Nordmenn er blant verdas mest klimaskeptiske folk. Spesielt éin årsak trekker ekspertane fram

Arkivbilete frå skulestreik og Klimabrølet i Oslo, 30. august 2019.
Arkivbilete frå skulestreik og Klimabrølet i Oslo, 30. august 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall
Artikkelen fortsetter under annonsen

I 2019 var nordmenn blant verdas aller mest skeptiske til at menneskeleg aktivitet var hovudårsaka til klimakrisa. Ekspertane meiner det skuldast at nordmenn kjenner seg spesielt distanserte frå klimakrisa.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I ei meiningsmåling utført av Yougov i 2019 blei 30.000 respondentar frå 28 land spurde om klimaet på jorda er i endring, og om slike eventuelle endringar skuldast menneskeleg aktivitet eller naturlege svingingar.

Blant dei som svara at klimaendringar hovudsakleg skuldast menneskeleg aktivitet kom Noreg ut heilt nedst. Berre 35 prosent av nordmenn oppgav at den viktigaste årsaka til klimaendringane var menneskeleg aktivitet.

Samstundes oppgav nær halvparten av dei spurde nordmennene at klimaendringane var reelle, men at menneskeleg aktivitet berre delvis var ansvarleg for desse.

Svært få – to prosent – hadde ikkje tru på klimaendringane i det heile, medan åtte prosent oppgav at klimaet endrar seg uavhengig av menneskeleg aktivitet.

Små endringar i norske klimahaldningar

Ein pandemi seinare, har noko endra seg?

Thea Gregersen er doktorgradsstipendiat ved CET (senter for klima- og energiomstilling) ved Universitetet i Bergen, og jobbar med norske klimahaldningar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Når Framtida.no ringer har ho akkurat fått inn nye data frå Norsk medborgarpanel.

– Vi har målt norsk klimaskepsis i mange år og finn i 2021 at dei fleste, rundt 68 prosent, trur på at klimaet endrar seg og at det i stor grad handlar om menneskeleg påverknad. 26 prosent meiner klimaendringane i liten grad er påverka av menneske og veldig få – rundt éin prosent – mener klimaet ikkje endrar seg. Rundt fem prosent seier dei ikkje veit.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Thea Johansen Gregersen er doktorgradsstipendiat ved CET (Senter for klima- og energiomstilling) ved Universitetet i Bergen. Ho trur nordmenn er spesielt skeptiske til klimaforskinga fordi vi har meir å tape enn mange andre. Foto: Universitetet i Bergen
Thea Johansen Gregersen er doktorgradsstipendiat ved CET (Senter for klima- og energiomstilling) ved Universitetet i Bergen. Ho trur nordmenn er spesielt skeptiske til klimaforskinga fordi vi har meir å tape enn mange andre. Foto: Universitetet i Bergen

– Desse tala har halde seg veldig stabile frå 2013 og fram til no, understrekar Gregersen.

Ikkje mi krise

Skilnadane mellom Yougov og Norsk medborgarpanel sine meiningsmålingar skuldast truleg metodologiske skilnadar, slik som ulik spørsmålsformulering og ulike svaralternativ, seier ho.

Det er typisk for land i den vestlege verda at folk oppgir at klimakrisa er litt relevant for dei sjølve, men aller mest for andre: dette er noko som går føre seg andre stader, og råkar andre folk eller andre generasjonar, forklarar Gregersen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Denne distansen har blitt sett på som hovudårsaka til at vi ikkje gjer meir. No ser vi likevel eit skifte, der folk i større grad ser klimaendringar som eit globalt problem, som dermed også angår oss, seier Gregersen, før ho legg til:

– Men vi nordmenn trur nok framleis ikkje at konsekvensane blir særleg alvorlege.

Det viser også dei ferske tala. Nordmenn flest har lita tru på at klimaendringane vil råka dei personleg:

– Data frå Norsk Medborgerpanel, samla inn i mai i år, viser at nær 70 prosent av nordmenn meiner at klimaendringane utgjer ein ganske eller svært alvorleg trussel, samla sett. Derimot er det berre 35 prosent som meiner det utgjer ein ganske eller svært alvorleg trussel for dei personleg, seier Gregersen, som viser til at det særleg er folk frå Skandinavia som har ein tendens til å oppgi at klimaendringane neppe vil påverka deira eigne liv.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Handlar om identitet, ikkje informasjon

Grovt sett har norske klimahaldningar knapt vore i endring sidan Norsk medborgarpanel begynte meiningsmålingane sine i 2013. Omlag 2 av 3 oppgir konsekvent at klimaet endrar seg, og at dette i stor grad skuldast menneskeleg påverknad. Rundt 1 av 4 oppgir derimot at klimaet endrar seg, men at dette i liten grad skuldast menneskeleg påverknad.

Svært få, berre omlag éin prosent, trur ikkje at klimaet er i endring i det heile tatt.

Gregersen meiner derfor at det kan vera misvisande å snakke om «klimafornekting», ettersom svært få faktisk tviler på klimaendringane. Det nordmenn er skeptiske til er graden av menneskeleg påverknad og kva for tiltak som er nødvendige.

Ho meiner det kan skuldast at nordmenn opplever å vere avskjerma frå konsekvensane av klimakrisa, men også at vi er blant landa som har mest å tene på å ikkje gjere noko med olje- og gassindustrien. Drastiske klimatiltak kan kjennest meir inngripande for folk med svært høg levestandard, og høge utslepp per innbyggar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Vi har mykje å vinne på å ikkje gjere så mykje, seier Gregersen. Dette kallast gjerne eit «motivert resonnement»: nordmenn kjem svært godt ut dersom klimavitskapen skulle vise seg å ikkje stemme, og blir derfor meir skeptiske enn andre i møte med denne vitskapen.

– Dette handlar om identitet, ikkje informasjon, meiner Gregersen.

Store generasjonsskilnadar

Tala over seier lite om skilnadar mellom ulike generasjonar nordmenn. Blant dei som er fødd i 1990 eller seinare er det nemleg ei betydeleg auke i bekymring for klimaendringane.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Medan 73 prosent sa seg einige i at klimaendringane i stor grad er menneskeskapte i 2013, var det i år 83 prosent som sa det same.

Arkivbilete frå skulestreiken for klima, fredag 30. august 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall
Arkivbilete frå skulestreiken for klima, fredag 30. august 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

For dei eldre generasjonane nordmenn er trenden derimot synkande: i år var det rett over 6 av 10 som oppgav at klimaendringane i stor grad var menneskeskapte.

Gregersen spekulerer i om dette skuldast at vår evne til bekymring er avgrensa, vi har ein såkalla «finite pool of worry». Ettersom dei eldre generasjonane har hatt mest å frykte frå covid-19, har dei samstundes blitt mindre opptekne av klimakrisa.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– For dei yngre, som har mest å frykte frå klimakrisa, har effekten kanskje vore motsett, slik at dei yngre no er meir bekymra, spekulerer ho.

Evige optimistar

Kikki Flesche Kleiven er direktør for Bjerknessenteret for klimaforsking. Til liks med Gregersen opplever ho nordmenn som godt informerte om klimavitskapen. Likevel er ikkje folk redde eller alarmerte: klimaendringane er ikkje noko folk føler på kroppen, seier ho.

I 2018 og 2019 reiste ho rundt i heile Hordaland på foredrags- og debattrunde, og kom i prat med svært mange frå ulike delar av regionen.

– Folk skildrar ganske alvorlege endringar, som at vintersesongen blir langt kortare og at ein kan setje potetene ein månad tidlegare. Men dei har vanskeleg for å sjå føre seg at det blir så mykje verre enn det. Mange fortel om meir regn, flom og ras, men vi har likevel ein idé om at klimaendringane ikkje først og fremst gjeld oss, fortel Kleiven.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Kikki Flescher Kleiven er direktør ved Bjerknessenteret for klimaforsking. Ho meiner nordmenn har lett for å bli sjølvtilfredse når det gjeld klima, og gløyme at Noreg også er ein stor eksportør av olje- og gass. Foto: Jens H. Ådnanes, UiB
Kikki Flescher Kleiven er direktør ved Bjerknessenteret for klimaforsking. Ho meiner nordmenn har lett for å bli sjølvtilfredse når det gjeld klima, og gløyme at Noreg også er ein stor eksportør av olje- og gass. Foto: Jens H. Ådnanes, UiB

Ho trur også kjeldesorterande, vasskraftforsynte og el-bilkøyrande nordmenn alt kjenner seg ganske flinke når det gjeld klima- og miljø:

– Vi snakkar masse om Noreg som klimanasjon. Mange tenkjer at vi gjer nok, og dermed også er utanfor faresonen. Folk eg snakkar med er også meir optimistiske enn redde.

Klimakrisa som provokatør

Kleiven trur olje- og gassindustrien har stor innverknad på kva nordmenn tenkjer om klima, ikkje minst på Vestlandet. Mange er stolte over det vi ein har bygd opp på norsk sokkel, og er lite lystne på å erkjenne at det som har produsert oljefondet også har forårsaka eksistensiell krise for heile menneskeslekta.

– Dette er ein viktig del av mange nordmenn sin identitet, og folk har ikkje skuldkjensle. Det er dessutan langt på veg konsensus blant norske politikarar om å bevare norsk olje- og gassindustri, med enkelte hederlege unntak.

Kleiven påpeiker at mange nordmenn har eit bilde av Noreg som skil seg kraftig frå korleis Noreg gjerne blir opplevd i utlandet.

– Vi trur sjølve at Noreg har eit veldig klimavennleg image, men utanfrå er vi ein rå olje- og gassaktør. Og mange blir utruleg provoserte når ein seier at Noreg må ta eit ansvar.