Unge skeive får høyra at dei «fortente det» i etterkant av masseskytinga i Oslo

Påtroppande leiar i Skeiv Ungdom Jane-Victorius Bonsaksen kjem frå vervet som politisk nestleiar. Det som skulle bli ei historisk Pride-feiring vart i staden eit traume for LHBTQIA-miljøet. Foto: Andrea Nøttveit
Påtroppande leiar i Skeiv Ungdom Jane-Victorius Bonsaksen kjem frå vervet som politisk nestleiar. Det som skulle bli ei historisk Pride-feiring vart i staden eit traume for LHBTQIA-miljøet. Foto: Andrea Nøttveit
Artikkelen fortsetter under annonsen

Skeiv Ungdom merka presset allereie før Pride, og har meldt inn fleire saker til PST i etterkant. Leiar Jane-Victorius Bonsaksen meiner media må ta sin del av skulda.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Sjølv om episoden er over no, så er det minoritetsstresset noko mange av oss lever med heile tida.

Akkurat no fokuserer Skeiv Ungdom-leiar Jane-Victorius Bonsaksen på å ta vare på dei tilsette, frivillige og medlemmane i organisasjonen.

Les også : Skeive muslimar åtvarar mot islamofobi etter åtaket i Oslo

Fryktar fleire vert verande i skåpet

Bonsaksen er uroa for korleis behova, sikkerheita og den mentale helsa til skeive vert teke vare på.

– Det er allereie ei kneik å koma ut. Det er mange som får negative reaksjonar og etter denne hendinga er eg redd for at fleire kjem til å bli verande i skåpet mykje lenger.

Bonsaksen peikar på at det bidreg til dårlegare psykisk helse å ikkje kunna leva som seg sjølv.

– Skeive barn og unge som veks opp no skal ikkje måtta leva med dette traumet, utan at det vert teke seriøst. For det er eit traume. Barn og unge med skeive foreldre skal heller ikkje måtte leva med ei frykt om at foreldra deira ikkje kjem attende, fordi dei er skeive.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Blomehav utanfor Herr Nilsen etter masseskytinga i Oslo. Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Blomehav utanfor Herr Nilsen etter masseskytinga i Oslo. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Synleg skeiv

Dei peikar på at dette ikkje berre handlar om retten til å elska kven ein vil, men òg å vera den ein er, og at det ikkje er alle som har privilegiet å vera usynleg skeive.

– Eg er jo transperson sjølv og eg merkar godt i miljøet at det er ekstra mykje frykt. Det er nokon av oss som kan leva «stealth», anten som mann eller kvinne. Det er ikkje gode liv, men det er noko tryggleik i det.

I etterkant av åtaket har Skeiv Ungdom som organisasjon og enkeltmedlemmar opplevd å få hatefulle meldingar både i kommentarfelt, innboksar i sosiale medium og på e-post.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ungdomsorganisasjonen politimelder alt dei har fått beskjed om og oppmodar alle sine medlemmar og tilsette om å gje beskjed, slik at dei får dokumentert det.

Organisasjonen har sett seg nøydd til å oppmoda medlemmane om å unngå sosiale medium, for å verna seg mot omfanget av negative kommentarar om at dei fortente det. Skeiv Ungdom fryktar dette vil auka frykt, redsel og ei kjensle av at majoritetssamfunnet ikkje ynskjer dei skal eksistera.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også : Skeive meir utsette for hatkriminalitet – auke dei seinare åra

Kjærleik og solidaritet

Dei seinare åra har transpersonar fått både auka merksemd og rettar. Frå 2016 kan ein i Noreg endra juridisk kjønn utan tvangssterilisering og no er kjønnsidentitet inkludert i diskrimineringsvernet.

Denne Pride-månaden skulle ein feira at det var 50 år sidan avkriminaliseringa av homofili, og det nye forslaget om å forby såkalla homoterapi.

Påtroppande leiar i Skeiv Ungdom Jane-Victorius Bonsaksen har hatt ei intens og hektisk helg i etterkant av masseskytinga. Foto: Andrea Nøttveit
Påtroppande leiar i Skeiv Ungdom Jane-Victorius Bonsaksen har hatt ei intens og hektisk helg i etterkant av masseskytinga. Foto: Andrea Nøttveit

Skeiv Ungdom-leiaren meiner debatten i media har vorte verre dei seinare åra, særleg retta mot transfolk og Pride som «ideologi».

– Skyteepisoden kom både overraskande og ikkje, fordi me ser at ord legitimerer handling og er med på å bidra til auka hatkrimratar og valdstendensar, og negativ diskriminering generelt. Dette er noko fleire har frykta over lengre tid at kom til å skje i ein eller annan forstand, ikkje nødvendigvis ein skyteepisode, men eitt eller anna valdsrelatert, seier dei og legg til:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– No har det skjedd og det har vore med på å legitimera mange si frykt for å vera synleg skeive, i tillegg til at mange har rekna det som ekstra viktig å vera synleg skeive. Det er veldig mange følelsar i spel hjå veldig mange, og mykje usikkerheit, samstundes som eg ser at det er ekstra mykje kjærleik og solidaritet, men det er også ekstra mykje hat.

Skeiv Ungdom-leiaren er klokkeklar på at menneske sin eksistens ikkje er ideologi, og viser til slagordet deira «La meg være meg».

– Skeive skal ha retten til å leva gode, trygge liv, utan å måtte frykta for vald og diskriminering, slår Bonsaksen fast.

Mangfald kan ikkje drepast. Skrift på fasaden til Herr Nilsen. Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Mangfald kan ikkje drepast. Skrift på fasaden til Herr Nilsen. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Pass på dei skeive venene dine

Oppi alt det vonde, synest Bonsaksen det er fint å sjå all kjærleiken både i organisasjonen og støtta dei får frå andre. Dei oppmodar no majoritetssamfunnet til å stå opp mot hatet skeive møter.

– Folk som er cis og hetero må passe litt ekstra på dei skeive venene sine no, fordi me treng litt ekstra støtte, både som miljø og som individ, seier Bonsaksen, som oppmodar alle til å ta vare på seg sjølv.

Ikkje minst er dei opptekne av at åtaket ikkje skal legitimera rasisme og islamofobi.

– Det er éin person som er ansvarleg for dette, og det er gjerningsmannen sjølv, seier Bonsaksen.

Les også : Fleire Pride-arrangørar trassar politi-tilrådinga

Artikkelen er først publisert av framtida.no.