Yrket mitt: Eva B. Ragde er krimteknikar

Eva B. Ragde er krimteknikkar og har gitt folk eit innblikk i korlies ho har jobba med saker i Discovery +-serien "Eva bak sperringene.
Eva B. Ragde er krimteknikkar og har gitt folk eit innblikk i korlies ho har jobba med saker i Discovery +-serien "Eva bak sperringene. Foto: Discovery+
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det mest utfordrande er nok ansvaret som følgjer med jobben.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det mest utrulege som har hendt meg på jobb var nok å få telefon om at ei bombe hadde gått av i regjeringskvartalet, og at eg skulle komme meg på jobb for å leie den kriminaltekniske etterforskinga/undersøkinga der.

Eva Birkefeldt Ragde er kriminalteknikar og politioverbetjent. Ein dag på jobb er aldri lik den førre.

– Når eg kjem på jobb så er det hendingane i kriminalitetsbiletet som bestemmer korleis dagen blir sjåande ut. Eg kan til dømes vere på kontoret, ute på ein åstad, i eit undersøkingsrom og undersøke gjenstandar eller liknande.

Ei misoppfatning mange har om yrket hennar, er at ein kriminalteknikar jobbar på kontor og ikkje er ordentleg politi.

– Vi er politi og vi jobbar lite på kontor, slår Ragde fast.

Meiningsfylt jobb

I denne boka fortel Eva B. Ragde om saker ho har jobba med. Foto: Aschehoug
I denne boka fortel Eva B. Ragde om saker ho har jobba med. Foto: Aschehoug

Eva B. Ragde er ein av Noregs mest kjente og fremste kriminalteknikarar. Du kjenner ho kanskje frå serien «Eva bak sperringene» eller har lese om korleis ho jobbar i boka På åstedet – Jakten på bevisene. Ho er òg systera til krimforfattar Anne B. Ragde.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Eva B. Ragde byrja som kriminalteknikar i 1992, som den første kvinnelege krimteknikaren i Noreg.

Ho er utdanna ved Politihøgskolen, og har etter det teke ei rekkje spesialkurs og -utdanningar. Trønderen forklarar at ein må ha ei 18 månader lang opplæring følgt av skriftleg og munnleg eksamen før ein kan kalle seg kriminalteknikar.

Ho ville bli kriminalteknikar fordi ho likar å jobbe med faktabaserte oppgåver.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Før dette har eg jobba ute som ordenspoliti og som vanleg etterforskar. Eg valte å bli politi fordi eg synest det er eit veldig spanande yrke, det er aldri dei same arbeidsoppgåvene to dagar på rad og du veit aldri kva som skjer på jobb.

– I tillegg så likar eg å jobbe med noko som er meiningsfylt.

Stort ansvar

Det beste med jobben synest Eva B. Ragde er å klare å finne løysingar som gir folk dei svara dei treng.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fakta om Eva B. Ragde

Namn: Eva Birkefeldt Ragde

Alder: 59

Frå: Trondheim

Yrke: Krimteknikar/politibetjent

Utdanning: Politihøgskolen

– Det mest utfordrande er nok ansvaret som følgjer med jobben – sidan den jobben eg gjer kan vere med på å ta frå menneske fridomen ved at dei må sone ei fengselsstraff, og dei konsekvensane det kan få i livet deira elles.

Ragde drøymer om at ein klarar å ha ein god tillit mellom folk og politi.

– Og at folk skal vere trygge på at det vi gjer – det gjer vi fordi vi ønsker det beste for alle.

Eva B. Ragde og Gaute Agdestein Steffensen, her i serien "Eva bak sperringene". Foto: Discovery +
Eva B. Ragde og Gaute Agdestein Steffensen, her i serien "Eva bak sperringene". Foto: Discovery +

Fakta, ansvar og stødig psyke

Krimteknikar Eva B. Ragde har skrive bok om nokre av dei mest kjende sakene ho har jobba med. Foto: Tine Poppe/Aschehoug
Krimteknikar Eva B. Ragde har skrive bok om nokre av dei mest kjende sakene ho har jobba med. Foto: Tine Poppe/Aschehoug

Ragde synest utdanninga til ei viss grad har førebudd ho til yrket, men understrekar at erfaring òg tel.

– Forventingane mine blei absolutt oppfylt og vel så det – sidan eg no har jobba med dette i 30 år.

Yrket passar for folk som er opptatt av fakta, som likar å ta ansvar og som er ganske stødige psykisk.

Skal ein jobbe som kriminalteknikar, kan det vere greitt å vere open for ein uføreseieleg kvardag, og å kunne improvisere litt.

– Til dei som har lyst å drive med dette er det berre å følgje med på det som skjer i samfunnet, klare å ta leiinga i ein flokk, ikkje vere så redd for å snakke framføre mange andre, vere ærleg og tydeleg og like å jobbe med menneske, rår kriminalteknikaren.