Dale blir yngste mannlege statsråd nokon gong

Jon Georg Dale (Frp) etter et ekstraordinært statsråd på Slottet onsdag morgen.
Jon Georg Dale (Frp) etter et ekstraordinært statsråd på Slottet onsdag morgen. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter under annonsen

31 år gamle Jon Georg Dale frå Framstegspartiet blir den yngste landbruksministeren nokon sinne.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Klokka 09.44 kom dei nye statsrådane i Solberg-regjeringa ut på Slottsplassen. Blant dei er 31 år gamle Jon Georg Dale frå Framstegspartiet. Han kjem frå jobben som statssekretær i Finansdepartementet.

Sunnmøringen er den yngste landbruksministeren nokon sinne. Han er òg den yngste mannlege og yngste borgarlege statsråden nokon gong.

Berre Hadia Tajik, Sissel Rønbeck og Sylvia Brustad frå Arbeidarpartiet har vore yngre då dei møtte ved Kongens bord første gong.

Knut Arild Hareide var nokre månader eldre enn Dale då han blei miljøvernminister i Bondevik II-regjeringa.

LES OGSÅ: Erna gratulerer den yngste ordføraren i landet

Odelsgut

Jon Georg Dale blei valt inn i kommunestyret i Volda i 2003. Då var han 18 år gammal. Dale har vore både gruppeleiar for Frp i Volda og fylkestingsmedlem.

Han har fagbrev i kjøtskjering, og er odelsgut på Dale i Dalsfjorden, ifølgje Møre-Nytt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Som yngste statsråd vil Jon Georg Dale få oppgåva med å lesa opp rikets tilstand på nynorsk når Stortinget opnar neste gong i oktober 2016.

QUIZ: Kva veit du om Framstegspartiet?

Her er dei nye statsrådane:

Jon Georg Dale (31) frå Volda og Frp er blitt landbruksminister.

Per Sandberg (55) frå Skogn og Frp er blitt fiskeriminister.

Elisabeth Aspaker (53) frå Harstad og Høgre er blitt europaminister.

Vidar Helgesen (47) frå Bodø og Høgre har blitt klimaminister.

Anniken Hauglie (43) frå Oslo og Høgre blir arbeids- og sosialminister.

Sylvi Listhaug (37) frå Ørskog og Frp blir innvandrings- og integreringsminister.

Linda Hofstad Helleland (38) frå Klæbu og Høgre blir ny kulturminister.

LES OGSÅ: Gjer endringar i regjeringa