Arendal – eit klimaforbilde?

Kva kan andre kommunar lære av Arendal?
Kva kan andre kommunar lære av Arendal? Foto: Ida Johanne Aadland
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Me skal bli den første klimanøytrale kommunen i Norge!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det vart bystyret i Arendal einige om i 2008.

Sidan då har Arendal trakka opp klimaløypa, og no håpar miljø- og klimarådgjevar Ragnhild Hammer andre kommunar lærer av Arendal og følger etter.

Byen sitt billigaste hotell

Slapset og saltet i ein tjukk graut langs fortauskantane i Arendal sentrum, og berre dei ivrigaste har starta sykkelsesongen.

Ragnhild Hammer betaler to kroner for å kome seg inn på «sykkelhotellet». I sykkelby-avtalen frå 2015 står det at sykkelbruken i Arendal skal auke med 25 prosent innan 2020. Foto: Ida Johanne Aadland
Ragnhild Hammer betaler to kroner for å kome seg inn på «sykkelhotellet». I sykkelby-avtalen frå 2015 står det at sykkelbruken i Arendal skal auke med 25 prosent innan 2020. Foto: Ida Johanne Aadland

Ragnhild Hammer viser veg til eit av byen sine mange parkeringshus. I eitt av hjørna i det halvmørke og rå betongbygget har kommunen med støtte frå ulike aktørar bygd «sykkelhotell» – eit knall grønt eit.

– Akkurat no var det ikkje så mange syklar her, då, men om sommaren er det skikkeleg trøkk!, seier Hammer.

Her kan du parkere sykkelen tørt og trygt, og har du el-sykkel får du lada den. Treng du verktøy heng det eit knippe på veggen. Og prisen? Fire kroner dagen.

I tillegg til å legge til rette for trygg sykkelparkering, håpar kommunen å ha på plass elektriske bysyklar i løpet av neste år, som ein kan låne gjennom AKT-appen, den same som ein bestiller bussbillettar på.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
– Tenk berre på røykelova. Om ein tvingar fram handlingar kjem haldningane etterkvart. Det same må me gjere med klima, seier Ragnhild Hammer som håpar dei mange klimatiltaka skal gjere Arendal meir attraktivt. Foto: Ida Johanne Aadland
– Tenk berre på røykelova. Om ein tvingar fram handlingar kjem haldningane etterkvart. Det same må me gjere med klima, seier Ragnhild Hammer som håpar dei mange klimatiltaka skal gjere Arendal meir attraktivt. Foto: Ida Johanne Aadland

Får sykkelgodtgjersle, men ikkje køyregodtgjersle

Hammer betaler to kroner for å låse seg ut, og visar veg til neste parkeringshus. Fire minuttars gange frå rådhuset der dei kommunetilsette sit, har kommunen sin «bilpool» – fire elbilar og ein hybridbil.

– Nesten 80 prosent av utsleppa til kommunen kjem frå transport, så tanken bak bilpoolen er at dei tilsette skal la privatbilen stå heime.

Dei tilsette får nemleg ikkje køyregodgjersle for eigen bilbruk til og frå møte, med mindre alle dei fem bilane er opptekne. Vel ein derimot å sykle til avtalane sine, får ein sykkelgodtgjersle på linje med køyregodtgjersle.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Bildele-ordninga har ikkje berre spart klimaet, men også lommeboka til kommunen. På eitt år har dei spart 200.000 kroner på å legge til rette for at dei tilsette kan la bilen stå heime.

Les også: Mange kommunar vil satse på klimatiltak

Artikkelen fortsetter under annonsen
Kommunen gjekk grundig gjennom kva behov dei hadde, og fann ut at halvparten av dei 130 bilane kunne bytast ut med elbilar. Nokre av bilane til driftsavdelinga, som treng firhjulstrekk eller skal dra tunge hengarar, egnar seg ikkje som elbilar. Foto: Ida Johanne Aadland
Kommunen gjekk grundig gjennom kva behov dei hadde, og fann ut at halvparten av dei 130 bilane kunne bytast ut med elbilar. Nokre av bilane til driftsavdelinga, som treng firhjulstrekk eller skal dra tunge hengarar, egnar seg ikkje som elbilar. Foto: Ida Johanne Aadland

Ungar og by, hand i hand

Sola tittar så vidt fram, og gatene luktar svakt av vår allereie i februar. Det kan sjå ut som at sørlandsperla Arendal kan lage seg på vår lenge før resten av landet. Hammer skal til å peike på dei bilfrie gatene då ein drosje putrar forbi.

– Hehe, ja, det er eigentleg bilfritt i dei fleste sentrumsgatene, men akkurat her får drosjar lov å levere pasientar til fysioterapeuten.

– Bilfrie sentrumsgater handlar om å gjere det hyggeleg for folk flest, seier Ragnhild Hammer. Foto: Ida Johanne Aadland
– Bilfrie sentrumsgater handlar om å gjere det hyggeleg for folk flest, seier Ragnhild Hammer. Foto: Ida Johanne Aadland

For at det skal vere plass til ungar og andre i byen, må bilane vekk.

– Mange seier vel at barn helst skal bu på eit gardsbruk på landet, men det går an for barn å ha det bra i byen og. Om ein legg til rette for det.

Hammer trur heller ikkje handelsstanden treng å frykte eit bilfritt sentrum. Då kommunen foreslo å bygge ein leikeplass midt i sentrum, finansiert av butikkane rundt, hadde ikkje næringane trua på at det ville verte suksess.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men for to år sidan fekk likvel den eine hjørnet på Torget ein leikeplass, som sidan har trekt til seg hundrevis av barn på solfylte sommardagar.

– Sentrum skal vere tilrettelagt for folk, ikkje for bilar.

Sjølv om leikeplassen står tom ein onsdag føremiddag i februar, har den skapt stor aktivitet i Arendal sentrum dei siste to åra. Foto: Ida Johanne Aadland
Sjølv om leikeplassen står tom ein onsdag føremiddag i februar, har den skapt stor aktivitet i Arendal sentrum dei siste to åra. Foto: Ida Johanne Aadland

Rett ved leikeplassen, i Torvgata 7, finn du «Unwrapped»-butikken. Her finn ein berre produkt blotta for plast og emballasje, og skal du kjøpe gryn, kaffi eller olje må du ta med eigne boksar og flasker. Ei gate lenger nede finn du «Bygartneriet», eit hydroponi-gartneri som dyrkar grønsaker midt i sentrum.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også om akvaponianlegget i nabokommunen Grimstad: Her blir fiskebæsj til grønsaker, heilt utan utslepp

Unwrapped-butikken i Arendal får dei grøne tankane til å surre. Foto: Ida Johanne Aadland
Unwrapped-butikken i Arendal får dei grøne tankane til å surre. Foto: Ida Johanne Aadland

– Kvifor skal bilane ha den finaste utsikta?

Ho vender nasa mot sjøen igjen, og ved ferjekaien på Rådhusbrygga sukkar ho oppgitt.

På Rådhusbrygga i sentrum er det snuplass og parkeringsplass. Ventebua og sykkelparkeringa til venstre skal gjere det lettare og tryggare for båtpendlarar å ta med seg sykkelen. Foto: Ida Johanne Aadland
På Rådhusbrygga i sentrum er det snuplass og parkeringsplass. Ventebua og sykkelparkeringa til venstre skal gjere det lettare og tryggare for båtpendlarar å ta med seg sykkelen. Foto: Ida Johanne Aadland

– Dette er ei av dei finaste tomtene i sentrum, og så skal den brukast til parkering? Kvifor skal bilane få den finaste utsikta? Det er folk og ungar som skal ha den beste utsikta!

Artikkelen fortsetter under annonsen

På sikt håpar ho å byte asfalt ut med gras, og tvinge bilane under bakken. Langs sjøkanten vil ho ha ungar, kajakkutleige, symjekurs og treningsapparat.

– Det nyttar ikkje å kjempe imot bilen, men me gjer vårt beste for å ruste byen opp for gåande og syklande i staden!

Sjølv om det er mykje asfalt i sikte, kan ho skryte av å ha fått på plass ei ventebu for syklar og ferjepassasjerar også her. Liksom i parkeringshuset kostar det her fire kroner å låse inn sykkelen.

Frå same betongkai går by-ferjene. Dei fraktar 300.000 passasjerar i året, og er soleis ein viktig del av kollektivtranporten mellom dei mange øyane.

– Tenk om alle dei 300.000 skulle ha sitte i kvar sin bil på vegen!

– Det er frykteleg bortkasta pengar å bruke tusenvis på bil og buss når eg kan få meg mosjon og frisk luft heilt gratis. Vinn-vinn!, seier Kløcker. Foto: Ida Johanne Aadland
– Det er frykteleg bortkasta pengar å bruke tusenvis på bil og buss når eg kan få meg mosjon og frisk luft heilt gratis. Vinn-vinn!, seier Kløcker. Foto: Ida Johanne Aadland

Ei som ikkje brukar morgon og kveld på vegen, er vintersyklist og folkehelsekoordinator Tone Worren Kløcker. Ho har sykla til jobb kvar dag i seks år.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er det to grunnar til. Sykkelglede og sparte pengar, seier Kløcker.

For andre år på rad arrangerer kommunen i vinter eit vintersyklistprosjekt, der dei ønsker tilbakemeldingar på korleis sykkelforholda i kommunen er. Dei rundt 20 syklistane som er med registrerer forholda langs vegen for å synleggjere korleis det er å vere heilårssyklist. Kjennest det trygt ut? Er det godt nok brøyta? Er vegen tilrettelagt for syklistar? Kva utstyr treng du for å halde varmen?

Artikkelen fortsetter under annonsen

På sikt håpar Kløcker at prosjektet og dokumentasjonen skal forbetre sykkelkvaliteten og vise at det er mogleg å sykle året rundt.

Les også: CO2-svampar skal gjere klimagass til drivstoff

E18-paradokset

– Mange bedrifter kjem til oss og spør korleis dei kan bli meir klimavenlege. Då svarar eg: «du kan begynne med å ikkje gje gratis parkering til dei tilsette», seier Hammer. Er du tilsett i kommunen er det ingen kjære mor. Vel du å køyre til jobb kostar det deg 150 kroner i parkering kvar dag. Foto: Ida Johanne Aadland
– Mange bedrifter kjem til oss og spør korleis dei kan bli meir klimavenlege. Då svarar eg: «du kan begynne med å ikkje gje gratis parkering til dei tilsette», seier Hammer. Er du tilsett i kommunen er det ingen kjære mor. Vel du å køyre til jobb kostar det deg 150 kroner i parkering kvar dag. Foto: Ida Johanne Aadland

Samstundes som Hammer, Kløcker og mange andre gjer alt dei kan for å redusere utsleppa, grev gravemakiner og vegentreprenørar opp E18 for å uvide vegen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Blir det betre vegar, køyrer folk meir. Det er jo ikkje vanskelegare enn det, sukkar klimarådgjevar Hammer.

For å nå klimamåla på både kommunalt og nasjonalt nivå, må ein gjere noko med den største syndaren – transport. Hammer er smerteleg klar over kven den sterkaste motstandaren er.

– Ein varm, fin, trygg bil. Det er det me har å konkurrere med.

Utan bompengar og avgifter stiller bilen i ein heilt annan vektklasse enn buss og sykkel. Hammer håpar derfor politikarane går inn for høge bompengetakstar når vegen står klar til sommaren.

– Om det kostar 70 kroner i bompengar kvar veg til jobb, i tillegg til 150 kroner for parkering i sentrum, vil nok fleire vurdere bussbilletten som kostar 84 kroner tur retur, seier ho.

Les også: Klimakalkulator skal gjere bonden klimasmart

«Myttji lys og myttji varme»

Fleire gongar om dagen dreg 45.000 arendalittar i snora på do, og sender med det litt av kvart vidare til gjengen som jobbar på reinseanlegget på Saulekilen. Her møter Framtida.no driftsleiar Geir Breimyr som sørger for at kloakken blir brukt til noko nyttig – lys og varme.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Når ein reinsar kloakk, står ein igjen med mykje metangass, ein brennbar, eksplosiv og miljøfientleg gass. Før brann reinseanlegget all gassen i ein fakkel på taket, noko som er både forureinande og sløsing med energi, forklarer driftsleiar Breimyr.

I denne «bobla» vert all gassen lagra før den blir sendt gjennom gassgeneratoren der den vert omdanna til straum. Foto: Ida Johanne Aadland
I denne «bobla» vert all gassen lagra før den blir sendt gjennom gassgeneratoren der den vert omdanna til straum. Foto: Ida Johanne Aadland

For sju år sidan fekk dei installert ein gassgenerator, og lagar no straum av gassen i staden. 30 prosent av forbruket deira vert dekt av eigen straumproduksjon.

– Miljømessig er det gunstig, men det er så vidt det går i pluss økonomisk, seier Bjørn Knudsen, tidlegare driftsleiar på anlegget.

Breimyr geleidar oss gjennom reinseanlegget, eit kjempelangt bygg der avløpsvatnet skal gjennom utallige filter og reinsar før slammet er klart for å bli brukt.

Tusenvis av plastbitar, eller biomedier, lokkar til seg algar som reinser vatnet. Foto: Ida Johanne Aadland
Tusenvis av plastbitar, eller biomedier, lokkar til seg algar som reinser vatnet. Foto: Ida Johanne Aadland

I eit av dei første romma går kloakken gjennom mekanisk reins, der q-tips, dopapir og mais vert skild ut. Neste steg er biologisk reins, der ein haug med mikroorganisamar og bakteriar reinsar vatnet. Til slutt vert kloakken sendt til kjemisk reins, der slammet og fosforet vert bunde saman og flyt opp til overflata. Då står ein berre igjen med den delen av avløpsvatnet ein kan sleppe ut i naturen igjen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Slammet som flyt opp, vert lagra i tette tankar kor bakteriar omdannar slammet og produserer metangass. Etter 5 veker med gjæring er gassen klar for straumproduksjon.

Det kan sjå uappetittleg ut, men avløpsvatnet som blir til straum smakar godt for klimaet og lommeboka til kommunen. Foto: Ida Johanne Aadland
Det kan sjå uappetittleg ut, men avløpsvatnet som blir til straum smakar godt for klimaet og lommeboka til kommunen. Foto: Ida Johanne Aadland

Brukar mykje energi på straumsparing

Den største miljøgevisten kan kommunen takke blant anna takke energisentralen for. På Bjorbekk i Arendal sit det tre menn – ein ventilasjonsteknikar, ein elektrikar og ein ENØK-ingeniør. Oppgåva deira er å halde skuleborn og eldre varme, samstundes som dei skal spare så mykje energi og straum som dei berre klarar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Frå dei mange dataskjermane styrer dei temperaturen i alle dei kommunale bygga, blant anna skular, barnehagar og pleieheimar. Gjengen på straumsentralen har sørga for at Arendal sidan 2013 har minska energiforbruket sitt med 13 prosent, og dermed også spart ein heil del pengar.

Med åtte skjermar følger Bernt Arvid Danielsen med på energibruken i heile kommunen. Foto: Ida Johanne Aadland
Med åtte skjermar følger Bernt Arvid Danielsen med på energibruken i heile kommunen. Foto: Ida Johanne Aadland

– Kvart bygg har sin eigen levemåte, det tek tid å forstå kva som passar best til kvart enkelt bygg, seier Bernt Arvid Danielsen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I rekneskapet må ein også ta med at kommunen at har fått 90 nye ladepunkt, og at husa i større grad vert brukt også på kveldane.

Samanlikna med fjoråret har kommunen spart både pengar og straum. Tala er temperaturregulerte. Foto: Ida Johanne Aadland
Samanlikna med fjoråret har kommunen spart både pengar og straum. Tala er temperaturregulerte. Foto: Ida Johanne Aadland

Dei seier dei førebels berre har plukka dei lågthengande fruktane, og dei lettaste og mest effektive tiltaka. Sidan 2008 har dei til dømes byta ut alle oljekjelane i kommunale bygg med vamepumper. I 2015 vart kommunen heilt oljefri.

– Me har framleis mykje å gå på i gamle bygg, men det kostar, seier Danielsen.

Roligheden skole skal stå ferdig til skulestarten i haust og blir det første offentlege nullhuset i kommunen.

I resten av bygga er målet at energiforbruket skal ligge 10 prosent under normalen for bygningstypen. Det klarar dei ved å byte ut oljefyringa med varmepumper, skifte vindauge, etterisolere, byte ventilasjon, bruke varmegjenvinning i ventilasjonen og byte til led-lys som krev mindre straum og vedlikehald. Dei kjøper svanemerka produkt og vektar gode klimaprofilar når dei har oppdrag ute på anbod.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
– Arbeidet med klima og ENØK stoppar aldri. Ein kan alltid bli betre, seier Frode Pedersen. Foto: Ida Johanne Aadland
– Arbeidet med klima og ENØK stoppar aldri. Ein kan alltid bli betre, seier Frode Pedersen. Foto: Ida Johanne Aadland

– Det er mykje ein kan gjere, men skal det fungere 100 prosent må ein ha automatikk. Smarte bygg med sensorar er nøkkelen til energisparing, seier Frode Fraas Pedersen.

Som resten av dei kommunalt tilsette fekk dei elbil for nokre år sidan. Først var dei litt usikre på å køyre rundt i dei knallgrøne bilane, men med tida har dei lært seg å like dei.

– Aller helst ønskar me oss jo grønne blinklys på toppen av taket! spøkar Pedersen.

Smalare midje og tjukkare lommebok

Arendal har redusert utsleppa sine med nesten 80 prosent sidan 2007. Målet var 90 prosent reduksjon. Dei største gevinstane kjem utan tvil frå oljeutfasinga, reduseringa av energiforbruket og innkjøp av lågutsleppskøyretøy. No oppfordrar klimarådgjevar Hammer andre kommunar til å følgje etter.

– Avgjersler på kommunalt nivå kan åleine kutte ein tredjedel av Norge sine utslepp, så at det nyttar er det ingen tvil om. I tillegg betyr god klimapolitikk ofte smalare midje og tjukkare lommebok!, seier ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Klimanøyral drift betyr ikkje det same som nullutslepp, men at dei har kompansert for dei utsleppa dei ikkje har klart å kutte ved å kjøpe kvoter. Dei kuttar det dei kan, og kjøper kvoter for resten. I 2040 ønsker Arendal å vere 1,5 graders byen, som betyr at utsleppa må ned til 1 tonn per person, åtte gongar mindre enn snittnordmannen i dag.

– For å kome dit må ein bruke både pisk og gulrot. Ein må lirke, men også vere litt streng, seier Hammer.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Det kan sjå trangt ut mellom husa, men går du nærare finn du «beinveiane» – eit heilt nett av gangstiar, trapper og snarvegar som skal gjere vegen til sjøen tilgjengeleg for alle. Foto: Ida Johanne Aadland
Det kan sjå trangt ut mellom husa, men går du nærare finn du «beinveiane» – eit heilt nett av gangstiar, trapper og snarvegar som skal gjere vegen til sjøen tilgjengeleg for alle. Foto: Ida Johanne Aadland

Å vere rein i ein skitten bransje

Ei av gulerøttene er gratis kurs i miljøsertifisering. For at klimaarbeidet ikkje skal verte eit skippertaksprosjekt er både kommunar og bedrifter som er eller ønsker å bli miljøsertifisert invitert på kurs.

Rapporteringa er nemleg ein viktig del av klimaarbeidet.

– Å ikkje rapportere og føre klimarekneskap er som å slanke seg utan badevekt, seier Hammer.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho fortel om hotelleigaren som gjerne ville bli med på klimadugnaden, men som ikkje hadde oversikt over utsleppa sine. Då han begynte å føre energirekneskap såg han at han varma opp gangvegen utanfor hotellet heile året.

– Det hadde aldri blitt oppdaga om han ikkje begynte å føre klimarekneskap!

Kursleiar Ketil Fløgstadoppfordrar bedriftseigarar og leiarar til å få med bjellekyra.

– Alle arbeidsplassar har nokre bjellekyr. Dei som snakkar høgast i lunsjen og som alle høyrer på. Få dei til å spreie dei god eksempla og snakke fram miljøperspektivet!

Elisabeth Wang-Hansen håpar miljøsertifiseringa, reine produkt og at dei har eit arbeidsmiljø som er trygt for både dei tilsette og naturen gjer at kundane vel å pleie bilen hos hennar bedrift. Foto: Ida Johanne Aadland
Elisabeth Wang-Hansen håpar miljøsertifiseringa, reine produkt og at dei har eit arbeidsmiljø som er trygt for både dei tilsette og naturen gjer at kundane vel å pleie bilen hos hennar bedrift. Foto: Ida Johanne Aadland

Ei av dei som har valt å kome på kurs er Elisabeth Wang-Hansen frå XO Bilpleie i nabokommunen Grimstad. Den to år gamle bilpleiebedrifta vart miljøsertifisert for knapt eit år sidan.

I ein bransje der det stadig vert avdekka useriøse aktørar som ikkje har ting på stell, vil Wang-Hansen vere ei motvekt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Me valde å serftifisere oss for å vise at me er ein seriøs aktør i ein useriøs sektor.

Å smørje politikarane med godvilje

Med klima- og miljørådgjevar Hammer i spissen blir det arrangert uformelle, tverrpolitiske møte kvar månad i ei arbeidsgruppe med leiarane frå både administrasjonen og politikk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Målet er å skape eit lågterkel diskusjonsforum der openheit, spørsmål og svar skal gjere politikarane trygge på ufordringane og moglegheitene komunnen har.

– Politikarane skal vere trygge på klimatiltaka og kva dei inneber, slik at dei kan formidle det vidare til eigne parti og ikkje minst veljarane. God klimapolitikk er synonymt med god leiing, seier Hammer.

For uansett kor gode klimaplanar Hammer og dei andre kommunetilsette lagar, er dei avhengige av politisk semje for å få tiltaka gjennomført.

– Politikarane er gode til å bestemme når dei får gode planar å jobbe etter.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Å få med folk

Lokal klimarisiko

Denne artikkelen er ein del av ein artikkelserie om lokal klimarisiko og løysingar på klimaproblema. Framtida.no samarbeider med lokalaviser over heile landet, Landslaget for lokalaviser, ABC Nyheter og Energi og Klima om prosjektet fram mot lokalvalet i september. Artikkelserien er støtta av Fritt Ord. Tips oss gjerne på tips @ framtida.no!

Gode val er noko ein må legge til rette for, ikkje noko ein kan presse på folk. For å så gode samarbeidsfrø inviterer derfor kommunen både innbyggarar og bedrifter til folkemøter.

– Om folk får vere med å bestemme, er det større sjanse for at dei har lyst til å gjere noko, seier kommuneplanleggar Hans Birger Nilsen som leier arbeidet med å utvikle ein ny og grøn kommuneplan.

Omkring femti personar har møtt på folkemøtet ein tysdag kveld. Rundt idemyldringsborda renn ideane inn: Utstyrsbibliotek, frådrag på renovasjonsordningar for dei som driv med kompost, tilskot til busskort i staden for gratis parkeringsplass, setje av parkeringsplassar til bildeling i sentrum, felles billettsystem for alt kollektivt, bydelssenter som gjer at folk slepp å reise inn til sentrum for handling, gågrupper til skulane, bussar som passar med fritidsaktivitetane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Kommuneplanleggar Hans Birger Nilsen skriv ned alle innspel under spørsmålet «korleis kan kommunen gjere det lettare for innbyggarane å ta klimavenlege val?». Foto: Ida Johanne Aadland
Kommuneplanleggar Hans Birger Nilsen skriv ned alle innspel under spørsmålet «korleis kan kommunen gjere det lettare for innbyggarane å ta klimavenlege val?». Foto: Ida Johanne Aadland

Dama mot straumen

Ragnhild Hammer har ikkje berre klima i arbeidstittelen sin, men brenn for ein leveleg klode og gode løysingar døgnet rundt. Bak vedtaka, tiltaka og elbilane står ho og masar og masar.

– Eg har alltid vore i mindretal, i politikken, som kvinne i landbruket, i klimakampen. Men eg trur at det eg trur på vert best for flest til slutt, og det får eg meir og meir rett i.

Stjørdalsdama har budd mesteparten av sitt vaksne liv i Oslo. Ho har bakgrunn frå både SV, Fairtrade og landbruk, men då mannen hennar Øyvind Djupedal vart fylkesmann i Aust-Agder for ni år sidan, vart ho, litt motvillig, med på flyttelasset. Så dukka klima- og miljørådgjevar-stillinga opp.

– Eg må ha ein jobb der eg kan stå opp om morgonen og tenke «åh, kva skal eg redde i dag?».

Å vere god på klima handlar om gode leiarar, politisk vilje og at dei miljøvenlege alternativa er dei best for innbyggarane. – Me må alle gjere ting annleis i morgon enn me gjer det i dag, seier Ragnhild Hammer. Foto: Ida Johanne Aadland
Å vere god på klima handlar om gode leiarar, politisk vilje og at dei miljøvenlege alternativa er dei best for innbyggarane. – Me må alle gjere ting annleis i morgon enn me gjer det i dag, seier Ragnhild Hammer. Foto: Ida Johanne Aadland

Les alt frå artikkelserien «Lokal klimarisiko» her.