Gina Gylver (21) meiner miljørørsla fortener kritikk: – Lite forståing for folk sin kvardag

Gina Gylver deltok i protestane i Vevring, mot gruvedeponi i Førdefjorden, i fjor vår.
Gina Gylver deltok i protestane i Vevring, mot gruvedeponi i Førdefjorden, i fjor vår. Foto: Jørgen Næss Karlsen/Natur og Ungdom/Flickr
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Men eit viktig perspektiv her er at vi ikkje har noko val, seier den gjenvalde Natur og Ungdom-leiaren.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Gina Gylver fekk fornya tillit som leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/Natur og Ungdom/Flickr
Gina Gylver fekk fornya tillit som leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/Natur og Ungdom/Flickr

– Eg håpar eg er god til å motivere og engasjere. Det trengst i ein kamp der det er langt mellom sigrane. Dei vi står opp mot er dei mektigaste i samfunnet, seier Gina Gylver på telefon til Framtida.no.

På landsmøtet i starten av januar, fekk ho ny tillit som leiar i Natur og Ungdom.

Sjølv vert ho mest inspirert av lokallagsleiarane i miljøorganisasjonen, noko ho medgjev er litt ein klisjé.

Dei som sit rundt i landet er ein liten gjeng med tidvis dårleg oppmøte, og tunge saker der ein kjenner seg ganske åleine. Dei brukar heile tida si ved sidan av skulen og resten av ungdomslivet – og det er ikkje lite – til å kjempe desse harde kampane.

Her kan du verte kjend med fleire nyvalde leiarar!

Må ha eit svar heile tida

21-åringen har allereie eitt år som leiar i bagasjen. Ho skildrar sin første periode som «eit krasjkurs i alt» – i mediehandtering, personalleiing og organisering.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho vart raskt klar over at ho måtte ha eit svar på alt, heile tida.

– Anten ein journalist spør om mjølkekvotar, gruveavfall, elektrifisering av sokkelen eller kraftutveksling, så skal ein ha eit svar på det. Og det å ha sjølvtillit i at eg kan svare godt, og at det ikkje er andre som kan svare for meg, forklarar Gylver.

Ho har òg lært kor viktig det er å våge å spørje om hjelp, anten det er for å førebu seg til ein debatt eller til å skrive eit innlegg.

Tuva Mjelde Refsum (t.v.), Gina Gylver, Gytis Blaževičiu er Natur og Ugdom sitt nye arbeidsutval. Gylver er leiar, Blaževičiu er 1. nestleiar og Refsum er 2. nestleiar. Foto: Frida Baewart Kempen/Natur og Ungdom
Tuva Mjelde Refsum (t.v.), Gina Gylver, Gytis Blaževičiu er Natur og Ugdom sitt nye arbeidsutval. Gylver er leiar, Blaževičiu er 1. nestleiar og Refsum er 2. nestleiar. Foto: Frida Baewart Kempen/Natur og Ungdom

Saksøker staten – igjen

Gina Gylver fortel at miljøorganisasjonen i år har store planar om å setje fokus på fire særskilde saker.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Den eine er å sikre at oppdrettsnæringa føregår i lukka merdar, slik at vi tek meir omsyn til naturen og har ei meir berekraftig næring.

Natur og Ungdom oppmoda i haust til boikott av oppdrettslaksen. Saman med fleire ungdomsparti kravde organisasjonen at næringa skal verte pålagd å flytte 50 prosent av produksjonen sin i lukka anlegg innan 2025. Risikoen for at lakselus spreier seg til villaksen søkk ved bruk av lukka anlegg.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Før lokalvalet vil miljøorganisasjonen òg setje naturforvaltning på agendaen, for å sikre arealnøytrale kommunar.

– Og så er det gruvesakene. Vi saksøker staten og 18. september startar vi i retten. Vi skal framleis halde Repparfjord og Førdefjorden slamfritt, lovar Gylver.

Til sist held kampen fram med å sikre ei omstilling vekk frå olje og gass, og over til grøne næringar.

Korleis er det å gå inn i 2023 med fokus på grøn omstilling, rett etter regjeringa deler ut fleire leitelisensar?

– Det er ein kamp i oppoverbakke, men slik er det med klimakampen generelt. Det er deilig i ha Wisting-sigeren i ryggen frå 2022. Han gjev oss ekstra motivasjon for miljørørsla.

Les også: Unge Høgre-topp ut mot lakseboikott – meiner det er å vise fingeren til Kyst-Noreg

Ingenting er meir urettferdig enn klimaendringar

Då Gina Gylver engasjerte seg første gong som 12-åring var det fordi ho ville gjere noko med urettferda i verda.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Verda er sinnssjukt urettferdig, og ingenting er meir urettferdig enn klimaendringane, konstaterer ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen

NU-leiaren peikar på at det er landa som slepper ut mest klimagassar, som slepp billegast unna. Landa som har sleppt ut minst, lever med konsekvensane allereie i dag.

– Det var òg av frykt, då eg skjønte at leiarane våre stod handlingslamma i det heile, og ikkje gjorde det som må til for å leie oss ut av krisene.

Etter kvart som fartstida i Natur og Ungdom har auka, har òg engasjementet for meir spesifikke miljøsaker som oppdrett, jordbruk og naturforvaltning stige. «Meir nerdete greier», som ho sjølv seier.

Om ho hadde vakna til si draumenyheit i morgon, hadde overskrifta vore anten «Miljørørsla har vunne Førdefjordssøksmålet» eller «Noreg skal slutte å leite etter olje og gass».

– Det hadde vore signalet vi treng for å få fart på omstillinga til dei nye næringane og for å få økonomien i rett retning. Eit signal om at det ikkje er tid til fleire unnskyldningar eller grønvasking – no startar det.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Miljørørsla må ta sjølvkritikk

Gylver er fødd og oppvaksen i Oslo, men ho håpar NU-medlemmar frå heile landet oppfattar ho som ei stemme for dei, også i deira hjartesaker.

I utgangspunktet er ikkje ei jente frå Oslo sentrum den beste representanten for dei mange medlemmane vi har òg ute i distrikta, innrømmer ho.

Stereotypien har ho høyrt fleire gongar frå meiningsmotstandarar. Særleg under skulestreikane som tok til med Greta Thunberg i 2018, og som har vart sidan.

– At byungdommar med foreldre med akademisk bakgrunn ikkje veit korleis det er å kome frå eit lokalsamfunn heilt avhengige av olje og gass. Der fråflyttinga trugar om ein ikkje får ny industri. Der grøn industri kjennest som ein trugsel og ikkje eit håp.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gylver peikar på at samarbeid med lokalsamfunn og fagforeiningar har bidrege til meir forståing og betre samhandling. Samstundes meiner ho miljørørsla må ta sjølvkritikk for korleis ein har snakka om temaa i fleire år.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rørsla har vist for lite forståing for folk sin kvardag, for jobbane og bekymringane dei lever med.

Tilliten har vorte broten ned, ikkje skapt.

Men regjeringa fortener endå meir kritikk

Den krassaste kritikken meiner ho likevel høyrer heime hjå politikarane. NU-leiaren etterlyser ein plan som sikrar at folk har ein jobb å gå til i framtida.

– Vi har ei regjering som ikkje klarar å fortelje oss korleis vi skal nå netto null i 2050 eingong. Den einaste løysinga er storstilt omstilling frå olje og gass. Når leiarane ikkje leverer løysingar for korleis ein skal behalde jobbar, så forstår eg at polariseringa vert verre, seier Gylver og held fram:

– Men eit viktig perspektiv her er at vi ikkje har noko val.

Ho trur Noreg har ei hard realitetsorientering i vente, om regjeringa ikkje tek til å byggje opp grøne arbeidsplassar.

– Skal vi ha tid til å byggje teknologi, kompetanse og eit konkurransefortrinn, så må vi starte no. Det held ikkje med ein ja takk, begge delar-politikk. Det vi manglar no er investering, arbeidskraft og rammevilkår som let ein byggje opp dei næringane vi treng, så raskt som vi treng dei.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Om eg angrar, har eg vorte nokon eg ikkje vil vere

Ferdigheitene Gina Gylver har opparbeidd seg i leiarvervet vart sette på prøve i fjor, då Natur og Ungdom demonstrerte mot dumping av gruveslam i Førdefjorden.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det å organisere store lenkeaksjonar over tre veker med enorme arrestasjonstal, i dritvêr på Vestlandet – det var eit skikkeleg krasjkurs i leiing. Men utruleg gjevande!

21-åringen seier ho aldri kjem til å gløyme vekene i Vevring.

Gina Gylver og Natur og Ungdom demonstrerte mot gruvedeponi i Førdefjorden i fjor. Fleire av demonstrantane vart arresterte og pålagde bøter. Foto: Amanda Iversen Orlich/Natur og Ungdom
Gina Gylver og Natur og Ungdom demonstrerte mot gruvedeponi i Førdefjorden i fjor. Fleire av demonstrantane vart arresterte og pålagde bøter. Foto: Amanda Iversen Orlich/Natur og Ungdom

Korleis kjennest det å ha ansvaret for lenkeaksjonar, der unge vert arresterte?

– Noko av det viktigaste Natur og Ungdom gjer er å ta unge på alvor, og late dei ta eigne, personlege val, understrekar Gylver.

Organisasjonen sitt hovudansvar er å sørgje for at medlemmane har kunnskapen dei treng til å sjølv bestemme kva dei vil gjere. Det er heilt frivillig å verte lenka, seier ho. Sjølv sette ho seg på lenkeliste som 15-åring.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er lett å umyndiggjere unge folk, og seie at dei veit ikkje nok. At dette vert så alvorleg for framtida deira, eller at ein er så idealistiske som unge, men angrar når ein vert eldre, seier leiaren og held fram:

– Eg tenker at om eg angrar når eg vert «skikkeleg» vaksen, så har eg vorte ein vaksen eg ikkje vil vere. Eg vil vere ein person som held fast ved prinsippa mine, og kjempar for noko større enn meg. Det vil bøtene eg betalar ned på no vere ei påminning om.

Les også: Her blir Aleksander (19) arrestert – vil ta saka til retten

Segling, Rosa Parks og dumplings

Leiarvervet tek opp mesteparten av dagane til Gina Gylver, men når ho først har fri likar ho å teikne, drive med grafikk og kunst.

– Eg har eit nyttårsforsett om å ha meir tid til det. Og til å trene! Eg er glad i å symje, skate og å vere i fysisk aktivitet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Om tida strekker til ser ho ein film, går på ein konsert eller på impro-teater.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Og så har eg seglbåt. Så eg gler meg til å kome meg ut på fjorden når sesongen startar igjen. Det er eit fantastisk avbrekk.

Om Gylver kunne invitert kven som helst til middag, hadde ho bede ein av pionerane innan sivil ulydnad, slik at dei kunne diskutert verkemiddel:

– Så kanskje Rosa Parks. Eg hadde servert dumplings, for det er eg sjølv veldig glad i.

Gina Gylver ville invitert Rosa Parks på middag for å diskutere sivil ulydnad. Rosa Parks vart arrestert 1. desember 1955, då ho nekta å gje plassen sin til ein kvit mann på bussen. Foto: GPA Photo Archive/Flickr/CC BY-NC 2.0
Gina Gylver ville invitert Rosa Parks på middag for å diskutere sivil ulydnad. Rosa Parks vart arrestert 1. desember 1955, då ho nekta å gje plassen sin til ein kvit mann på bussen. Foto: GPA Photo Archive/Flickr/CC BY-NC 2.0

– Kva er idealsamfunnet?

– Idealsamfunnet er eit berekraftig samfunn, som ikkje tek meir enn det gjev. Det er eit samfunn med biologisk og kulturelt mangfald. Eit samfunn der folk kan bu over heile landet, og der vi ikkje brukar meir enn det vi har.

I Gina Gylver sitt idealsamfunn har velstand fått ei anna tyding enn i dag, og ein verdset noko anna enn økonomisk vekst.

– Og det er eit samfunn som held seg til forsking! Det hadde vore fint, for vi bur no i eit land der 1 av 4 nordmenn er klimaskeptikarar.

Les også: Skepsis til klimaskam: – Eg mister mykje glede med ting eg gjorde før