Havet stig: Over 50.000 bygningar kan bli ramma

Forskar Kristian Breili og matematikar Oda Roaldsdotter Ravndal frå Kartverket har vore med å utvikla ei ny teneste frå Kartverket som lar deg sjå konsekvensane av auka havnivå. Her er i Bergen kan over 2700 bygningar bli overflødde med 20-årsstormflo i 2090.
Forskar Kristian Breili og matematikar Oda Roaldsdotter Ravndal frå Kartverket har vore med å utvikla ei ny teneste frå Kartverket som lar deg sjå konsekvensane av auka havnivå. Her er i Bergen kan over 2700 bygningar bli overflødde med 20-årsstormflo i 2090. Foto: Synne Storvik, Kartverket

Ei ny teneste frå Kartverket viser kva bygg og vegar som kan bli overflødde om 70 år, som følgje av auka havnivå.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Tre av fire nordmenn bur langs kysten, og kring 280 kommunar har ei kystlinje. Klimaendringane gjer at havet utvidar seg og isen smeltar på Grønland og Antarktis. Om 70 år vil auka havnivå føra til at rundt 50.000 bygningar vil bli overflødde under middel høgvatn, ifølgje Kartverket.

Ved stormflo vil det vera endå fleire bygningar som blir råka. Ved ein 20-års stormflo i Bømlo kommune i 2090, er det rekna med at 2289 bygningar vil vera overflødde. I Bergen er talet 2760 bygningar. Dei fleste kystkommunane har fleire hundre bygningar som vil bli overflødde.

Lokal klimarisiko

Denne artikkelen er ein del av ein artikkelserie om lokal klimarisiko og løysingar på klimaproblema. Framtida.no samarbeider med lokalaviser over heile landet, Landslaget for lokalaviser, ABC Nyheter og Energi og Klima om prosjektet fram mot lokalvalet i september. Artikkelserien er støtta av Fritt Ord. Tips oss gjerne på tips @ framtida.no!

– Størst havstigning vil det koma i dei områda der landhevinga er minst, det vil seia Sør- og Vestlandet, seier Kristian Breili. Han er forskar ved Kartverket og har vore med på å laga den nye tenesta Se havnivå i kart, som har rekna på kor mykje havet vil stiga i 2090.

Les også: Klimarisiko: – Det finst nesten berre éin måte det kan gå bra på

Havet kan stiga endå meir enn først trudd

Kartverket har utvikla kartet som viser det ein reknar med vil bli havnivået i Noreg i 2090.
Kartverket har utvikla kartet som viser det ein reknar med vil bli havnivået i Noreg i 2090.

Då framskrivningene av havnivå vart utarbeidd i 2015 tok Kartverket i bruk den beste kunnskapen dei hadde om havnivåendringer.

– I lys av nyare studiar vil eg seia at isbidraget i desse modellane må vurderast som beskjedent, men det er vanskeleg for meg å bedømma om tala i dei nye studiane er meir pålitelege, seier Kristian Breili i Kartverket.

Miljødirektoratet og Kartverket er difor per i dag innstilt på å venta til neste hovudrapport frå FNs klimapanel før dei oppdaterer framskrivingane for Norskekysten.

Klimapanelet sjølv reknar tala sine som middels sannsynlege, og det er mogleg at havnivået kan stiga endå meir.

Ein ny stor studie av issmeltinga på Grønland viser at havnivået kan stiga fortare enn ein før har rekna med.

LES OGSÅ: Vêrvarsel for dei neste 70 åra: Meir ekstremnedbør

– Bygg høgare!

Asgeir Sorteberg er professor ved Universitetet i Bergen. Foto: UiB
Asgeir Sorteberg er professor ved Universitetet i Bergen. Foto: UiB

Professor Asgeir Sorteberg ved Bjerknessenteret meiner alle nybygg bør ta omsyn til at havnivået stig.

– Tar ein høgde for ein knapp meter havstigning så er ein relativt godt førebudd viss ein tenkjer ei levetid av ny infrastruktur på typisk 100 år. Byggjer ein ting som skal stå lengre bør ein nok heva nivået, seier Sorteberg til Framtida.no, og legg til:

Det skal seiast at desse anslaga er basert på at Grønlandsisen og Vest-Antarktis ikkje akselerer bidraget sine ytterlegare. Dette er eit tema der me veit relativt lite.

Sjå kor mykje havet er rekna å stiga der du bur, og kvar havet vil stiga over vegar og bygningar!

Personvernpolicy