I Mosambik er over éin halv million på flukt – no kjem corona

25 år gamle Marta Mahumane frå Mosambik er uroa for alle dei internt fordrivne i heimlandet, som følgje av konfliktane i den nordlege provinsen Cabo Delgado. Biletet er frå delstatshovudstaden Pemba, der 18.000 menneske har søkt tilflukt. Foto: Leger uten grenser, privat
25 år gamle Marta Mahumane frå Mosambik er uroa for alle dei internt fordrivne i heimlandet, som følgje av konfliktane i den nordlege provinsen Cabo Delgado. Biletet er frå delstatshovudstaden Pemba, der 18.000 menneske har søkt tilflukt. Foto: Leger uten grenser, privat
Artikkelen fortsetter under annonsen

Over 2000 menneske har mista livet i provinsen Cabo Delgado sidan 2017. Landet strir med kolera, syklonar og svolt, i tillegg til corona.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Jack Herheim er seniorrådgjevar i Leger uten grenser: Foto: Leger uten grenser
Jack Herheim er seniorrådgjevar i Leger uten grenser: Foto: Leger uten grenser

– Dette landet står med ryggen mot veggen allereie og har eit helsevesen som er dårleg rusta for å handtere corona, som no kjem.

Det seier seniorrådgjevar i Leger uten grenser, Jack Herheim, på telefon til Framtida.no.

Svolt, terror, naturkatastrofar og corona

Mosambik er eitt av dei mest katastrofeutsette landa i verda, og strir med fleire store utfordringar samstundes.

Dei siste åra har Mosambik klatra svakt oppover når det gjeld forventa levealder og utdanning, men kjem framleis på 181. plass på FN sin Human Development Index. Det plasserer landet blant dei ti dårlegaste i verda.

I areal er landet i overkant av dobbelt så stort som Noreg, med over 30 millionar innbyggjarar. Barnedødelegheita i landet er framleis høg og nesten 3 av 10 innbyggjarar er underernærte, ifølgje FN.

Mosambik har slite med det Verdas matvareprogram kallar kronisk matusikkerheit lenge, men situasjonen har vorte verre som følgje av manglande regnfall, syklonar, flaumar, sjukdommar og valden nord i landet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I 2019 råka syklonen Idai landet hardt og tok livet av over 600 menneske. Seinare har fleire syklonar råka landet. Så seint som i januar i år vart landet på ny råka av ein syklon, Eloise, som har kravd fleire menneskeliv og teke med seg over 8800 hus og 26 helsesenter, ifølgje FN.

25 år gamle Marta Mahumane frå Maputo studerer biologi og er frivillig i organisasjonen Amodefa. Foto: Privat
25 år gamle Marta Mahumane frå Maputo studerer biologi og er frivillig i organisasjonen Amodefa. Foto: Privat

Marta (25): – Dei rømmer for å redda livet

Landet har fått påvist at dei hadde den sørafrikanske mutanten av coronaviruset allereie i november 2020, ein månad før han vart oppdaga i Sør-Afrika. Som følgje av dette har talet på coronasmitta og dødsfall eksplodert i byrjinga av 2021.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ifølgje Worldometeres har Mosambik no 52.629 registrerte smitta og 561 dødsfall.

I hovudstaden Maputo er det no portforbod nattestid, men 25 år gamle Marta Mahumane er mest uroa for valden i nord og dei internt fordrivne landsmennene sine.

Sidan 2017 har over 2000 menneske mista livet i den nordlege Cabo Delgado-provinsen, der islamistiske grupper stadig går til åtak på sivile.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Provinsen i Cabo Delgado nord i Mosabik markert i raudt.
Provinsen i Cabo Delgado nord i Mosabik markert i raudt.

– Situasjonen i Cabo Delgado er ikkje bra. Liv går tapt, kvinner og barn, det gjer meg trist, seier Marta Mahumane via videochatten WhatsApp.

Ho bur Maputo, der ho ved sida av biologistudiane jobbar som frivillig i Amodefa, ein organisasjon for seksuelle- og reproduktive rettar.

Via videochatten fortel ho at det viktigaste verdssamfunnet må ta tak i i heimlandet er situasjonen i den nordlege regionen.

– Barn går tre-fire dagar, ei heil veke, utan å ete noko. Dei rømmer for å redda livet, fortel 25-åringen.

Over éin halv million av hennar landsmenn er internt fordrivne, som følgje av konfliktane i nord.

FN er uroa for Mosambik

Det norske utanriksdepartementet frårår alle reiser som ikkje er strengt naudsynte til den nordlege Cabo Delgado-provinsen i Mosambik. Området har vore prega av valdelege samanstøyt mellom væpna grupper, sikkerheitsstyrkar og sivile i fleire år, men i løpet av 2020 har situasjonen forverra seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Private heimar, offentlege bygg, marknadsplassar og sikkerheitsstyrkar har vorte utsette for angrep. Den islamske stat har teke på seg ansvar for fleire åtak, men det er vanskeleg å få fullstendig oversikt over kven som står bak, ifølgje UD.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Over ein halv million menneske er internt fordrivne som følgje av den valdelege konflikta, som har pågått i fleire år. Mange bur i overfylte flyktningleirar og i regionen er det mangel på både mat, reint drikkevatn og grunleggjande helsetenester.

FN er svært uroa over situasjonen nord i Mosambik, som no har vorte endå meir kompleks som følgje av covid-19 utbrotet som breier om seg i landet, som grensar til Sør-Afrika.

Då corona angreip verda i 2020 måtte Mosambik samstundes stri med eit kolerautbrot.

– I tillegg har Cabo Delgado vore ein av dei fattigaste delstatane i Mosambik og er litt gløymd, seier Jack Herheim i Leger uten grenser.

Artikkelen fortsetter under annonsen
MSF staff member managing water treatment at a distribution site in the Natiti neighborhood of Pemba.
MSF staff member managing water treatment at a distribution site in the Natiti neighborhood of Pemba.

Leger uten grenser-klinikk angripe

Leger uten grenser har vore til stades i landet sidan 1984, men har måtte avslutte prosjekta i Mocimboa og Macomia i Cabo Delgado-provinsen etter at eit helsesenter vart angripe, plyndra og sett fyr på. I alt er over 20 helsesenter og klinikkar øydelagd i konflikta. Organisasjonen jobbar med å bygge opp att og starte opp att aktiviteten i området.

Organisasjonen har mellom anna jobba med hiv, tuberkulose og hepatitt, i tillegg til covid-responsen.

Jack Herheim i Leger uten grenser var sist i Mosambik kort tid etter ein syklon trefte landet i 2019, og vart hindra av coronapandemien frå å dra ned igjen i fjor.

Han er svært uroa for den komplekse konflikta i Cabo Delgado.

– Den har alle element i seg for å bli ei storkonflikt med enorme gassfunn, utbygging av hamnene og anlegg for prosessering av naturgass, forklarar Herheim.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Senior programrådgjevar i Leger uten grenser, Jack Herheim, vart hindra frå å reisa tilbake til Mosambik på grunn av coronapandemien, som no treff landet hardt. Foto: Leger uten grenser
Senior programrådgjevar i Leger uten grenser, Jack Herheim, vart hindra frå å reisa tilbake til Mosambik på grunn av coronapandemien, som no treff landet hardt. Foto: Leger uten grenser

– Den afrikanske naturresursforbanninga

Oljefeltet Mamba South, utanfor kysten av Cabo Delgado er eitt av verdas største gassfelt.

Ifølgje Bistandsnytt freistar myndigheitene i Mosambik å leggje lokk på hendingane i Cabo Delgado, i frykt for at det skal påverka utbygginga av olje og gassindustrien.

Noreg har sidan byrjinga av 80-talet bidrege med kapasitetsutvikling av forvalting av petroleumsressursane i Mosambik, no gjennom programmet Olje for utvikling (Ofu). Den første oljeutvinninga i landet starta i år 2000, og i løpet av 2010-talet oppdaga ein store gassressursar utanfor Cabo Delgado-provinsen.

Herheim forklarar at det har vore ei forventning i delstaten om at naturressursane skulle føra til det som vert kalla ein «trickle down effect», at det fører med seg fleire arbeidsplassar og auka velstand.

– Men det er den typiske afrikanske naturresursforbanninga, seier Herheim, som peikar på at den kompetansen næringa treng ikkje er å finna i området.

Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Gløymde kriser». Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no.

Denne saken ble først publisert på Framtida.no.