Her er partileiarane arrestert av politiet

Nasjonal talsperson for Grøn Ungdom Lage Nøst, generalsekretær i Raud Ungdom Anja Ariel og nestleiar i Natur og Ungdom i Sogn og Fjordane Ingvild Reed blir ført vekk i ein politibil. Foto: Grønn Ungdom/Twitter
Nasjonal talsperson for Grøn Ungdom Lage Nøst, generalsekretær i Raud Ungdom Anja Ariel og nestleiar i Natur og Ungdom i Sogn og Fjordane Ingvild Reed blir ført vekk i ein politibil. Foto: Grønn Ungdom/Twitter
Artikkelen fortsetter under annonsen

Åtte aksjonistar, mellom dei tre ungdomspartileiarar, er arresterte etter aksjonar mot gruvedeponi i Førdefjorden.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Politiet gav aksjonistane ti minuttar på å fjerna seg. Me blei, skriv nasjonal talsperson for Grøn Ungdom, Lage Nøst, i ei melding på Twitter like etter klokka 1730.

Då blei han og leiarane i Sosialistisk Ungdom og Raud Ungdom og fem andre aksjonistar køyrt vekk frå aksjonen på Engebøfjellet ved Førdefjorden.

Tidlegare i dag lenkja dei seg fast til anleggsmaskinene til Nordic Mining, i protest mot prøveboringar i Engebøfjellet. Fjellet er blant dei som har mest rutil i heile verda, eit råstoff til titan.

Bakgrunn: Vi sitter her helt til politiet bærer oss bort

Over 30 bøtlagde

Til saman har over 30 aksjonistar blitt fjerna sidan sist veke, då Natur og Ungdom starta aksjonane.

Politiet i Sogn og Fjordane seier at dei gjer det som må til for at prøveboringane skal kunne gjennomførast.

– Eg meiner sivil ulydigheit må vera ei legitim aksjonsform som ein siste utveg når politikken heng etter, sa Lage Nøst til Framtida.no medan han venta på politiet tidlegare i dag, onsdag.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Større bøter enn venta for aksjonistane

FpU: – Strenge miljøkrav

Atle Simonsen, formann i FpU, skriv i eit lesarbrev på Framtida.no kvifor ikkje han aksjonerer mot gruveprosjektet ved Førdefjorden og viser mellom anna til at Miljødirektoratet har gjeve løyve til sjødeponi.

– Frp har vore positive til Engebøprosjektet i Førdefjorden. Sogn og Fjordane slit med å få ungdom til å etablera seg i fylket, fordi vi manglar arbeidsplassar. Engebøprosjektet betyr 300 nye industriarbeidsplassar i Sunnfjord, og 500 nasjonale arbeidsplassar. Konsesjonen har dei strengaste miljøkrava og overvakingskrava i verda, skriv han.