– Dei som skriv hatytringar er ikkje einsame ulvar

Carina Risborg Holter er no research executive hjå Ipsos, avdeling for forskning, politikk og samfunn.
Carina Risborg Holter er no research executive hjå Ipsos, avdeling for forskning, politikk og samfunn.

Biletet ein har av einsame ulvar som sit heime i kjellarleilegheita si og har det fælt, er feil. Det syner ei ny masteroppgåve frå UiO.

– Dei ser på seg sjølve som offer fordi dei meiner dei vert bevisst sensurerte at eit ytringsdiktatur: meiningane deira vert ulovleggjort gjennom paragrafar og retningslinjer, seier Carina Riborg Holter.

Den 27 år gamle sosiologen har brukt dei siste to åra på å granske verkelegheitsoppfatninga til menneske som skriv hatefulle ytringar i norske kommentarfelt. Resultatet har ho skrive om i masteroppgåva si, «Kampen om sannheten – En narrativ analyse av virkelighetsforståelsen til avsendere bak hatefulle ytringer».

Kva får nokon til å pøse hat ut i offentlege fora?

Menn over 40 år

Holter har gått igjennom nesten 4000 sensurerte og anonymiserte kommentarar frå Dagbladet og Nettavisen. Av dei som oppfylte Holter sine kriterium om ordbruk, krigsretorikk og å vere retta mot etnisk, religiøs eller kulturell gruppe, så var det til slutt 15 personar som ville stille til intervju.

Alle var menn, alle var over 40 år, med eit spenn av utdanningsbakgrunnar og frå ulike stadar i landet.

Kjønn og alder var eit fellestrekk blant avsendarane, men dei hadde også andre likskapar.

– Det som kjenneteikna dei på tvers var ei konspirasjonsorientert verkelegheitsforståing, som botna i ei ganske djup mistillit til etablerte samfunnsinstitusjonar som politikarar, forsking og offentlegheita generelt, seier Holter.

Ho fortel at intervjuobjekta hadde ein tendens til å opphalde seg på alternative medier, og i si eiga boble. Dei opererte med si eiga forståing av kva som er sant, og har allereie peika ut fiendar og heltar i verkelegheita si.

Les også: Noregs aller rikaste eig stadig meir

Historier ein må ta på alvor

Holter understreker at endå ingen kvinner var del av hennar utval, så tyder det på ingen måte at kvinner ikkje skriv hatytringar. Noko Kyrre Lien si VG-reportasje om nettkrigarar også syner.

Dei fleste avsendarane møtte Holter ansikt til ansikt, men nokre prata ho med på telefon, og ein korresponderte ho med på epost over fleire månadar. Det var sentralt for sosiologen å møte desse personane på ein audmjuk og respektfull måte, og ikkje stemple dei som hatefulle eller dumme.

– Eg var veldig oppteken av at dette er menneske med sine historier, sine liv, sine unike perspektiv. Ein skal ta deira haldningar og meiningar seriøst, og eg ynskjer genuint å forstå kvifor dei har dei haldningane på den eine sida, og kvifor dei uttrykker desse på den måten i slike fora.

Ikkje einsame ulvar, men familiefolk

Ifølgje Holter er det grunn til å sjå ein gong til på fordommane ein gjerne har mot dei som ytrar seg hatefullt i offentlege fora:

– Det biletet ein gjerne har er at dei er einsame ulvar som sit i kjellarleilegheita si og berre har det fælt, men nesten alle hadde familie med barn, kone, og barnebarn. Dei var veldig familieorienterte. Dei var ikkje i nokon sosial isolasjon, ikkje i det heile, forklarer 27-åringen.

Holter seier mange verka som dei var i miljø der andre delte deira synspunkt, men at fleire fortalte om ein nevø, ei søster eller nokon på jobb som dei hadde heftige diskusjonar med.

Slik vert hatefull ytring definert i Straffelova:

Straffelova, paragraf 185. Kjelde: Lovdata.no
Straffelova, paragraf 185. Kjelde: Lovdata.no

Les også: Reportasjen om 18 år gamla Ali Hamza som heldt på å melde seg ut av politikken på grunn av netthets

Offer og varslar

Holter fortel at informantane gjerne ser på seg sjølve som både offer og varslarar. Sosiologen fortel at mange ho prata med dreg parallellar til det dystopiske samfunnet frå Orwell-romanen 1984 eller den strenge politiske sensuren frå den kalde krigen og Sovjetunionen.

– Samstundes er dei sjølve det unike mennesket som har fått den innsikta som ingen andre har. Andre folk er bedøva, søv, eller dopa ned av politisk propaganda, medan dei sjølve er vakne og opplyste. Dei har difor ikkje noko val, dei må varsle og på den måten, viss ikkje skjønar ikkje folk alvoret.

Vatnar ut norsk kultur

For desse avsendarane er genuint redde for at det dei meiner er norsk kultur skal verte vatna ut. Holter fortel at ulike mennesker la vekt på ulike ting: Nokre fokuserte på eit kristent aspekt, andre ikkje. Ein ting var likevel felles: fokuset på norske kvinner.

Skjermdump frå masteroppgåva.
Skjermdump frå masteroppgåva.

– Dei ser på kvinner som beskyttarar av nasjonen. Kvinna er inngangen til den etniske reinskapen. Veldig mange brukte kjensleladd retorikk, der dei sa at norske kvinner og barn er i fare, at: «norske kvinner vert valdtekne, norske barn vert slegne», seier Holter og legg til:

– Dei såg på seg sjølve som kvinnene sine forsvararar. Dei måtte stå opp for dei norske kvinnene, men også dei muslimske kvinnene som ikkje kan snakke for seg, og vert i forlenging nasjonsforsvararar.

Dette er ein del av det Holter kallar eit kvinnebeskyttarparadoks. På den eine sida framstiller avsendarane seg sjølve som liberale forkjemparar for kvinner sine rettar, men på den andre så glorifiserer dei òg tradisjonelle kjønnsrollemønster og går hardt ut mot feminismen.

Les også: Mattilsynet rår nordmenn frå å gi kjæledyr i julegåve

Den spontane og den provoserande

Målet er med andre ord å vekke nasjonen for å redde den, og å overtyde andre om den same virkelegheitsforståinga som dei sjølve.

I analysearbeidet fann Holter ut at avsendararane gjerne deler seg i to grupper, som kvar har sin metode for å overbevise: dei som bruker kjensler og dei som provoserer. Mellom dei to er det stor forskjell.

– Det som gjerne kjenneteikner dei som bruker kjensler, er at dei ofte skriv i caps lock, dei bannar mykje, og dei skriv spontant. Dei har sett ein artikkel dei ikkje likar og vert så provosert at dei berre hamrar laus, seier Holter, og legg til at dette gjerne er det klassiske mediebilete av ein avsendar.

Dette er ein kommentar frå ein spontan, og kjenslestyrt avsendar:

Den spontane ytraren. Skjermdump frå masteroppgåva.
Den spontane ytraren. Skjermdump frå masteroppgåva.

Og så har du dei som skriv med provokasjon. Holter fortel at denne typen ytring er meir bevisst, kalkulert og planlagt. Dei er rolegare, og ikkje like grove i forma. Dei er difor også vanskelegare å få auge på.

Den provoserande avsendaren skriv utan caps lock, og framstår meir kontrollert:

Den provoserande ytraren. Skjermdump frå masteroppgåva.
Den provoserande ytraren. Skjermdump frå masteroppgåva.

– Det eg fann i min studie er at sjølv om ein gjerne fokuserer på dei som skriv med kjensler, så er det ofte dei som skriv for å provosere som har dei farlegaste haldningane. Dei har lese mykje meir, er oftare engasjert i grupper, og er hyppigare brukarar av alternative medier. Dei er mykje djupare inne i ei konspiratorisk verd, og skriv på denne måten for å lure lesarane inn, fortel Holter.

Les også: Slik møter du hatefulle ytringar på nett

Bør vi ha ytringsfridom?

Holter meiner noko av det viktigaste ein kan gjere, i staden for irettesetjande tiltak som sensurering, er å jobbe førebyggjande.

– Sensurering og irettesetjing vil vere eit bevis på den verkelegheitsforståinga dei har. Det tyder ikkje at ein skal la vere å regulere kommentarfelt, men ein må vere medvitne om effekten, seier Holter.

Sosiologen meiner at sensur kan føre til eit uønska ekkokammer med omsyn til kor avsendarane hentar informasjonen sin og korleis dei skapar verkelegheita si, og det er det som er farleg. Dersom deira stemmer vert fjerna frå alle ordinære nyheitskanalar, så vil avsendarane i aukande grad oppsøke berre alternative medier, og late att auga for andre.

– Målet må vere å nå ut til menneske med radikale haldningar før dei hamnar i kognitiv isolasjon. Før sinnet lukkar seg, seier Holter.

Kva skal ein gjere?

Sosiologen reagerer difor på val som at holocaust og andre verdskrig ikkje er med i skissene til ny læreplan for barne- og ungdomsskulen. Anti-semittisme er i levande live i Noreg i dag, og det må ein ta på alvor på same linje som islamofobi, seier ho.

Eit veldig viktig steg i førebyggingsarbeidet vil også vere å sikre at det ikkje vert eit skilje mellom media og alternative media.

– Ein må klare å gjenopprette tilliten til ordinære media og eit meiningsmangfald. Det vert bobler med verkelegheiter som lever side om side, men som aldri kryssast. Sosiale medier har gjort det endå verre med sine algoritmer, du vert berre eksponert for det du likar. Ein treng eit felles rammeverk for kritisk tenking og ytringskultur, seier ho.

Samstundes trur Holter at sosial nærleik vil ha mykje å seie.

– Om ein lever i homogene miljø har ein kanskje minoritetsgrupper meir på avstand, og det kan vere lettare å utvikle fordommar, der dei bileta du har er dei du får frå media og Internett. Om det let seg gjere, gje dei mogelegheita til å verte kjende med dei dei har fordommar mot, og sjå at ikkje alle mennesker er slik du trur eller ser føre deg.

Les også: Gründer vil lada elbil med lakseskit

Saken ble først publisert av Framtida.no

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden
09:27 Ingvild Flugstad Østberg: – Jeg ventet på smellen07:51 Svart hull i midten av Melkeveien har stor appetitt07:32 Brann i bygård i Oslo slukket06:54 Australske byer risikerer å gå tomme for vann06:45 Stjernedryss for Ødegaard: Toppkarakter over alt06:17 Lærer tiltalt for seksuell omgang med elev06:08 Dette skjer i dag05:30 Dette skjedde i natt05:06 Bahamas slapp unna med kraftig regn da nytt uvær truet05:05 Ingen alvorlige hendelser på Vestlandet tross uvær04:13 Over halvparten av kvinnelige bartendere utsatt for trakassering04:04 Sanders avlyser valgkampmøter for å skåne stemmen03:25 Carl I. Hagen mener Frp bør stille ultimatum til regjeringen02:50 Jevn Hovland klatret på plasseringen02:29 Sterke tall for turistnæringen på Vestlandet01:44 Halve Saudi-Arabias oljeproduksjon rammet av droneangrep01:41 Elevrekord ved folkehøgskolene00:39 Mann pågrepet for ildspåsettelse og biltyveri i Hedmark23:05 Uværshelg i Sør-Norge: Varsler flom, jordskred, kraftig regn, vind og snø22:34 Folk på Vestlandet bes holde seg innendørs22:23 Legendarisk Porsche opp i flammer ved Tusenfryd21:28 Britisk politi på jakt etter stjålet gulltoalett21:24 Hundebutikkeier: – Hvis det fortsetter sånn her, må jeg ta nye grep for å overleve21:05 Ung mann knivstukket i Sandnes, to pågrepet20:42 Ødegaard matchvinner da Real Sociedad slo serielederen20:21 Frp reagerer på Raja-karakteristikk: – Det er spinnvilt20:20 To personer pågrepet i Oslo for vold mot bussjåfør20:16 Johnsen frelste Rosenborg med to perlescoringer19:41 Flytende russisk atomkraftverk på plass i Sibir19:22 MDG vil ha samtaler med Venstre i Oslo18:55 – Saudi-Arabias oljeproduksjon kan være halvert18:36 Fire til arresten etter supporterbråk i Trondheim18:08 Etterlengtet opptur for Solskjær: United slet seg til 1-0-seier over Leicester17:51 Angrende Cameron bekymret for hva som vil skje videre med Storbritannia17:24 Høyre-statsråd om klimamål han selv har styrket: – Aldri vært fan16:10 Trump: Hamza bin Laden er død15:57 Bonde tok seg ut på jordet – møtt av skrekksyn15:56 Vålerenga spilte seg inn i gullkampen da Sandviken misbrukte sjansen til å legge press på LSK15:53 Øvrevoll Hosle ydmyket Byåsen15:52 Seks omkom i uværet i Spania15:50 Spitse-dobbel for Vålerenga15:49 Stortap for Snøgg15:48 Poengdeling mellom Trondheims-Ørn og Lyn15:22 Mané prikket inn Liverpools perfekte seriestart15:20 Dødsulykke i garasjeanlegg i Oslo14:56 Real Madrid slapp med skrekken14:53 Elyounoussi debuterte med målgivende da Celtic befestet tabelltoppen14:53 Ny leder for Frihetspartiet i Østerrike14:49 Grei-seier over Kaupanger14:45 Barneskoleelever har fått påvist smittsom tarminfeksjon14:43 Afrikanske ledere tar farvel med Mugabe14:39 Ruud sendte Norge videre i Davis Cup14:30 Europa holder ledelsen, Tutta får ny sjanse i Solheim14:27 To asteroider passerer Jorden14:18 Kjempesmell for Høyre i Norges mest folkerike kommuner13:46 Telenor-feil er rettet13:36 Person i omsorgsbolig glemt på do i flere timer13:19 Motocrossfører til sykehus etter ulykke i Oppdal13:16 Han så ni personer dø i sin celle. Nå vil han hjelpe ungdommen13:16 Skiftet barnas navn for å unngå hets - det utløste mer hat12:59 Død mann i Båtsfjord identifisert12:52 Kvinne hardt skadd i eksplosjon i Sverige12:19 Solskjær hissig på kjapp De Gea-avklaring12:04 Tine-bygg i Trondheim ble evakuert etter ammoniakk-lekkasje11:58 USAs avsluttet sitt svakeste basket-VM noen gang11:53 Migranter på Ocean Viking får gå i land i Italia11:35 Extinction Rebellion-aktivister for retten11:19 Amerikaner tangerte birderekord på PGA-touren10:58 «Verdens viktigste oljeanlegg» i brann etter droneangrep10:11 Vegvesenet har bygget ned mer dyrket jord enn planlagt de siste ti årene09:51 Reuters: Erdogan vil diskutere kjøp av amerikanske raketter med Trump09:43 Politiet jakter gjerningsmann etter masseslagsmål i Oslo09:40 Professor: – Demokrati krever for mye av folk09:16 Oliver Solberg dominerer i USA-rally09:00 Varemerket Storbritannia kan bli svekket av brexitbråk08:29 Pondus fikk øl-nei av Helsedirektoratet08:04 Bjørnebinne med unger skutt under lisensjakt i Hedmark08:00 Johaug om framtida: – OL-gull er ikke altavgjørende06:41 Guaidó nekter for bånd til colombianske kriminelle06:40 Bondetopper vil ikke reversere melkekutt06:01 Dette skjer i dag05:36 Nesten 9.000 blanke stemmer i kirkevalget05:30 Dette skjedde i natt04:01 Elvestuen taus om gjenvalg av Grande04:01 Prest dømt til fengsel etter overgrep03:16 Nesespray har reversert 2.100 overdoser02:42 Etterretningstopp siktet for spionasje i Canada02:38 Fylkesleder i Trøndelag Venstre tar Grande i forsvar01:52 Reineier gir bort flokken for å unngå tvangsslakt01:50 Amerikansk domstol slo ned på økt pris på frimerker01:14 Hovland gikk to slag under par til tross for dobbel bogey01:14 Politiet avhører mannskapet på oljetankeren Dubai Harmony00:42 Innsamlingsaksjon for omkommet helikopterpilot i Alta-ulykken00:12 Brann i brakkerigg på Lørenskog slukket23:23 Bilbrann i Oslo22:50 Denne nesesprayen har hindret 2.100 mulige dødsfall22:45 Sykling: Matthews spurtet til seier i Canada22:38 NRK får bot for gullfiskdrap22:20 Mikromåne på fredag den 13. – 13 år til neste gang22:17 Hollywood-kjendis dømt til fengsel
Siste nytt
09:27SportIngvild Flugstad Østberg: – Jeg ventet på smellen07:51VerdenSvart hull i midten av Melkeveien har stor appetitt07:32NorgeBrann i bygård i Oslo slukket06:54VerdenAustralske byer risikerer å gå tomme for vann06:45SportStjernedryss for Ødegaard: Toppkarakter over alt06:17NorgeLærer tiltalt for seksuell omgang med elev06:08NorgeDette skjer i dag05:30NorgeDette skjedde i natt05:06VerdenBahamas slapp unna med kraftig regn da nytt uvær truet05:05NorgeIngen alvorlige hendelser på Vestlandet tross uvær04:13NorgeOver halvparten av kvinnelige bartendere utsatt for trakassering04:04VerdenSanders avlyser valgkampmøter for å skåne stemmen03:25PolitikkCarl I. Hagen mener Frp bør stille ultimatum til regjeringen02:50SportJevn Hovland klatret på plasseringen02:29NorgeSterke tall for turistnæringen på Vestlandet01:44VerdenHalve Saudi-Arabias oljeproduksjon rammet av droneangrep01:41NorgeElevrekord ved folkehøgskolene00:39NorgeMann pågrepet for ildspåsettelse og biltyveri i Hedmark23:05NorgeUværshelg i Sør-Norge: Varsler flom, jordskred, kraftig regn, vind og snø22:34NorgeFolk på Vestlandet bes holde seg innendørs22:23NorgeLegendarisk Porsche opp i flammer ved Tusenfryd21:28VerdenBritisk politi på jakt etter stjålet gulltoalett21:24NorgeHundebutikkeier: – Hvis det fortsetter sånn her, må jeg ta nye grep for å overleve21:05NorgeUng mann knivstukket i Sandnes, to pågrepet20:42SportØdegaard matchvinner da Real Sociedad slo serielederen20:21PolitikkFrp reagerer på Raja-karakteristikk: – Det er spinnvilt20:20NorgeTo personer pågrepet i Oslo for vold mot bussjåfør20:16SportJohnsen frelste Rosenborg med to perlescoringer19:41VerdenFlytende russisk atomkraftverk på plass i Sibir19:22PolitikkMDG vil ha samtaler med Venstre i Oslo18:55Verden– Saudi-Arabias oljeproduksjon kan være halvert18:36SportFire til arresten etter supporterbråk i Trondheim18:08SportEtterlengtet opptur for Solskjær: United slet seg til 1-0-seier over Leicester17:51PolitikkAngrende Cameron bekymret for hva som vil skje videre med Storbritannia17:24PolitikkHøyre-statsråd om klimamål han selv har styrket: – Aldri vært fan16:10VerdenTrump: Hamza bin Laden er død15:57VerdenBonde tok seg ut på jordet – møtt av skrekksyn15:56SportVålerenga spilte seg inn i gullkampen da Sandviken misbrukte sjansen til å legge press på LSK15:53SportØvrevoll Hosle ydmyket Byåsen15:52VerdenSeks omkom i uværet i Spania15:50SportSpitse-dobbel for Vålerenga15:49SportStortap for Snøgg15:48SportPoengdeling mellom Trondheims-Ørn og Lyn15:22SportMané prikket inn Liverpools perfekte seriestart15:20NorgeDødsulykke i garasjeanlegg i Oslo14:56SportReal Madrid slapp med skrekken14:53SportElyounoussi debuterte med målgivende da Celtic befestet tabelltoppen14:53VerdenNy leder for Frihetspartiet i Østerrike14:49SportGrei-seier over Kaupanger14:45NorgeBarneskoleelever har fått påvist smittsom tarminfeksjon14:43VerdenAfrikanske ledere tar farvel med Mugabe14:39SportRuud sendte Norge videre i Davis Cup14:30SportEuropa holder ledelsen, Tutta får ny sjanse i Solheim14:27VerdenTo asteroider passerer Jorden14:18NorgeKjempesmell for Høyre i Norges mest folkerike kommuner13:46NorgeTelenor-feil er rettet13:36NorgePerson i omsorgsbolig glemt på do i flere timer13:19NorgeMotocrossfører til sykehus etter ulykke i Oppdal13:16VerdenHan så ni personer dø i sin celle. Nå vil han hjelpe ungdommen13:16NorgeSkiftet barnas navn for å unngå hets - det utløste mer hat12:59NorgeDød mann i Båtsfjord identifisert12:52VerdenKvinne hardt skadd i eksplosjon i Sverige12:19SportSolskjær hissig på kjapp De Gea-avklaring12:04NorgeTine-bygg i Trondheim ble evakuert etter ammoniakk-lekkasje11:58SportUSAs avsluttet sitt svakeste basket-VM noen gang11:53VerdenMigranter på Ocean Viking får gå i land i Italia11:35NorgeExtinction Rebellion-aktivister for retten11:19SportAmerikaner tangerte birderekord på PGA-touren10:58Verden«Verdens viktigste oljeanlegg» i brann etter droneangrep10:11NorgeVegvesenet har bygget ned mer dyrket jord enn planlagt de siste ti årene09:51VerdenReuters: Erdogan vil diskutere kjøp av amerikanske raketter med Trump09:43NorgePolitiet jakter gjerningsmann etter masseslagsmål i Oslo09:40PolitikkProfessor: – Demokrati krever for mye av folk09:16SportOliver Solberg dominerer i USA-rally09:00VerdenVaremerket Storbritannia kan bli svekket av brexitbråk08:29NorgePondus fikk øl-nei av Helsedirektoratet08:04NorgeBjørnebinne med unger skutt under lisensjakt i Hedmark08:00SportJohaug om framtida: – OL-gull er ikke altavgjørende06:41VerdenGuaidó nekter for bånd til colombianske kriminelle06:40NorgeBondetopper vil ikke reversere melkekutt06:01NorgeDette skjer i dag05:36NorgeNesten 9.000 blanke stemmer i kirkevalget05:30NorgeDette skjedde i natt04:01NorgeElvestuen taus om gjenvalg av Grande04:01VerdenPrest dømt til fengsel etter overgrep03:16NorgeNesespray har reversert 2.100 overdoser02:42VerdenEtterretningstopp siktet for spionasje i Canada02:38NorgeFylkesleder i Trøndelag Venstre tar Grande i forsvar01:52NorgeReineier gir bort flokken for å unngå tvangsslakt01:50VerdenAmerikansk domstol slo ned på økt pris på frimerker01:14SportHovland gikk to slag under par til tross for dobbel bogey01:14NorgePolitiet avhører mannskapet på oljetankeren Dubai Harmony00:42NorgeInnsamlingsaksjon for omkommet helikopterpilot i Alta-ulykken00:12NorgeBrann i brakkerigg på Lørenskog slukket23:23NorgeBilbrann i Oslo22:50NorgeDenne nesesprayen har hindret 2.100 mulige dødsfall22:45SportSykling: Matthews spurtet til seier i Canada22:38NorgeNRK får bot for gullfiskdrap22:20NorgeMikromåne på fredag den 13. – 13 år til neste gang22:17VerdenHollywood-kjendis dømt til fengsel
Populært