TV 2 opnar for nynorsk på nett: – Skulle berre mangle

TV 2s nyhetsredaktør Karianne Solbrække erkjenner at saken burde blitt tatt tak i tidligere. Foto: Marit Hommedal / NTB
TV 2s nyhetsredaktør Karianne Solbrække erkjenner at saken burde blitt tatt tak i tidligere. Foto: Marit Hommedal / NTB
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kringkastaren opphevar nynorskforbodet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Onsdag skreiv Framtida.no at TV 2 nektar journalistane sine å skrive nynorsk i nyheitsartiklar på nett.

Nyheitsredaktør Karianne Solbrække fortalde då at TV 2 hadde gåande ein diskusjon internt om vegen vidare. No er diskusjonen over, og avgjersla fatta:

TV 2 opnar for nynorsk i nyheitsartiklar på tv2.no.

– Det skulle berre mangle, seier Solbrække på telefon til Framtida.no.

– Det riktige å gjere

Ifølgje Solbrække vart avgjersla om å late journalistane sjølv velje kva skriftspråk dei nyttar teken av leiargruppa tidlegare denne veka, og vidareformidla til dei tilsette i går.

– Dette er ikkje noko kontroversielt, og alle er einige om at det er det riktige å gjere.

Nyheitsredaktøren seier det er ei naturleg utvikling å opne for nynorsk, grunna rekkjevidda til tv2.no og samfunnsoppdraget kringkastaren har.

Kringkastingsringen og Norsk Målungdom kritiserte TV 2 for å oppretthalde eit nynorskforbod som allmennkringkastar og for å skilje mellom kommentarartiklar og nyheitsartiklar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Solbrække seier seg samd i at skiljet var kunstig, og meiner det er resultatet av avgjersler som ligg tilbake i tid som ikkje har vorte aktualisert att.

– TV 2 ynskjer å ha eit mangfald av dialektar og skriftspråk, så dette handlar meir om at vi ikkje har hatt det på agendaen, seier Solbrække, som medgjev at saka burde vore teken tak i tidlegare.

Målungdomen ynskjer konkrete krav

Norsk Målungdom var kritiske til at TV 2 ikkje tillet nynorsk i nyheitsartiklar, noko leiar Gunnhild Skjold meinte vitna om at kringkastaren ikkje ynskte vere eit

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold, synest det er positivt at TV 2 opnar for nynorsk. Foto: Frida Pernille Mikkelsen / Norsk Målungdom
Leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold, synest det er positivt at TV 2 opnar for nynorsk. Foto: Frida Pernille Mikkelsen / Norsk Målungdom

medium for heile landet.

Skjold meiner det er veldig positivt at TV 2 no har gjeve grønt lys for nyheiter på nynorsk på nett:

– Eg håpar det vert mykje nynorsk å sjå på tv2.no.

Samstundes seier målungdomleiaren at det framleis er problematisk at det berre er hovudkanalen til TV 2 som er regulert i kringkastingsavtala med staten.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Avtala burde dekkje nettsida tv2.no og kome med konkrete krav til kor mykje nynorsk dei bør bruke, avsluttar Skjold.

Les også: NRK klarte ikkje nynorskkravet i 2020 – på nett var berre 17 prosent av innhaldet på nynorsk

– Betre seint enn aldri

Karen Anna Kleppe er TV 2-reporter i Troms og Finnmark, og gler seg over å få skrive nynorsk på nett. Foto: Privat
Karen Anna Kleppe er TV 2-reporter i Troms og Finnmark, og gler seg over å få skrive nynorsk på nett. Foto: Privat

TV 2-reporter Karen Anna Kleppe, som tidlegare fortalde Framtida.no at det er leitt at ho ikkje får skrive nynorsk i nyheitsartiklar, er nøgd med at TV 2 omsider opnar for skriftspråket:

– I dag er eg litt ekstra glad i arbeidsgjevaren min, dette var ei veldig gledeleg nyheit. I og med at TV 2 var banebrytande då dei tillet dialekt på TV, så skal jo dette berre mangle. Betre seint enn aldri, som ein seier! skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

Samstundes peikar Kleppe på at dette står meir i stil med TV 2 sitt oppdrag om å spegle landet og folket:

– Det kan ein ikkje gjere viss ein ikkje tillet eit skriftspråk som er basert på dialektene til dei som bur der ute.

Denne saken ble først publisert på Framtida.no.