Utleigar til Amanuel (19): «Eg leiger ikkje ut til afrikanske gutar»

Amanuel Meselu (19) fekk avslag av huseigar fordi han har etiopisk familiebakgrunn. Foto: Privat og skjrmdump
Amanuel Meselu (19) fekk avslag av huseigar fordi han har etiopisk familiebakgrunn. Foto: Privat og skjrmdump
Artikkelen fortsetter under annonsen

Då Amanuel Meselu (19) fortalde utleigaren at han var frå ein etiopisk familie, fekk han til svar at det ikkje lenger var aktuelt å leige ut til han.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Amanuel Meselu (19) skal denne hausten flytte ut heimefrå for første gong, for å studere statsvitskap i Halden.

Ås-buen logga seg inn på Finn og byrja leite og sende meldingar på aktuelle utleigebustader.

Amanuel D. Meselu (19) flyttar til Halden for å studere statsvitskap. Foto: Privat
Amanuel D. Meselu (19) flyttar til Halden for å studere statsvitskap. Foto: Privat

– Eg leiger ikkje til afrikanske gutar

Ein utleigar ville vite meir om han og ba han fortelje litt meir om seg sjølv, familie, kor han kom frå og kva han skulle studere.

Han svarte og skreiv mellom anna at han kjem frå ein etiopisk familie, med to storesysken som også studerer.

Dagen etter vakna han til dette svaret:

Beklager, jeg leier ikke lenger ut til afrikanske gutter.

Skjermdump.
Skjermdump.

Vart sjokkerte

– Først tok eg screenshot og sendte det til søskena og venene mine. Eg lo litt oppgitt av det, og tenkte at det var eit håplaust svar, seier Meselu på telefon til Framtida.

Han fortel at som svart i Noreg har det blitt ei slags forsvarsmekanisme å le av folk som er fordomsfulle.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Storebror Daniel Meselu (23) tok affære då veslebror opplevde diskriminering på leigemarknaden. Foto: Privat
Storebror Daniel Meselu (23) tok affære då veslebror opplevde diskriminering på leigemarknaden. Foto: Privat

– Eigentleg vart eg ganske sjokkert over at ho sa det rett ut. Ho kunne jo ha kome med ei løgn og sagt at dei hadde funne nokon andre, til dømes.

Då storebror Daniel Meselu (23) såg svaret, bestemte han seg for å sende ei melding tilbake.

– Eg vart sjokkert då eg las kva ho hadde skrive og følte for å sei ifrå at det ikkje var greit. Eg prøvde å informera heller enn å gå rett i angrep, og forklara kvifor det var gale. Skal eg vera ærleg forventa eg meir ei unnskulding enn dei svara eg fekk. Det vart berre tydelegare og tydelegare at ho meinte dette, di fleire ord me utveksla, fortel han.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Den siste meldinga frå utleigar lyder: Nå må du slutte. Jeg snakker utfra bitter erfaring og tar ikke sjansen på et år til i helvete.

– Etter det har me ikkje høyrt noko meir, seier Daniel.

– Ho er vel ei sånn som seier ting rett ut, men eg trudde ikkje ho skulle reagere sånn. At ho ikkje skulle forstå at det var galt. Eg trudde ho skulle beklaga, men ho gjorde ikkje det. Ho var berre sta, legg Amanuel til.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Framtida har vore i kontakt med utleigar, som ikkje ynskjer å seie noko om saka.

Ville vise rasismen

Familien kom frå Etiopia til Noreg i 2005, for 15 år sidan.

– Det er jo lenge sidan. Me føler oss like norske som etiopiske, fortel Daniel.

Han bestemte seg for å legge ut skjermbilete av samtalen på sin Instagram-profil for å vise at slike ting skjer.

– Det er sånn type kvardagsrasisme som ikkje er så lett å sjå. Eg ville vise at diskrimineringa og rasismen er tilstades på mange fleire måtar enn det dei fleste har inntrykk av. Eg føler dei fleste tenker at å bli kalt forskjellige skjellsord ute på byen eller fysiske handlingar er dei tydelege formene for rasisme, men sånt som det her setter jo også sine spor. Ein føler seg veldig hjelpelaus, det er ikkje noko ein får gjort noko med eller som ein kan noko for. Det er veldig vanskelig.

Artikkelen fortsetter under annonsen
F.v.: Brørne Daniel Meselu (23) og Amanuel Meselu (19). Foto: Privat.
F.v.: Brørne Daniel Meselu (23) og Amanuel Meselu (19). Foto: Privat.

Begge brørne har opplevd kvardagsrasisme og diskriminering før. Småting som ein merkar er der, men ristar av seg.

– Tidlegare hadde nok eg ignorert dette, men det er noko ekstra ved det når bror min er heilt ny som student og gleder seg til å flytte ut, og så er dette det første han møter på. Det er sjeldan eg opplever så direkte og åpen diskriminering, seier Daniel.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Amanuel legg til at dei også ville vise at rasisme skjer i Noreg, sidan mange trur det ikkje er tilfelle.

– Eg reagerer ikkje når folk er rasistiske mot meg lenger, og tenker heller at dei ikkje fortener merksemd, seier Amanuel, som eigentleg meiner ein bør sei i frå.

Den unge studenten hadde ingen forventningar om at dette kunne kome til å bli eit problem, då han byrja leite etter ein plass å bu.

– Eg tenker at dette var eit rart tilfelle og at det truleg ikkje det skjer meg igjen. Eg trur på det beste i folk og trur ikkje alle er like fordomsfulle som ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Håpar fleire vil ta til motmæle

Under ei av delingane på sosiale medium har Finn.no sjølv kommentert saka.

Etter at dei delte skjermbileta, har fleire andre delt det vidare på sosiale medium og meldingane har nådd ut til fleire tusen gjennom ulike kontoar.

Folk har uttrykt støtte og fleire har fortalt om liknande erfaringar. Nokon skriv at dei har opplevd å ikkje få kome på visning, men så går det greit når dei skiftar etternamn til dømes.

– Det er rart å tenke på at det er sånn i 2020, seier Daniel, som peikar på at temaktikken er høgaktuell på grunn av demonstrasjonane mot rasisme som har vorte arrangert den siste tida.

Brørne håpar at merksemda gjer at fleire vel å ta til motmæle når dei ser slikt. Storebror Daniel meiner det ikkje berre er viktig å seie ifrå om urett, men også forklara kvifor det ikkje er greitt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er ikkje lett å endra tanksett utan å vite kvifor ein bør endra det.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Klart brot på lova

Storebror Daniel vil gjerne ta saka vidare, både i media men også til diskrimineringsnemnda.

– Eg synest ikkje vedkomande burde få lov å driva på sånn. Det er jo ulovleg, og utifrå samtalen vår virka det ikkje som ho var open for endringar. Eg vil berre ikkje at nokon andre skal bli utsett for det same, seier han.

Likestillings- og diskrimineringsombodet, Helle Holst Langseth, konstaterer at det etter husleigelova er forbode å diskriminere på grunn av etnisitet og kjønn ved utleige.

– Å nekte å leige ut til afrikanske gutar, er eit klart brot på diskrimineringsforbodet i husleigelova, og noko ombodet ser svært alvorleg på.

Mariette Lobo, fagdirektør i Likestillings- og diskrimineringsombodet. Foto: Privat
Mariette Lobo, fagdirektør i Likestillings- og diskrimineringsombodet. Foto: Privat

– Vert systematisk silt ut

Fagdirektør, Mariette Lobo, seier at når ikkje berre ein, men fleire utleigarar handlar slik, vert nokre grupper systematisk silt ut.

– Dette har veldig alvorlege konsekvensar for alle som gong på gong opplever å ikkje få tilgong til bustad.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho trekk fram at medan nesten 80 prosent av befolkinga eig bustaden sin, er det halvparten av innvandrarar som eig, og at utleigarar difor har ei viktig rolle i å sikra at alle har like høve til å bli vurdert som leigetakarar.

– Uavhengig av deira namn, hudfarge eller andre kjenneteikn som ikkje har sakleg betyding for leigeforhaldet.

FNs rasediskrimineringskomite har over flerie år peikt på at norske styresmakter må setje inn tiltak for å bekjempe diskriminering på bustadmarknaden.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Direktør i Diskrimineringsnemnda , Ashan Nishantha. Foto: Diskrimineringsnemnda
Direktør i Diskrimineringsnemnda , Ashan Nishantha. Foto: Diskrimineringsnemnda

– Ikkje lov å diskriminere basert på etnisitet

I Diskrimineringsnemnda fortel direktør Ashan Nishantha, at dei får ein del slike saker i løpet av året og at etnisitet er eit av dei grunnlaga det er ein god del av, på alle samfunnsområde.

– Generelt kan eg sei at det ikkje er lov å diskriminere basert på mellom anna etnisitet. Om ein opplever det ein meiner er diskriminering, kan ein klaga til oss.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han vil ikkje uttala seg konkret om denne saka, fordi den kan kome til å hamna på deira bord. Å klage til dei er både sikkert og gratis, ein risikerer ikkje å måtte betala motpartens omkostningar og ein treng ikkje advokat.

– Om spesifiseringa på etnisitet låg i annonseteksten, kunne me ha hastebehandla saka og eventuelt pålagt finn.no/utleigar at det vart fjerna, og gitt dagmulkt til det var fjerna. Ellers kan me tilkjenne oppreisning og erstatning på nærare vilkår.

Det er i praksis vanskeleg for Diskrimineringsnemnda å kunn forby nokon å leige ut i framtida, men dei kan pålegge stansing, retting og andre tiltak som er nødvendige for å sikre at diskriminering opphøyrer, og også for å hindre gjentaking.

Skjer det gjentatte gonger kan ein likevel risikere å bli straffa i kvart enkelt tilfelle.

Les også: Norsk kvardagsrasisme: «Hald kjeft, jævla negerungar!»