Helene (23) meinte at skeive ikkje hadde nokon plass i kyrkja. Så innsåg ho at ho var skeiv sjølv

Helene Lunder Eriksen jobbar i Paulus kyrkje på Grünerløkka, og studerer teologi på Universitetet i Oslo.
Helene Lunder Eriksen jobbar i Paulus kyrkje på Grünerløkka, og studerer teologi på Universitetet i Oslo. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg
Artikkelen fortsetter under annonsen

Skeivt Kristent Nettverk har laga ei liste over kyrkjer det er «trygt» å vere skeiv i. – Det er framleis krefter som ikkje ønsker at LHBT-personar skal gå i kyrkja, seier Helene Lunder Eriksen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Helene Lunder Eriksen tenner det raude lyset som står på alteret i Paulus kyrkje på Grünerløkka i Oslo. Så tenner ho det oransje. Så det gule.

Lys i alle fargane i regnboga står framfor altertavla. Regnbogebønnen er ein tradisjon som høyrer til fasta – eitt lys for kvar veke. I utgangspunktet har ikkje tradisjonen noko med Pride-flagget å gjere. Men det vert naturleg å tenke i dei banene likevel, synest Eriksen.

– I starten ville eg berre prøve å dysse ned legninga mi, sidan trua alltid har stått sterkt i livet mitt. Men så fann eg ut at det vart vanskeleg. Når ein ikkje godtar seg sjølv.

– Homofile kunne gå rett vest

Eriksen vaks opp i, og var aktiv i eit konservativt kristent miljø.

– Eg var ganske konservativ. Homofile kunne gå rett vest. Når eg ser tilbake på at eg tenkte dei tankane, skjønar eg ikkje korleis eg kunne seie det, og øydelegge andre sine liv. Det går verkeleg inn på ein å få slikt slengt i trynet, seier ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Helene Lunder Eriksen tenner dei tre første lysa i regnbogestaken. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg
Helene Lunder Eriksen tenner dei tre første lysa i regnbogestaken. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Medan ho gjekk på bibelskule etter vidaregåande, fann ho ut at ho sjølv er lesbisk. Det stridde mot heile tankesettet hennar.

Ho oppsøkte organisasjonen Åpen kirkegruppe, som retta seg mot skeive kristne. Ho fann ut at det faktisk gjekk an å vere skeiv og kristen, og at ein kunne gå i kyrkja.

Godkjentstempel

Paulus kyrkje finn ein på Skeivt Kristent Nettverk (SKN) si liste over trygge kyrkjer for skeive. SKN har laga ei oversikt over kyrkjer som jobbar aktivt for å gjere det trygt å vere LHBT+. Dei fleste på lista er i Oslo, men også nokre andre kyrkjelyder i landet er med.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

For å få godkjentstempelet, må leiinga i kyrkjelyden stadfeste overfor SKN at ho står inne for tre punkt:

  • LHBT+-personar kan inneha alle frivillige oppgåver og tenester.
  • LHBT+-personar vil truleg bli aksepterte og tekne godt imot av både leiinga og kyrkjelyden.
  • Kyrkja jobbar aktivt for å gjere det trygt å vere LHBT+ i deira fellesskap.



– Ikkje noko spørsmål

Eriksen seier at det var viktig for henne å vite at ho kom til å verte ein fullverdig del av kyrkjelyden. At ho ikkje ville føle at nokon såg litt stygt på henne.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Då kjendest det naturleg å komme hit. Eg fekk inntrykk av at det er ein ganske open, liberal og radikal kyrkjelyd, seier ho.

For halvtanna år sidan vart Eriksen tilsett som kyrkjetenar i Paulus kyrkje. No er ho vikar som trusopplæringsleiar. Ved sida av jobben studerer ho religion og samfunn på Universitetet i Oslo.

– I dag er det fleire skeive som går her i kyrkja og føler at dei vert sette og aksepterte for den dei er, og at det eigentleg ikkje er noko spørsmål, seier Eriksen.

Ho synest det er fint at SKN har laga ei oversikt over trygge kyrkjer for skeive.

– I alle fall om du ikkje er 100 prosent trygg i deg sjølv, så veit du at du kjem ein stad der du blir akseptert.

– Tenker du at det er nødvendig med ei slik liste?

– Eg vil eigentleg seia nei … men samstundes ser eg ulike grupperingar i Kyrkje-Noreg som snakkar ned folk med LHBT-identitetar. Så eg må nok seie ja, sidan det framleis er krefter i samfunnet som ikkje er så velkomne overfor LHBT-personar i kyrkja. Det er kjipt at nokon skal oppleve det som utrygt, seier ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Snakkar ikkje om det

Det tok også tid for familien hennar å akseptere legninga hennar – men i dag har foreldra null problem med den, fortel ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Når det gjeld andre i livet hennar med ein meir konservativ tankegang, er legning eit ikkje-tema.

– Ein lèt vere å snakke om det, for å ikkje gjere ting verre, seier Eriksen.

Ho trur det er ein vanleg strategi i familiar med ulike syn.

– Det er synd, men slik er det. Eg håpar at ting vert betre med åra, seier ho.

Eriksen seier at ho ikkje har opplevd direkte diskriminering i kristne miljø på grunn av legninga si. Tvert imot er det ofte vanskelegare for andre skeive å forstå at ho er kristen.

– Nokre skjønar ikkje korleis det går an å ha ein fot i begge leirar. Spørsmålet er om det går an for andre å forene det, seier ho.

Ønskte oversikt

Elisabeth Meling er leiar av SKN. Ho fortel at tiltaket «Trygge kyrkjer» kom som ein idé frå lokallaget i Oslo.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Elisabeth Meling er leiar i Skeivt Kristent Nettverk. Foto: Privat
Elisabeth Meling er leiar i Skeivt Kristent Nettverk. Foto: Privat

– Folk ønskte ei oversikt over kyrkjer der du ikkje vart beden om å slutte i koret fordi du var kjærast med ein person av samme kjønn, eller fordi du som transperson torde å leve som du er. Då tok vi ein gjennomgang og spurde kyrkjene i Oslo, fortel ho.

Sidan har lista vorte litt meir nasjonal. Meling seier at kyrkjelydane ønsker å signalisere at dei er ein trygg plass, og at det ligg stoltheit i å vere på lista.

– Skeive seier at det er fint å vite kor dei kan finne fellesskap der dei kan få vere seg sjølv, seier Meling.

Samstundes er ikkje lista uttømmande. Ho er basert på tilbakemeldingar og nominering, og SKN har ikkje kapasitet til å følge opp alle kyrkjelyder i landet, seier Meling.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Viktig for nokon

Lista har ikkje vore ukontroversiell. Medan biskopen i Oslo, Kari Veiteberg, seier til Vårt Land at ho oppmodar kyrkjelyder om å komme på lista, er biskopen i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, skeptisk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Til Vårt Land seier han at han trur lista kan så tvil. Han håpar at biletet av at kyrkja kan vere utrygg for skeive, er i overkant dramatisk.

– Kvart menneske er meir enn den seksuelle orienteringa si, og kvar kyrkjelyd meir enn dei synspunkta som eit kyrkjelydsråd har i samlivsspørsmål. Ei slik liste kan fungere innsnevrande både i forståinga vår av det å vere eit kristent menneske og det å vere ein kyrkjelyd, seier han til den kristne avisa.

Elisabeth Meling i SKN slår fast at meininga med lista ikkje er å stemple andre kyrkjer som utrygge.

– Tanken er ikkje å skape ein A- og B-kultur. Det er mange som ikkje står på lista enno, som kunne ha stått der. Ikkje alle kyrkjer ønsker det, og det er ikkje alle skeive som synest det er viktig. Men når vi veit at det er viktig for nokon, er det viktig for oss, seier ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den Norske Kyrkje godt representert

Dei fleste kyrkjelydane på lista er del av Den Norske Kyrkje. Også nokre metodistkyrkjelyder er representerte. Metodistkyrkja har ein dialog om å endre standpunkta sine, og gav i 2020 ei orsaking til LHBTQ+-personar.

Kraftverket i Oslo er ein del av Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja – som har eit tradisjonelt syn på LHBT, – men kyrkjelyden på Bislett jobbar innad i samfunnet sitt for inkludering, fortel Meling.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Andre kyrkjegrupperingar og kyrkjelydssamfunn er skeptiske og møter ikkje kriteria, seier ho.

Mykje skam og skuld

– Kva er det som gjer at det kan opplevast utrygt å vere skeiv i Kristen-Noreg i dag?

– På den eine sida har du dei mest ytterleggåande miljøa der du heile tida blir fortalt at det du gjer er synd eller feil. Det er mykje påført skam og skuldkjensle, seier Meling.

Og så har du framleis miljø der du får vere med, men viss du får ein kjærast av same kjønn må du gi slipp på tenesta di. Det er der utfordringa ligg. Dei som prøver å inkludere og seier at alle er velkomne, men ikkje alle får bidra. Det kan vere eit ullent skilje, seier Meling.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Godt arbeid

Kristin Gunleiksrud Raaum, kyrkjerådsleiar i Den Norske Kyrkje (DNK), meiner at Skeivt Kristent Nettverk har gjort eit godt arbeid for å bidra til at kyrkjelyder skal vere trygge fellesskap for alle.

Ho skjønar veldig godt at nokre skeive har behov for å vite kva kyrkjer dei kan kjenne seg trygge i.

– Når nokre har erfaringar med å bli møtt med motstand eller stengd ute, skjønar eg det veldig godt. Nettopp difor jobbar vi i Den Norske Kyrkje for at alle unge med LHBT-identitet skal vite at det er trygt for dei i alle kyrkjene våre.

Kristin Gunleiksrud Raaum er leiar av Kyrkjerådet i Den Norske Kyrkje. Foto: Den Norske Kyrkje
Kristin Gunleiksrud Raaum er leiar av Kyrkjerådet i Den Norske Kyrkje. Foto: Den Norske Kyrkje

Raaum slår fast at det framleis er vanskeleg for nokon å vere skeiv i DNK.

– Vi veit at det er vanskeleg i delar av landet. Men det er mykje lettare no enn det var for ti–tjue år sidan, seier ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Raaum seier at ho støttar arbeidet for at alle kyrkjelyder skal vere trygge, fullt ut.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Vi samarbeider godt med SKN og set umåteleg stor pris på arbeidet organisasjonen gjer. Det er viktig kompetanse som heile Kyrkje-Noreg treng, seier ho.

– Viktig og kontinuerleg arbeid

Raaum trur at lista er mest relevant i frikyrkjelege miljø.

Ho viser til at DNK har eit kyrkjemøtevedtak som seier at alle kyrkjelyder skal vere trygge, og at ein skal jobbe for at dei er trygge for alle, også dei med LHBT-identitet. DNK har dessutan oppretta eit LHBT-utval som jobbar med å auke kompetansen i kyrkjelydane, og ein jobbar med å utvikle eit kompetansebyggande opplegg.

– Dette er eit viktig og kontinuerleg arbeid. Jo meir du kan om å vere LHBT, desto lettare er det å bidra til at det er lett å vere ung og skeiv og kjenne seg trygg i kyrkjelyden sin, seier ho.

Kyrkjerådet har også vedteke eit forventningsdokument og ein handlingsplan for likestilling, inkludering og mangfald.


Denne saka er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Ung og religiøs i eit av verdas mest sekulære land». Har du tips? Send ein e-post til tips(a)framtida.no!