– Håpar desperat at det ikkje blir Hillary

Republikanar Austin Rasmussen skulle helst sett at Rand Paul vart republikanarane sin presidentkandidat. Se video.
Artikkelen fortsetter under annonsen

… men republikanske Austin Rasmussen har ikkje bestemt seg for kven han skal stemma på.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg vurderer faktisk å stemma på Gary Johnson frå det liberalistiske partiet, avslører Austin Rasmussen.

Amerikanaren har fylt ut alle detaljane på valskjemaet som skal sendast elektronisk til sitt valdistrikt – unntatt kandidaten.

For 28-åringen, som er kommunikasjonsansvarleg i Republicans Abroad Norway, handlar det om å anten stemma for sine eigne prinsipp, eller stemma mot Hillary Clinton.

– Eg vil ikkje gå så langt som å seia at eg håpar på Trump, men eg håpar desperat at det ikkje blir Hillary, seier Rasmussen, som trur at det amerikanske systemet kunne hatt godt av fleire reelle alternativ enn dei to store partia.

Les om utfordrarane Gary Johnson og Jill stein her

Alaska, Arizona og New Mexico

Rasmussen vaks opp i Alaska og Arizona, som primært er konservative republikanske statar.

– Eg vil ikkje kalla meg konservativ. Eg er ein klassisk liberal. I primærvala var mitt førsteval Rand Paul, seier Rasmussen, som etter berre to år i Noreg har engasjert seg politisk i det norske minipartiet Liberalistene.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Etter at han flytta til New Mexico for å studera statsvitskap, fekk han jobb i det republikanske partiet. Denne sørvestlege staten er oftast demokratisk, men kan vippa. Rasmussen fortel at dei største byane er demokratiske, men at folk i områda rundt gjerne stemmer republikansk. New Mexico har ein stor latinamerikansk befolkning og er dessutan heimen til den liberalistiske kandidaten Gary Johnson.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Politikk har vore ein naturleg del av livet mitt sidan eg var 13 år, forklarar Rasmussen.

Dette til tross for at det i foreldra si oppseding var eit viktig poeng å la borna gjera opp si eiga meining både når det gjeld politikk og livssyn.

(Artikkelen fortsetter under)

SE VIDEO: Donald Trumps svar på valgkampens viktigste spørsmål:

Les også: Tidenes mest unormale valgkamp er snart over

11. september

Når 28-åringen skal forklara korleis det politiske engasjementet vert vekt, trekk han fram terroråtaka 11. september.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Då det skjedde fann eg ein haug med notisbøker og sette meg ned framfor tv-en. Eg fylte opp bøkene med notat. På den tida gjekk eg på ein kunstaktig skule, der det ikkje var typisk å vera konservativ eller republikanar. Eg prøvde å finna meg sjølv, seier Rasmussen, og legg til:

– Om du spør korleis eg kom fram til ståstaden min, så kom eg fram til det sjølv.

– Har du nokre vener som er demokratar?

– Ja, mange. Nokre som eg har mykje respekt for både personleg og politisk. Og andre som eg respekterer som folk, men ikkje deira politiske syn, fordi dei ikkje har noko hald for det, svarar Rasmussen.

– Eg diskuterer politikk med vener som er ueinig med meg, nesten på dagleg basis.

Les også: Ingen klima-Trump

(Artikkelen fortsetter under)

SE VIDEO: Trump blandet 9/11 og 7-Eleven:

«Kva synest du om Trump?»

Foto: NTB Scanpix/EPA
Foto: NTB Scanpix/EPA

– Eg vil gå så langt som å seia at mange nordmenn truleg har ei betre forståing av amerikansk politikk, enn mange amerikanarar. Men å ha ei forståing av det som skjer no, er heilt forskjellig frå å faktisk forstå korleis det amerikanske systemet verkar frå innsida, seier Rasmussen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Han trur at mange nordmenn ikkje veit at amerikanarar ikkje stemmer direkte på presidenten, men stemmer fram kandidatar som stemmer på presidenten. Systemet heiter eit valkollegium og betyr at kvar stat har eit visst tal representantar, som stemmer på den kandidaten som vann staten.

I samband med valkampen får han ofte spørsmål om kva han syns om Trump og korleis Amerika har fått ein slik kandidat.

– Trump var ikkje mitt førsteval under primærvala. Han var ikkje ein gong mitt andre- eller tredjeval. Men det folk må forstå er at det ikkje er Trump som er årsaka til splittinga i det republikanske partiet. Han er eit resultat av ei splitting som har eksistert i nesten ti år. Eg trur at me har nokre republikanarar i kjernen, som er lei av ulovleg immigrasjon og slike saker. Så har du dei som er så dritlei av establishment at dei er klare for å stemma det ned, uansett om det er republikansk eller demokratisk. Du har mange som ikkje ein gong likar Trump, men stemmer på han fordi han signaliserer ein slutt på status quo. Dei veit at det provoserer elitane i akademia og media. Mange amerikanarar er lei av å verta fortalt kva dei skal tenkja, framfor å få informasjonen og gjera seg opp ei meining, seier Rasmussen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: – Derfor stemmer «sinte, hvite menn» på Trump

– Lett for norsk media å velja side

Republikanaren meiner at norsk media generelt favoriserer Hillary Clinton og forklarer dette med at Noreg tilsynelatande har ein forkjærleik for Clinton-dynastiet, som går fleire tiår tilbake i tid.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Når du har nokon så taktlaus som Trump i opposisjon, så har det gjort det lett for norsk media å velja ei side, seier Rasmussen, som legg til at graden varierer frå media til media.

Sjølv føretrekk han alternative kjelder som Zero Hedge og Drudge Report.

– Eg føretrekk kjelder som gjev deg rå informasjon, utan nokon vinkel. Slik at eg kan lesa akkurat kva som skjer og analysera sjølv. Men ein må fylla inn hola med ting som BBC , CNN på venstresida og Breitbart og Fox News på høgresida. Eg leser begge sider fordi eg synest det er viktig å veta kva alle sider tenkjer om ei sak, seier Rasmussen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fram mot valet håpar han at media held fram med å favorisera Clinton og frustrera kjerneveljarane i det republikanske partiet og dei som vert kalla den stille majoriteten.

Han peikar på at meiningsmålingar av folk som sit heime og svarar telefonen, ikkje er det same som faktiske stemmer.

Les også: Kunne pressa stoppa Trump?

Skittkasting

Rasmussen er forsiktig med å spå kva valresultatet vert, fordi ny informasjon kan endra situasjonen på eit blunk. Han peiker på at FBI har opna opp att etterforskinga av Clinton og avsløringane om at demokraten Donna Brazile lekte debattspørsmål til Clinton-kampanjen.

– Det bekreftar heile inntrykket av at det var ei samansverjing mot Bernie Sanders. Det verkar som om det er ein ny skandale frå Hilary Clinton kvar einaste dag, men dette er to store. Mitt første inntrykk var at valet er over, og at Trump vil vinna, seier Rasmussen, som likevel ikkje er sikker.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Me såg at dei 11 år gamle opptaka av Trump var ei planlagt frigjeving for å ta Trump, og me veit ikkje om dei har noko anna planlagt før valet.

– Og kva tenkjer du om desse utsegna?

– Eg bryr meg verkeleg ikkje. Når det kjem bevis for at han har begått ei kriminell handling, så sikt han for det. Eg unnskyldar ikkje det han sa, eg synest det er hårreisande. Det var ein idiotisk ting å seia, men faktum er at alle i verda har hatt ein privat samtale, som dei hadde blitt flaue om kom ut i offentlegheita.

Sjølv om Rasmussen meiner utsegna er både dumme og arrogante, meiner han at «Hillarys actions speaks louder than Trumps words».

Les også: Dette kan skape kaos på valgdagen i USA

«Stem på meg, fordi eg ikkje er den andre»

– Dette valet er definitivt meir barnsleg. Hanskane er av. Ingen held tilbake og dei slår dei hardaste slaga og prøver å grava opp den verste driten dei kan finne. Det verkar som om ein har mista all etikette. Eg seier ikkje at det er galt, men at det er slik det er, seier han.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rasmussen likar ikkje utviklinga der politikken handlar meir om å snakka ned motstandaren, framfor å selja seg sjølv og sin politikk.

– Eg såg på debattane og tenkte at begge kandidatane like gjerne sagt: «Stem på meg, fordi eg ikkje er den andre,» ler Rasmussen.

Les også: Demokraten Jeff gjev republikanarane skulda for eit meir splitta USA