Greta Thunberg (19) når unge i større grad enn FNs klimapanel

Svenske Greta Thunberg har engasjert ungdommar verda over til å streika for klimaet. Foto: Anders Hallberg
Svenske Greta Thunberg har engasjert ungdommar verda over til å streika for klimaet. Foto: Anders Hallberg
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein ny studie frå NTNU syner ein Greta-effekt blant norske ungdommar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sidan 2017 har forskarar frå NTNU late nær 3.000 ungdommar frå 17–20 år fortelje fritt kva dei meiner er viktig i det norske samfunnet, og kven som er gode rollemodellar.

Hausten 2019 var det ei klår endring. Det var då Greta Thunberg sette seg framfor den svenske riksdagen, og skulestreikar spreidde seg over heile verda.

– Eg er veldig inspirert av Greta Thunberg no. Ho er enormt ressurssterk, og innsatsen hennar beundrar eg stort. Ho er modig og brukar stemma si for å kjempe for noko ho trur på, svara ein 20 år gammal mann, same året.

Det melder Gemini, som først omtalte saka.

Greta-effekt

I 2019 skreiv veldig mange fleire enn før at klimatrugselen var viktig, og at dei var opptekne av overgangen til berekraftig økonomi, omstilling og klimasolidaritet.

Greta Thunberg klarte å mobilisere unge breitt, på tvers av geografisk og sosial tilhøyrsle.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Greta Thunberg representerer den unge generasjonen. Ho klarte å utfordre verdsleiarane og eliten og setje dagsorden. Ho er ganske enkelt ein ung person som klarte å stille eliten til vegs, og ein del unge skriv at dei beundrar ho for dette.

Det seier forskar Eli Smeplass, førsteamanuensis hjå Institutt for lærarutdanning ved NTNU, til Gemini.

Smeplass har skrive artikkelen The Greta Thunberg Effect: A Study of Norwegian Youth’s Reflexivity on Climate Change saman med Jan Frode Haugseth. Han er førsteamanuensis ved same plass, og har leia forskingsprosjektet.

Les også: Dette ville Ella (12) gjort som klimaminister for ein dag

Når unge i større grad enn FNs klimapanel

Forskarane fann også at klimamedvitne ungdomar i større grad snakka om eit «vi» – at det er fleire som er opptekne av klima – i åra 2019–2021.

Forskarane utelet ikkje at den auka merksemda om klima kan ha påverka medvitet til unge – uavhengig av den svenske klimaaktivisten:

Men Greta Thunberg nådde fram til dei unge i mykje større grad enn kva FNs klimapanel klarte. Det er ingen av ungdommane som nemner klimarapportane i svara sine, seier Smeplass.