Vil la politikarane utsette demokratiske val: – Kontroversielt

Det var ein fullsett stortingssal som behandla endringar i bioteknologilova tysdag 26. mai. No føreslår Vallovutvalet å opna for at Stortinget kan utsetja Stortingsval under ekstraordinære omstende.
Det var ein fullsett stortingssal som behandla endringar i bioteknologilova tysdag 26. mai. No føreslår Vallovutvalet å opna for at Stortinget kan utsetja Stortingsval under ekstraordinære omstende. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter under annonsen

Vallovutvalet føreslår å endre Grunnlova slik at val kan verte utsett under ekstraordinære omstende.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den norske valdagen er regulert i Grunnlova. I § 54 heiter det at: «Valtinga blir haldne fjerdekvart år. Dei skal vere avslutta seinast i september.»

Det står ingenting om kven som bør ta beslutninga om å utsetja eit val, dersom det ikkje er mogleg å gjennomføra eit lokal- eller stortingsval.

Ikkje e-val, men opnar for utsetjing

I går overleverte Vallovutvalet sin rapport Frie og hemmelige valgny valglov til kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

Utvalet har jobba med si innstilling til ny vallov sidan 2017.

Fleirtalet går ikkje inn for ei elektronisk stemmeløysing, fordi dei meiner dagens løysingar ikkje er trygge nok og at ei slik løysing trugar prinsippet om frie og hemmelege val.

Det dei derimot går inn for er ein beredskapsheimel, som kan brukast til å utsetja val dersom det har skjedd «noko ekstraordinært som er eigna til å hindra ein vesentleg del av veljarane frå å stemme».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Jublar for innstilling om stemmerett for 16- og 17-åringar: – Eit stort gjennomslag for demokratiet

Korona påverkar val i Polen, Frankrike og USA

Under koronakrisa har fleire land møtt utfordringar knytta til valavviklinga. Frankrike gjennomførte første runde av årets lokalval 15. mars, men med smittevernomsyn og låg oppslutning. Andre runde er førebels utsett til seinare i år, eller neste år.

I Polen var det full forvirring om kor vidt årets presidentval skulle gjennomførast 10. mai. Regjeringspartiet Lov og rettferd pressa på for å gjennomføre valet via post, men måtte til slutt utsetje.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I USA har fleire statar måtte utsetja primærvala og det er framleis uvisst korleis pandemien vil råka presidentvalet 3. november. Fleire delstatar vurderer å opna for å stemme via post, noko som får president Donald Trump til å reagera.

Jurist og Venstre-politikar Sofie Høgestøl er førsteamanuensis ved Nordisk institutt for sjørett ved Universitetet i Oslo. Foto: UiO
Jurist og Venstre-politikar Sofie Høgestøl er førsteamanuensis ved Nordisk institutt for sjørett ved Universitetet i Oslo. Foto: UiO

Venstre-politikar: – Kontroversielt

Venstre-politikar Sofie Høgestøl er ein av 18 medlemmer i utvalet. Ho meiner koronakrisa har vist kor viktig det er å ha på plass ordentlege prosessar, dersom ein må utsetja eit val.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er kontroversielt med ein heimel som let politikarane utsetja val, fordi det er ein så viktig del av demokratiet vårt, men kanskje er folk meir opne for det no, seier ho til Framtida.

Utvalet går inn for at Stortinget med eit to tredels fleirtal kan vedta å utsetja stortingval. Ved lokalval går dei inn for at Kongen i statsråd kan utsetja valet.

Ei slik grunnlovsendring må først verte vedteken med to tredels fleirtal av to ulike Storting, noko som betyr at endringa først kan trå i kraft i 2025.