Fredrik (24) og Hannah (21) er mormonarar: – Folk har sagt at no blir du lukka inne i ei sekt

Mormonar Hannah Howard (21) er nyled døypt, medan Fredrik Stulen (24) er oppvaksen i Jesu Kristi Kyrkje av Siste dagars heilage.
Mormonar Hannah Howard (21) er nyled døypt, medan Fredrik Stulen (24) er oppvaksen i Jesu Kristi Kyrkje av Siste dagars heilage. Foto: Ingvild Eide Leirfall og privat

Fredrik Stulen (24) har vakse opp i Jesu Kristi Kyrkje av Siste dagars heilage, medan Hannah Howard (21) vart døypt for ein knapp månad sidan.

– Tenk at det berre er tre veker sidan du vart døypt!

Om lag 15 ungdomar har møtt opp på ein av dei faste aktivitetskveldane som plar vere på Intituttsenteret til Jesu Kristi Kirke, midt i Oslo sentrum, kvar måndag. Kveldens program er 10 minutt andeleg tanke (ein slags andakt), middag og brettspel.

Det er Hannah Howard (21) som nyleg vart døypt og teken inn som medlem i kyrkja.

– Eg har spurt misjonærane og medlem om så mykje rart, fordi eg ville vere sikker. Dei er veldig tolmodige og snille, fortel ho og oppmodar folk som er nysgjerrige til å spørje.

Til vanleg studerer 21-åringen engelsk ved Universitetet i Oslo, noko ho no ser føre seg at kan brukast i samband med religion eller kyrkjearbeid.

Det første misjonærmøtet

For omlag eitt år sidan, i mai 2021, hadde 21-åringen frå Moss sitt første møte med kyrkja og medlemmane. Ei veninne hadde treft to misjonærar på gata og skulle tilbake for å snakke meir med dei, men ho turde ikkje gå åleine og tok med seg Hannah.

– Det var noko med sjølvtilliten og utstrålinga deira som trefte meg, fortel ho om kvifor ho vart interessert i høyre meir.

Det er eitt år sidan, men det var ikkje før no nyleg at ho følte seg klar til å ta steget vidare og bli døypt.

– Det er eit så stort val at eg ville vere heilt sikker.

Les også: Rekordmange unge går til dåpen – får ros av biskop

Utfordrande levereglar

I Jesu Kristi Kyrkje har dei ikkje barnedåp, så ein må vere minst 8 år før ein blir døypt.

– Tanken er at det skal vere noko ein har valt sjølv, også fordi ein då forpliktar seg til å følgje Guds bod, fortel Vegard Amundsen, medlem av høgrådet i Oslo stav, på e-post til Framtida.no.

Stav er litt som eit bispedøme, eit geografisk område. Høgråd er ei gruppe med 12 menn som er leiarane i staven.

Ein må mellom anna følgje dei 10 boda, strenge kosthaldsreglar, kyskheitslova, ei eiga helselov, og å betale ein tidel av inntekta si til kyrkja. Som medlem skal ein til dømes ikkje ha seksuell eller intim kontakt med nokon før ein har gifta seg, ikkje onanere og ikkje drikke alkohol.

– Om du ynskjer å døype deg, så bør du vere overtydd om at kyrkja er sann, for det er ein del bod som kan vere utfordrande å følgje, seier Amundsen.

Spel, Bibelen og Mormons bok. Foto: Ingvild Eide Leirfall
Spel, Bibelen og Mormons bok. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Mormonar – eller Siste dagars heilage?

Medlemmene av kyrkja er nok mest kjende som mormonarar, men sjølv kallar dei seg Siste dagars heilage etter det største samfunnet i kyrkja: Jesu Kristi Kyrkje av Siste dagars heilage.

Religionen har sitt opphav for berre 200 år sidan, i 1820-åra i USA. Verda over er det om lag 14 millionar medlemmar av kyrkja, men i Noreg er det rekna som ein minoritet med 4600 medlem, ifølgje kyrkja sjølv.

Under pandemien har likevel kyrkja merkt ei auke i pågang.

– Me har hatt fleire dåpar og menneske som interesserer seg i løpet av dei to siste åra, enn me hadde i åra før. Før pandemien var det ein litt negativ trend, fortel Vegard Amundsen.

– Dei aksepterer det ikkje, men seier eg må bestemme sjølv

For mossingen Hannah Howard var det likevel ikkje pandemien som førte ho inn i religionen:

– Pappa hadde akkurat fått kreft då eg byrja møte misjonærane, så det var med på å få meg inn. Måten dei såg på det, snakka om det, ba om det og hadde fred om det – det gav meg den same freden, fortel ho.

Sjølv har ho vakse opp ganske kristent, med kyrkje kvar sundag og hyppig prat om tru i heimen, ho har gått i Frelsesarmeen og Hillsong. Likevel følte ho ikkje det var heilt hennar veg.

– Det føltest litt meir som eg gjekk i kyrkja for mamma og pappa, enn fordi eg var oppteken av det, forklarar ho.

No går ho i kyrkja kvar sundag, og er i tillegg som regel med på bibelstudiar på fredagar eller sosialt samver som i dag.

– Eg har alltid følt at eg har vore sterk i trua, men kanskje ikkje så sjølvsikker. Eg turde til dømes ikkje å framstå som kristen på skulen og syntest det var flautt å seie at eg gjekk i kyrkja. No føler eg meg mykje meir sjølvsikker.

Etter dåpen fortel ho at ho følte på «den heilage ands varme» og ei endå djupare og sterkare tru enn den ho tidlegare hadde opplevd, men frå foreldra har ikkje avgjersla vorte møtt med udelt glede.

– Dei aksepterer det ikkje, men seier eg må bestemme sjølv. Dei seier at dei ikkje nødvendigvis støttar det at eg har døypt meg, men at dei støttar meg som person. At eg er glad og føler at dette er riktig, er det det viktigaste. Det ein trur på er jo det same.

– Eg har slutta å dra ut

På fredagar har Jesu Kristi Kirke det dei kallar institutt, som minnar om ein slags søndagsskule, og på søndagar er det gudsteneste. I tillegg er det spelkveldar som i dag, og andre fellesarenaar for å treffast. For Howard er det sosiale ein viktig del av trua.

– Det er jo på ein måte mine næraste vener, og me deler litt same verdiar.Eg har jo mine gamle vener også men eg kjenner at me er på forskjellige stader i livet. Dei er ute og drikk og festar kvar helg, det er jo ikkje eg lenger.

I kyrkja er det nemleg ein del levereglar og til og med ei eiga helselov, kalla visdomsordet, som legg føringar for kva ein bør og kan ete og drikke. Dei fleste medlem av kyrkja held seg difor unna alkohol, tobakk, kaffi og te, narkotika og andre skadelege eller avhengigheitsskapande stoff.

– Eg har til dømes slutta å dra ut. Eg drakk ikkje så mykje alkohol før, men no har eg kutta det heilt ut. Eg ser ikkje poenget med å drikke. Og så investerer eg meir tid og ressursar i å studere skriftene og nyter meir å gå i kyrkja.

Howard fortel om varierande tilbakemeldingar frå dei gamle venene. Dei som ikkje har så mykje forhold til tru generelt, bryr seg ikkje så veldig om at ho har konvertert. Medan andre har vore sterkt imot det.

– Eg har kome dit at dersom folk reagerer så kraftig og tek seg nær av det, då vil jo ikkje dei mitt beste. Då må jo dei ha eigne problem, kvifor skal eg bry meg om kva dei meiner då?

Fordommar frå vener

Før ho vart inkludert i kyrkja visste ho ikkje mykje om dei såkalla mormonarane, anna enn dei typiske fordommane om fleirkoneri.

No opplever 21-åringen at også dei rundt henne har same inntrykket:

– Folk har sagt at no blir du lukka inne i ei sekt, skal få åtte barn og hamne i fleirkoneri og at framtida mi ser mørk ut fordi eg er kvinne og sånt. Eg føler jo ikkje det i det heile tatt, seier ho.

Då Hannah Howard kom inn i kyrkja, fortel ho at ho opplevde ein type fred og syntest medlemene ho møtte verka ekte og sjølvsikre, noko ho gjerne også ville vere.

– Eg har vore i fleire kristne miljø, men eg har aldri vore i eit miljø som er så tolmodige, snille, velkomne og varme. Det er heilt sjukt. Det hjalp veldig mykje.

Etter å ha funne trua meiner ho at ho er rolegare til sinns,er mindre nedstemt, og sjølv om ting sjølvsagt går opp og ned, kjenner ho seg meir sjølvsikker.

– Det er folk som har sagt at eg virkar mykje gladare. Det er ganske gøy. Og så føler eg meg mykje meir roleg, at eg har meir fred inni meg, er meir tolmodig, gladare – meir positiv eigentleg.

Fredrik Stulen. Foto: Privat
Fredrik Stulen. Foto: Privat

Oppvaksen i kyrkja

Fredrik Moroni Stulen (24) har på si side vakse opp i religionen, med foreldre som sjølve vart omvende av misjonærar. Han kallar seg heller ikkje mormonar, men medlem av Jesu Kristi kyrkje.

Også han løfter eit positivt syn på livet som noko av det beste med religionen sin.

– Eg blir meir avslappa og greier å tenke positivt sjølv om eg kanskje ikkje har den beste dagen. At ein veit meininga med livet, og har mål og meining og noko å strekke seg etter. Elles er det gøy å føle at venene i kyrkja er mykje gøyare å vere med. Det er ein annan stemning liksom, enn med andre som ikkje er med i kyrkja. Ein kan ha ein roleg kveld og snakke saman, i staden for å dra på byen. Det synest eg er greitt.

– Forklarar at eg er heilt vanleg

For Stulen er trua ein livsstil. Han ber, snakkar med vener om det, er på aktivitetar i kykrja, og han prøver å lese både Bibelen og Mormons bok så ofte han kan.

– Det er noko som gir ei ekstra kvardagslære. Ein lærer ting i kyrkja som eg synest er interessant, både religiøst men også personleg, fortel han og utdjupar:

– Du kan bli bedt om å halde ein tale og lærer å prate for folk, eller korleis takle stress eller kvardagslege problem til dømes. Det er ikkje berre andeleg og spirituelt, men også korleis ein kan bli eit godt menneske som er nøgd med seg sjølv, og personleg trening. Og så har eg jo gode vener der, som eg møter og er sosial med. Så den sosiale delen er viktig.

– Kva reaksjonar møter du når du fortel at du er medlem av kyrkja?

– Det kan hende folk trur eg er litt firkanta kanskje, men då forklarar eg berre at eg er heilt vanleg. Då er det ikkje noko problem. Om ein berre forklarar litt om gongen, aksepterer alle det og synest berre det er kult. Eg har ikkje fått nokon negative kommentarar, fortel han på telefon til framtida.no.

– Har du vore i ein situasjon der du har unngått å fortelle om trua di?

– Eg har kanskje unngått det då eg var mindre. Eg har aldri nekta for det, men kanskje venta litt med å fortelje det til det var litt meir naturleg. Viss du seier alt på ein gong trur folk at du er crazy. Det er jo veldig merkeleg om det første du gjer er å fortelle om kyrkja di. Det er ikkje normalt, ler han.

Når han skal forklare meir om kyrkja spør han gjerne om dei har høyrt om mormonarar, fortel at dei er kristne men skil seg frå Den norske kyrkja, mellom anna med at dei har Mormons bok, kva dei trur på og at han går i kyrkja kvar sundag.

Noko mange lurer på er om dei feirar jul.

– Det er jo litt morsomt, sjølvsagt gjer me det!

Faktisk er jula favoritthøgtida hans, og han fortel at julefeiringa hans truleg ser heilt lik ut som di julefeiring, men om julaftan ikkje fell på ein søndag har dei ikkje gudsteneste.

Folk lurer også gjerne på kva dei trur på:

– Det er jo det same som kristne: Gud, Jesus og Den heilage ande. Men me trur ikkje heilt på treeinigheita, men det er det ikkje alle som forstår då.

Tvilte på trua på ungdomsskulen

– Kor viktig er det med eit religiøst miljø rundt seg?

– I Arendal var jo ingen av venene mine frå kyrkja, men me hadde det jo gøy for det. Eg hadde ein litt anna livsstil i russetida og sånt, sidan eg ikkje drikk alkohol, men elles var me ein samla gjeng og fant på ting. Eg blei jo ikkje ekskludert fordi eg trudde på noko anna.

No har han flytta til Austlandet, der det er eit større miljø av medlem av kyrkja, og dei fleste venene han har her er også medlem.

– Har du opplevd noko negativt rundt det å vere medlem av kyrkja?

– I ungdomsskulealder er jo på ein måte alt negativt, men seinare har det alltid vore positivt.

Ungdomsskulealderen førte også litt tvil med seg, for om trua var rett for han.

– Eg trur alle har periodar med tvil i livet. I ungdomsskulealderen var det litt vanskeleg, men då er jo eigentleg alt vanskeleg. Så må du berre ta eit val og satse på at det går fint, og viss ikkje så gjer du endringar, fortel han.

På misjon i Spania

Etter vidaregåande bestemte han seg for å reise på misjon, altså å misjonere for kyrkja. Dette er ganske vanleg for medlem i kyrkja å gjere ein gong før dei blir 25 år.

Stulen sjølv var 18 år gamal og etter eit par veker kom svaret: han skulle til Spania.

– At du ikkje vel stad sjølv er både bra og vanskeleg. Så forlet du familie og vener i to år, men eg synest det føltest mykje kortare.

Dei reiste rundt i heile landet og fortalde folk om kyrkja, Gud, kva medlemmane i kyrkja trur på og ulike prosjekt dei held på med.

– Me spelte også fotball med ungdom, hjelpte til med matlaging, flytting og meir, så me gjorde ikkje berre kyrkjeting.

Ingen truande vener utanfor kyrkja, utanom muslimar

Tilbake i Noreg måtte han finne ein plass å studere, og havna på Austlandet for å studere økonomi. No jobbar han som rekneskapsførar og bur i Asker.

Som medlem av kyrkja er det å vere aktiv i kyrkjelyden noko som er viktig for mange, og ein bonus med Austlandet er at kyrkja er stor her, noko som betyr at det er mange å vere med, mykje aktivitetar og høve for gode venskap.

Men ein kan også berre vere litt mormonar, fortel Stulen:

– Det er jo ei kyrkje der folk vel sjølv kor mykje ein vil bidra med og kor aktive ein er. Det er ikkje noko gale i det, eg har til dømes vener som berre kjem til jul og påske liksom, så det er veldig personleg.

Sjølv er han del av ein gjeng som ofte er med på aktivitetar og ulike prosjekt. Det kan vere å plukke bos i gatene, hjelpe folk, samla inn klede, spele fotball med ungdomar, bake mat og kaker og gje bort.

Utdatert at ein ikkje kan ha sex før ekteskapet

– Er det noko du er usamd med kyrkja om?

– Nei, det er ikkje så mykje. Då eg var mindre var eg ikkje så fan av å gå i kyrkja i staden for på fotball, men no likar eg jo å gå i kyrkja og er frivillig. I dag er det av og til litt kjedeleg å til dømes måtte halde ein tale.

– Og så høyrer eg ofte frå folk som ikkje er medlem at det er litt utdatert og rart at ein ikkje kan ha sex før ekteskapet. Men hadde livet vore så mykje betre om eg kunne gjere det? Eg trur ikkje det, og meiner ikkje det er negativt. Så lenge det er meir positivt enn negativt og kyrkja hjelper meg i kvardagen, så er det ingenting å klage over.

– Er det plass til trua di i det norske samfunnet?

– Ja, ja, ja! Det er plass til alle. Det er ikkje noko problem.

Denne saka er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Ung og religiøs i eit av verdas mest sekulære land». Har du tips? Send ein e-post til tips(a)framtida.no!

Les også intervjuet med krussepresident Martin (19): – All in for Jesus

Sm krussepresident opplever Martin Reinemo (19) å få mange spørsmål om tru. Foto: Islam Aghazada/Laget (NKSS)
Sm krussepresident opplever Martin Reinemo (19) å få mange spørsmål om tru. Foto: Islam Aghazada/Laget (NKSS)