Gaarder om norsk oljeboring: – Eg synest det er heilt grotesk

<p>– Eg synest det er heilt grotesk at vi som verdas rikaste land skal drive å grave oss ned etter meir olje etter kvart som isen smeltar, sier Jostein Gaarder. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix</p>
– Eg synest det er heilt grotesk at vi som verdas rikaste land skal drive å grave oss ned etter meir olje etter kvart som isen smeltar, sier Jostein Gaarder. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Saman med 24 andre norske kultur- og forskingsprofilar stiller forfattaren seg bak elevane som skulkar skulen for å tvinge fram klimahandling.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

«Vi nektar å la framtidige generasjonar arve ein døyande planet fordi vi unnlét å handle no.»

Det skriv 25 av Noregs fremste kultur- og forskningsprofilar i eit meiningsinnlegg hjå Aftenposten.

Gjer opprør som Extinction Rebellion

Profilane stiller seg alle bak skulestreiken som i dag sveipar over 123 land i verda, og samstundes tilsluttar dei seg opprørserklæringa frå Extinction Rebellion Noreg. Denne seier at samfunnspakta med myndigheitene er brote: Styresmaktene har sett ålmenta sine interesser til sides for kortsiktig vinst og privat profitt.

Erklæringa manar til ikkje-valdeleg opprør, og krev at det vert danna eit råd som skal føre tilsyn med at dei nødvendige tiltaka vert gjennomførte, og dagens katastrofale kurs endra.

Heile opprørserklæringa frå Extinction Rebellion kan du lese her.

Les også intervju med aktivistane som er villige til å ryke i fengsel for kloden:

– Eg har lenge forstått at klimaendringane er ein eksistensiell trussel, men eg har ikkje visst kva eg skal gjere før no

(Artikkelen fortsetter under)

– Mange ferske aktivistar går inn med ei oppfatning om at alle er så «tøffe» og «barske», og at må du bite tenna saman og takle alt for å vere ein god aktivist. Det stemmer ikkje, seier Johanne som har vore aktivist i snart tre år. Foto: Ida Johanne Aadland
– Mange ferske aktivistar går inn med ei oppfatning om at alle er så «tøffe» og «barske», og at må du bite tenna saman og takle alt for å vere ein god aktivist. Det stemmer ikkje, seier Johanne som har vore aktivist i snart tre år. Foto: Ida Johanne Aadland

– Mange ferske aktivistar går inn med ei oppfatning om at alle er så «tøffe» og «barske», og at må du bite tenna saman og takle alt for å vere ein god aktivist. Det stemmer ikkje, seier Johanne som har vore aktivist i snart tre år. Foto: Ida Johanne Aadland

Kvar er foreldrene?

Ein av profilane som har skrive under er Jostein Gaarder. Den anerkjende forfattaren roser ungdomsengasjementet, men stiller spørsmål om kvifor ikkje foreldregenerasjonen reagerer på same måten som borna.

– Eg synest det er heilt grotesk at vi som verdas rikaste land skal drive å grave oss ned etter meir olje etter kvart som isen smeltar, sier Gaarder til Framtida.no.

Forfattaren spøkte då med at han som 66-åring kanskje måtte finne fram kjeledressen og kjettingen, men for no har han funne ein annan måte å slå seg saman med ungdomsopprøret.

Desse har skrive under meiningsinnlegget:

Karl Ove Knausgård, forfatter
Karl Ove Knausgård, forfatter

Ingvar Ambjørnsen, forfatter

Rasmus Benestad, seniorforsker ved Meteorologisk institutt

Ingvild Burkey, forfatter

Helge Drange, professor i geofysikk ved UiB og klimaforsker ved Bjerknessenteret

Elisabeth Eide, professor ved Institutt for journalistikk og mediefag, OsloMet

Jostein Gaarder, forfatter

Asgeir Helgestad, fotograf

Dag O. Hessen, professor i biologi, Universitetet i Oslo

Ane Hjort Guttu, billedkunstner og filmskaper

Thomas Hylland Eriksen, professor i sosialantropologi, Universitetet i Oslo

Erland Kiøsterud, forfatter

Karl Ove Knausgård, forfatter

Kjartan Kristiansen og DumDum Boys

Lars Lillo-Stenberg, sanger og låtskriver

Pål W. Lorentzen, høyesterettsadvokat

Ketil Lund, høyesterettsdommer emeritus

Maja Lunde, forfatter

Aleksander Melli, forfatter

Gert Nygårdshaug, forfatter

Kristine Næss, forfatter

Maja S.K. Ratkje, komponist og musiker

Bjørn H. Samset, forskningsleder ved CICERO

Beate Sjåfjell, professor ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo

Wera Sæther, forfatter og fotograf

Arne Johan Vetlesen, professor i filosofi, Universitetet i Oslo

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden