Sandvik at Trump kan skape trøbbel nok med snakketøyet sitt.

– Eg trur at Trump kan gjere mest skade i den verda der snakking tyder noko. Han sjølv snakkar seg inn i problem med Kina, han snakkar opp rasespenningar, og han snakkar mykje smerte inn i verda for kvinner.

Les meir om den nye Trump-regjeringa: Skrekk-kabinettet

Obama har støytt frå seg mange tilhengarar med sin dronekrig. Les vår artikkel om artisten Anohni, som har protestert kraftfullt gjennom musikken sin

Saken ble først publisert hos Framtida