Meny

Lothepus får dialektpris

Leif Einar «Lothepus» Lothe (49) har nytta dialekt og nynorsk konsekvent sidan sjåarane vart kjent med han gjennom realityserien «Fjorden Cowboys» i 2014. Foto: Stian Servoss
– Eg kjem jo frå ei fjellhylle, så det er no fjøslatin eg snakkar, seier prisvinnaren.

– Leif Einar Lothe nyttar hardingdialekta i alt frå sprengingsoppdrag på bygda til kjendisgalla i byen. At han nyttar dialekta kvar enn han fer, og er tydeleg stolt av ho gjer han til eit godt dialektføredøme for ungdom, seier Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom, i ei pressemelding.

Les innlegget: Lothepus er den nynorske superkjendisen verda treng

Første realityvinnar

Dialektprisen 2018 vert overrekt Leif Einar Lothe frå Ullensvang herad i Hardanger på Det Norske Teatret fredag 16. november.

Prisen vart delt ut for fyrste gong i 2001, og vert delt ut årleg av landsstyret i Norsk Målungdom.

Blant tidlegare prisvinnarar finn vi namn som P3Morgen, programleiar Linda Eide, idrettsutøvar Therese Johaug, Josefine Frida Pettersen frå Skam og musikar Daniel Kvammen.

Overvekta av vinnarar er dialektprofilar kjente frå kulturlivet, men Lothepus er den første realitykjendisen som mottek prisen.

Forstår du dialekt? Prøv deg i vår quiz!

Lothepus forstår ikkje oppstyret

Når Framtida.no ringjer Lothepus for å høyra kva han synest om å få Dialektprisen svarar hardingen følgjande:

– Det er sikkert gode greier det, eg veit ikkje kva det er for noko.

– Forstår du kvifor dei gjev deg ein dialektpris?

Nei. Dei plar no å oversetja meg, seier Lothepus, som då viser til TV 2-serien Farmen Kjendis.

Norsk Målungdom meiner det at Lothepus var einaste deltakaren som vart teksta syner at media ofte undervurderer kor godt nordmenn forstår ulike dialektar, og at tradisjonelle dialektar som hardingdialekta kan vere utsett for eit normaliseringspress.

Lothepus tek det slett ikkje så tungt og synest heller det er stas.

– Du synest ikkje dei fordummar sjåarane når dei går utifrå at dei ikkje forstår deg?

Dei fordummar no berre seg sjølv. Eg tenkjer at jo meir dei misforstår meg jo meir grautete snakkar eg.

– Kvifor har du vore så flink å halda på dialekta?

Det er no berre slik det har vorte. Eg kjem jo frå ei fjellhylle, så det er no fjøslatin eg snakkar. Eg har aldri tenkt på desse greiene før du kjem og masar om det, men det er no kjekt at nynorsken får merksemd, seier Lothepus.

Les intervju med Hildegunn Wærness, filmskaparen som oppdaga Lothepus!

Språkbevisst merkevare

Leif Einar Lothe, kanskje best kjent under kallenamnet Lothepus, vart fyrst kjend for ålmenta gjennom den populære realityserien Fjorden Cowboys på TV2 frå 2014.

I fjor vart Lothepus kåra til årets medienamn av bladet Kampanje etter at han tok del i realityserien Farmen kjendis.

Bandet Lothepus, der Leif Einar Lothe er vokalist, har òg gjeve ut dei to albuma Sallaren (2009) og Cowboyhjarta (2014).

49-åringen er entreprenør med eige firma og har gjort suksess med både biografi og eigne produkt, som strekk seg frå parfyme til strikkegenserar.

Les også: Boka om Lothepus toppar bestseljarlistene

Her kan du høyra Lothepus reklamera for ullsokkar:

Nynorsk på Facebook

Med over 136.000 følgjarar har Lothepus ein av dei desidert største Facebook-sidene på nynorsk.

For Norsk Målungdom er det ekstra stas å gje prisen til ein vinnar som nyttar både dialekt og nynorsk.

Leiar i Målungdommen, Fredrik Hope. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne

– Han syner at dialekt passar i alt frå realityshow til kvardagen heime, og har bygd opp ei merkevare som sel der dialekta spelar ei sentral rolle, understrekar leiar Fredrik Hope.

Les også: Desse tenåringane fekk Lothepus som oppvarmingsartist

Førebilete for ungdom i distrikta

Leiaren i Målungdomen meiner den språklege sjølvtilliten til Lothepus tener som eit førebilete for ungdom, særleg i distrikta.

– Han syner at ein både kan koma frå bygda og slå gjennom nasjonalt og framleis halde på dialekta og vere stolt av det, understrekar Hope.

Populært