Fleire tusen i tog for sjukehuset sitt

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tusenvis trassa hagl og kuling for å gi klar beskjed til helseminister Bent Høie (H).

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forslaget om å leggja ned akuttkirurgien ved sjukehusa i Narvik, Lofoten, Volda, Stord og Flekkefjord set sinna i kok i lokalsamfunna det gjeld.

Søndag ettermiddag var kring tre tusen i fakkeltog på Stord.

– Me skal vinna denne kampen. Beskjeden til Høie er: slutt og leik med tryggleiken til folk, helse og liv, seier Rune Rafdal, konsertillitsvalt for Kværner, som har sitt største verft på Stord.

LES SAKA: Fem sjukehus kan mista akuttfunksjonar

– Sjukehus er ikkje som eit verft

Stord-ordførar Harry Herstad (Ap) åtvara dei frammøtte mot sentraliseringsvinden som han meiner går over landet.

– Bodskapen i denne vinden, den roper til politikarane at det er lurt å organisera offentlege tenester akkurat slik som bygginga av plattformer og bilar. Desse tankane har forureina offentleg tenking av korleis for eksempel organiseringa av helsetenester skal utformast. Og det ligg i forlenginga av dette at sjukehus skal sentraliserast for å spara pengar. Etter mitt syn er det ikkje brukande, seier Herstad.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

På 90-talet hadde han jobb som fylkesrådmann i Hordaland, den gongen fylkeskommunen sjølv hadde ansvar for sjukehusa.

– Ein kan ikkje styra mjuke verdiar, omsorg, rehabilitering og operasjonar gjennom konsernstyring og forretningsmessig drift. Derfor må me stoppa dette, seier Harry Herstad.

LES OGSÅ: Fleire innlagt når sjukehuset er nært

Stord-ordførar Harry Herstad (Ap) og Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll (H) er uroa for sjukehuset på øya.
Stord-ordførar Harry Herstad (Ap) og Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll (H) er uroa for sjukehuset på øya.

Redd for fødeavdelinga

Bodo Günther, overlege ved Stord sjukehus, er sjølv trebarnsfar. Alle borna er fødd på Stord sjukehus. To av dei med keisarsnitt, og éin av dei med hastekeisarsnitt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg skal har blitt operert akutt på Stord. Me veit at sjukehuset leverer god kvalitet. Allereie for ti år sidan gav me nokre funksjonar frå oss ved sentralisering.

– Det er eit veldig travelt sjukehus i dag. Alle senger er opptatt. I motsetning til dei store sjukehusa, så driv me svært effektivt. Me har ikkje rekrutteringsvanksar som helseministeren viser til, men på grunn av uro rundt sjukehuset, så har me mista fleire gode kollegaer dei siste åra.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Viss akuttkirurgien forsvinn, så er det 100 prosent sikkert at fødeavdelinga òg forsvinn. Det vågar sjølvsagt ikkje helseministeren å seia noko om. Me treng eit sjukehus og ikkje eit distriktsmedisinsk senter, slår overlegen fast.

Han seier at han forventar at Stord sjukehus blir stroke frå lista over sjukehus som kan mista akuttkirurgien.

– Det finst ikkje eit einaste godt argument for å leggja ned akuttkirurgi ved Stord sjukehus, korkje økonomisk eller fagleg.

LES OGSÅ: Senterpartiet yppar til helseduell

Emma Pedersen, Johanne Malene Ekeland Valvatne, Marie K. Bruntveit og Anna Sofie Ekeland Valvatne i Stord ungdomsråd er uroa for Stord sjukehus.
Emma Pedersen, Johanne Malene Ekeland Valvatne, Marie K. Bruntveit og Anna Sofie Ekeland Valvatne i Stord ungdomsråd er uroa for Stord sjukehus.

– Ikkje avgjort

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) meiner engasjementet for lokalsjukehusa er bra.

– Dette viser at befolkninga på Stord er engasjerte i sjukehuset sitt, og at det betyr mykje. Eg skjønnar samstundes at mange kan bli engstelege når dei høyrer debatten om lokalsjukehusa. Men mitt mål er ikkje å svekkja dei små sjukehusa, men å styrkja dei. Eg ønskjer at dei skal gjera meir, ikkje mindre. Og alle skal kunna busetja seg der dei ønskjer, og føla seg trygge på at dei får god helsehjelp, både når det hastar, og når det ikkje hastar, skriv Høie i ein e-post til avisa Sunnhordland.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Han meiner at Nasjon helse- og omsorgsplan er ein plan for å tryggja og vidareutvikla dei små sjukehusa for framtida.

– Men dette betyr at sjukehusa må endrast for å møta framtidige behov. I framtida blir det fleire eldre og pasientar med kroniske sjukdommar. For pasientar som bruker sjukehuset ofte, er det viktig at tilbodet finst lokalt, medan kompliserte sjukdommar, som treng meir spesialisert behandling, må behandlast på større sjukehus. Det må bli slutt på at dei små sjukehusa skal vera kopiar av dei i store, skriv Høie.

Han understrekar at planen ikkje inneber ei konkret avgjer om innhaldet på det enkelte sjukehuset, og at kommunane i dei aktuelle områda skal bli høyrt før siste ord er sagt.