Mina (20) og Guro (21) har gått 200 kilometer over Finnmarksvidda

Den siste selfien før Mina Karlstrøm (t.v.) og Guro Krempig forlet fjellheimen.
Den siste selfien før Mina Karlstrøm (t.v.) og Guro Krempig forlet fjellheimen. Foto: Privat

På turen har dei samla inn 37.000 kroner til CARE ved å gå, bade, fiske og plukke multer.

– På dag tre, med tunge sekkar og våteksem på eine hunden, det regna, bles og var tåke, og vi skulle over Finlands høgaste fjell, då tenkte begge litt «kva gjer vi?» fortel Mina Skjøthaug Karlstrøm (20) på telefon til Framtida.no.

For tre veker sida la ho og venninna Guro Krempig (21) ut på ein 200 kilometer lang ekspedisjon frå Skibotn til Alta.

– Det kjentest som noko så stort at vi ikkje ville klare å fullføre, legg Guro til.

Etter tre veker åleine saman, snakkar dei nesten i munnen på kvarandre.

– Men det hjelper ikkje å setje seg ned å vente. Vi har kvarandre, mat og klede, og vi må stole på at det her går. Men eg hadde litt vondt i magen og var skikkeleg nervøs, seier Mina.

– Vi har ikkje drege lengre enn at vi vart køyrde til startpunktet og går heimatt, seier Mina (t.v.) og legg til: – Det her kunne ein gjort kva tid som helst. Foto: Privat
– Vi har ikkje drege lengre enn at vi vart køyrde til startpunktet og går heimatt, seier Mina (t.v.) og legg til: – Det her kunne ein gjort kva tid som helst. Foto: Privat

200 km med latter

– Vi har hatt nokre kjipe dagar med regn, tåke og stein, og det å sitje og flire over kor håplaust det er hjelper veldig, seier Guro.

Då Framtida.no pratar med Mina og Guro er dei på tur ned frå fjellet med sekken på. Dei har berre den siste strekka igjen, før alle dei 200 kilometrane er lagt bak dei.

Eigentleg skulle dei to altaværingane vore komne ned no, men det var så fint i fjellheimen at dei utsette nedstiginga ein smule. Det har vore slik ein vindstille godvêrsdag – ein av dei sjeldne på denne turen.

Dei har jo litt tid å gå på. Fristen var å kome seg heim i løpet av torsdagen. Den hadde systera til Guro sett, fordi ho skal konfirmerast søndag og det same skal søskenbarnet til Mina.

Guro Krempig (t.v.) er frå Alta og Mina Karlstrøm frå den nærliggande bygda Langfjordbotn. Dei har kjent kvarandre i mangfaldige år: – Ho er ei eg drøymer og pratar med, seier Mina, medan Guro skyt inn: – Draumar vert meir realistiske når ein drøymer saman med nokon. Foto: Privat
Guro Krempig (t.v.) er frå Alta og Mina Karlstrøm frå den nærliggande bygda Langfjordbotn. Dei har kjent kvarandre i mangfaldige år: – Ho er ei eg drøymer og pratar med, seier Mina, medan Guro skyt inn: – Draumar vert meir realistiske når ein drøymer saman med nokon. Foto: Privat

Men sjølv om vêrgudane ikkje alltid var på deira sida, så har det ikkje påverka humøret:

– Det er heilt vilt kor mykje vi har flira. Eg var litt nervøs den første dagen, då vi hadde tunge sekkar og ikkje prata like mykje, seier Mina.

– Det er ikkje likt oss! kjem det frå Guro.

Latteren ljomar frå dei begge, og når dei skildrar turen som full av latter er det ikkje vanskeleg å tru på dei.

Noko av det flottaste ein kan gjere

Grunnen til at dei to har lagt ut på langtur er for å samle inn pengar til bistandsorganisasjonen CARE, som kjempar for kvinner verda over.

– Friluftsliv er veldig tradisjonelt, og det er ofte menn som har drive det, men vi er jo to unge kvinner som gjer det. For vi har mogelegheita og fridomen til å drive på med det, seier Mina.

– Vi føler at vi er blant verdas heldigaste personar. Vi har vunne lotteriet i alt – spesielt som jenter, for kontrasten vert så stor. Kanskje kan vi vere med på å gje litt meir fridom og litt fleire mogelegheiter til andre, supplerer Guro.

Idéen utvikla dei i lag, og så tok dei berre opp telefonen og ringde til CARE for å høyre om dei var interesserte.

Kaj-Martin Georgsen er generalsekretær i CARE. Ekre Foto: Anna Kvarberg Ekre/CARE
Kaj-Martin Georgsen er generalsekretær i CARE. Ekre Foto: Anna Kvarberg Ekre/CARE

– At Guro og Mina brukar av si tid og krefter for andre er noko av det flottaste vi menneskjer kan gjere. Deira bidrag betyr at endå fleire jenter og kvinner kan gå sin eigen veg, seier generalsekretær i CARE, Kaj-Martin Georgsen på e-post til Framtida.no.

Georgsen understreker at CARE er heilt avhengige av støttespelarar i arbeidet for at jenter og kvinner skal kunne tene sine eigne pengar, bestemme over sin eigen kropp og gjere stemma si høyrt.

Han er difor utruleg stolt over å ha dei to friluftsentusiastane med på laget.

– Eg håpar fleire vil la seg inspirere og utfordre av Guro og Mina. Ikkje minst vil eg utfordre gutar og menn til òg å «gå i hennar sko». Likestilling er for viktig til at berre halvparten av befolkninga skal kjempe den kampen.

Friluftsliv frå A til Å

Guro og Mina ville ikkje berre samle pengar ved å gå langt, difor drog dei i gang ein litt annleis innsamlingsaksjon, under emneknaggen #vigårihennessko.

– Vi ville ikkje berre gå frå A til Å, for friluftslivet er alt i mellom, seier Guro.

Dei som følgde ferda på nett og hadde nokre kroner til overs i lommeboka, kunne velje å sponse per kilometer, per kanne kaffi Guro og Mina kokte, per desiliter multe som vart plukka, per fisk over eitt kilo dei fekk, eller per bad dei tok.

Guro Krempig og Mina Karlstrøm har samla pengar ved å mellom anna fiske. Foto: Privat
Guro Krempig og Mina Karlstrøm har samla pengar ved å mellom anna fiske. Foto: Privat

– Det var ei stund då vi hadde fiska og fiska og fiska, og ikkje fått ein einaste fisk, og ikkje samla pengar på åtte dagar, og så seier Guro «eg fann ein sluk i boksen som eg ikkje har prøvd før – dette vert bra!». Og på det andre kastet var det fisk! Og det var den feitaste fisken. Vi grein og lo på same tid, fortel Mina engasjert.

Og sjølv om vinden bles og fjellvatnet nok ikkje kan vere meir enn fem grader, så har dei bada heile 11 gongar.

Dei vart òg utfordra av ein venn av Guro til å lage sjusteinsomn, og i sekken hadde dei med ei mjølblanding, så det førte til at dei steikte bollar siste dagen på tur.

Då dei kom fram hadde dei fiska, gått og bada nok til at nesten 37 000 kroner var samla inn til CARE.

Sveitte tær og leggmassasje

Kvardagen på vidda har stått i sterkt kontrast til skule- eller jobbkvardagen.

Dei står opp i 8-tida. Kokar kaffi og varmt vatn til havregraut, og så tek dei livet litt med ro. Kosar med hundane i teltet, høyrer litt på musikk og pratar om gamma dei vil bu i nokre månadar i vinter, fiskar litt. Så snører dei på seg fjellskoa og legg i veg, men stoppar for bilete, multer, lunsj og for å lufte tærne.

Guro Krempig (t.v.) og Mina Karlstrøm pussar tennene på vidda. Foto: Privat
Guro Krempig (t.v.) og Mina Karlstrøm pussar tennene på vidda. Foto: Privat

– Noko av det viktigaste å hugse på var at vi går på tur fordi vi likar det, ikkje berre for å prestere eller for at folk forventa at vi skal gå så og så langt, seier Mina.

Mina smører tærne til Guro på tur. Foto: Privat
Mina smører tærne til Guro på tur. Foto: Privat

Når kvelden nærmar seg set dei opp leir, fiskar litt til, et ein matbit, drikk litt kaffi og kryp inn i teltet. Der fyrar dei opp i primusen for å halde varmen, når vinden riv i teltduken.

– Kvelden går til drøyming, tulling, og litt refleksjonar. Og vi masserer kvarandre, det må ikkje vi gløyme å seie, seier Mina og ler før ho forklarar:

– Ein vert litt sår under føttene og leggane, så vi set der og masserer kvarandre sine skitne, sveitte tær, så vi bondar litt over det.

– Vi får jo gnagsår, og vi bur jo oppå kvarandre, så det vert slitsamt om ein skal bry seg om slikt, seier Guro.

– Å få tærne til Guro i ansiktet er berre koseleg, ler Mina.

Eit år med friluftsliv

Etter nesten tre veker på tur har dei gått over store fjell, i djupe dalar og på flate vidder – og har vorte endå betre kjend med lokalområdet sitt.

– Vi har hatt dei soldagane! Dei soloppgangane og -nedgangane, der det er fantastisk vakkert. Vi har hatt fisk som bit og glade hundar. Men vi har også hatt vonde leggar, masse stein, tåke, vind og hundar som har fått problem, seier Guro.

– Men vi løyser problema, skyt Mina inn.

– Ja, ein har ikkje ein annan mogelegheit, stemmer Guro i.

Mina Karlstrøm (.v.) og Guro Krempig har både plukka og ete multer. Foto: Privat
Mina Karlstrøm (.v.) og Guro Krempig har både plukka og ete multer. Foto: Privat

Denne ferda er berre den første av mange. For etter å ha gått på skule eller folkehøgskule heilt fram til no, så har dei sett av eit heilt år til å drive med friluftsliv.

– Vi ville ha eit år der vi kan ete litt når vi vil, seier Mina og dei ler begge to.

– Vere sin eigen herre. Når ein startar å studere eller får ein jobb, så fell ein tilbake i det. Vi ville ta sjansen no, legg ho til.

Guro fortel at friluftsliv kan ein jo halde fram med uavhengig av livssituasjon, men at det kan vere vanskeleg å ta seg til til ein langtur på seinsommaren dersom ein har fast arbeid eller studerer.

– Når ein sit på fjellet og drikk kaffi åleine, der er ingen andre menneske eller noko ansvar, så tenker ein litt «vil eg noko sinne ha ansvar?», og ein vert takksam for at ein har mogelegheita, seier Mina.

Mina Karlstrøm (t.v) og Guro Krempig. Foto: Privat
Mina Karlstrøm (t.v) og Guro Krempig. Foto: Privat

Taco, bunad og deo

Kva turar som ventar er dei ikkje heilt sikre på enno. Dei hadde eigentleg tenkt seg til Alaska, men det sette korona ein stoppar for. Og no vil dei helst halde seg i Noreg, i dei store, flotte områda som er her til lands.

– Vi har snakka om å bu i gamme nokre månadar. Leve det rolege gamme-liv. Litt fangst, litt fiske. Vekke frå folk. I pakt med naturen. Lese ei bok, lære seg å strikke kanskje.

Dei ler begge høgt av strikke-utsegnet til Mina.

Men no ventar det først felles taco-middag hjå familien Krempig, der dei skal fortelje familien om turen og alle dei interne vitsane dei har. Så dreg Mina heim til Langfjordbotn, og dei skal gjere seg klar til kvar sin konfirmasjon.

– No skal vi dusje, kle på oss bunadar, greie håret og ta på deodorant. Vi skal ete med kniv og gaffel. Det er gøy med livets kontrastar, seier Mina og ler.

– I går kom far til Guro, Lars, og då vi sat og prata om turen så sa han at vi var inspirerande. Og det er ein mann som har inspirert oss, seier Mina (bakerst). Foto: Privat
– I går kom far til Guro, Lars, og då vi sat og prata om turen så sa han at vi var inspirerande. Og det er ein mann som har inspirert oss, seier Mina (bakerst). Foto: Privat

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden