Meny

– Svalbard er ein varsellampe for kva som kan komme til å skje

Adventfjorden frys ikkje lenger om vinteren. Foto: Bente Kjøllesdal
Med flaum og tørke byrjar fastlands-Noreg på alvor å kjenne på klimaendringane. På Svalbard har dei sett konsekvensane i fleire år.

 – Svalbard er ein varsellampe for kva som kan komme til å skje mange andre plassar på jorda.

Det seier Kim Holmén, internasjonal direktør ved Norsk Polarinstitutt. Han besøkte øygruppa for første gong på åttitalet, og reiste attende regelmessig heilt til han i 2010 vart bufast på Svalbard.

Den svenske klimaforskaren ser tydeleg følgjene av global oppvarming rundt seg.

– Kvar enn eg legg blikket i omgjevnadane så finst det tydelege spor av at vi har eit varmare klima.

Han vert minna på utfordringane verda står ovanfor kvar einaste dag.

– Fjorden frys ikkje, fiskane i fjorden er annleis, isbreane smelter, snøen forsvinn tidlegare på våren, permafrosten tinar. Overalt på Svalbard skjer det. Isbrear som eg kjenner godt har endra seg dramatisk, seier han.

– Korleis er det å sitte her og sjå på klimaendringane – motiverande eller håpalust?

– Eg vegrar meg for, og vender meg mot håpløysa. Vi må vere optimistar, det finst ikkje noko anna alternativ. Vi må lukkast for det handlar om såpass store saker som liv og fred på jorda, seier Holmén.

Kim Holmén er internasjonal direktør hjå Norsk Polarinstitutt og bur på Svalbard.

Les også: Full retrett for norske isbrear?

Snart 8 år over normaltemperatur

Statistikken er også klar i si tale. Gjennomsnittstemperaturen på Svalbard har vikt frå normalen i 94 månader på rad.

Normaltemperatur er den gjennomsnittlege temperaturen som rekna ut frå ei periode på 30 år. Den noverande normaltemperaturen på Longyearbyen i februar månad er -16,2°.

– Det er påtakelegat vintertemperaturen er veldig mykje høgare enn normalen, medan sommartemperaturen er litt høgare enn normal. På vinteren er middeltemperaturen stige med meir enn ti grader på dei siste 30 åra. Det er mykje, seier Holmén.

Dette er ei oversikt over den gjennomsnittlege temperaturen for februar månad som målt ved målestasjonen på Svalbard lufthamn, i perioden 2010-2018.

Sjå meir klimastatistikk frå Longyearbyen her!

Klimastatistikken viser at det gjennomsnittlege temperaturavviket for februar månad har vore heile 8,1 grader i perioden 2010-2018. Januar er hakk i hæl, med eit gjennomsnittleg avvik på 8 grader.

Det største februar-avviket i denne perioden var i 2014. Då var gjennomsnittleg temperatur i Longyearbyen -1,7 grader. 14,5 grader over normaltemperatur for månaden.

Ingenting tyder på at den trenden vil snu. Så når vi går inn i desember, kan det vere Svalbard har lagt bak seg åtte år med temperatur godt over normal.

Les også: Rekordvarmt for tredje år på rad

Endringar i økosystem

Svalbardreinen må legge om kosthaldet på grunn av klimaendringane. Foto: Bente Kjøllesdal

Forskinga syner at klimaendringane allereie har hatt følgjer for dyrelivet på Svalbard. Milde og våte vintrar fører til at svalbardreinen ikkje kan forflytte seg som før og lyt beite tang . Mindre havis fører også til at isbjørnen må svømme lenger , og endrar kosthaldet til meir fugl og mindre sel . Samstundes vert havet stadig varmare og surare. Holmén fortel også at bestandane av spesialiserte høgarktiske fugleartar går tilbake, medan nye artar frå fastlands-Noreg kjem nordover til Svalbard.

Klimaforskaren forklarer at ulike artar har ulike plastisitet, som det heiter på vitskapeleg språk. Dei har ulik evne til å tilpasse seg endringar.

– Dei veldig spesialiserte artane, som til dømes kvitkval og narkval som er strengt bundne til is og iskanten i havet, har lite spelerom. Hjå dei ser vi store endringar.

Sjølv om det finst ein del artar som kan byte føde og for så vidt har det bra, så tyder det ikkje at konsekvensane uteblir.

– For alle som må flytte på seg eller byte mat, så er det endringar både på individnivå og for arten. Så det er naturlegvis ikkje nokon art eller menneske som kan vere her utan å verte påverka av klimaendringane, seier Holmén.

Les også: Amfibia lir i varmen

Dei same spørsmåla i 30 år

Endringane på Svalbard går fort, men tilpassingsevna til oss som forbrukarar og klimapåverkarar er ikkje like snar.

– Eg har vore i bransjen i førti år, frå eg var ung student. Mine første intervju gjorde eg nok for 30 år sidan. Det har vorte ei større bevisstheit, men det er dei same spørsmåla – kor alvorleg er det og kva må vi gjere? Og våre svar er også dei same – vi må gjere meir, vi gjer for lite.

Ikkje nokon art eller menneske kan vere her utan å verte påverka av klimaendringane

– Det er ei haldningsendring i heile samfunnet som må til. Det krev ein diskusjon på brei front, og det tek tid. Men vi har komme nærare å kunne sjå heilskapelege perspektiv, at individet naturlegvis har eit eige ansvar, men at individ åleine ikkje kan løyse problemet.

Det krev samhandling. Industrien må produserer varer som gjev eit mindre fotavtrykk, samstundes som vi som enkeltindivid må søke ut desse varene. Vi må endre både korleis vi arbeider og korleis vi tenker.

Les også: – Noreg kjøper seg fri frå utsleppskutt gjennom å pakka det inn som bistand og klimatiltak

Éin rapport kan ikkje endre verda

Rapporten som kom frå FN sitt klimapanel slo fast at konsekvensane av ei global temperaturauke på 2 grader samanlikna med før-industriell tid vil vere alvorlege.

Havnivået vil stige, dyreartar vert truga, matproduksjonen vert mindre, og fleire hundre millionar menneske vil verte utsette for klimarisiko og fattigdom.

Holmén trur likevel ikkje det kjem éin rapport som plutseleg endrar heile samfunnet sin måte å organisere seg.

– Kvar slike rapport – det har kome mange, og det vil kome fleire – er ein del av ein prosess. Du kan lese rapporten frå det første klimapanelet i 1992, og der står stort sett same sak. Men langsamt, altfor langsamt synest eg personleg, kjem bodskapen ut, seier han.

– Det at spørsmåla og rapportane ikkje sluttar å kome, det skapar ei debattvilje og eit engasjement, og eit høve til å faktisk diskutere dei konstruktive betane – kva skal vi gjere?

Longyearbyen har stadig meir mildvêr. Dette bilete er frå midten av oktober. Foto: Bente Kjøllesdal

Les også: Ei halv grad med enorme konsekvensar

Kan Svalbard inspirere til handling?

Eit av problema med klimaendringar er at dei er abstrakte, ein kan ikkje sjå effekten med det same.

– Om eg køyrer bil i dag, så ser eg ingenting ute, men om eg røyker ein sigarett i dette kontoret no, så merkar både du og eg det – direkte, fortel Holmén og held fram:

– Og om eg sløkker sigaretten så merkast også det ganske raskt, at lufta vert klar. Men om vi sluttar å sleppe ut koldioksid så merkar vi ingenting. Verken når vi slepper ut eller sluttar å sleppe ut, merkar vi som individ noko særleg.

Svalbard spelar ei stor rolle i å formidle for verda kva som står på spel

Det er difor Svalbard spelar ei viktig rolle, spesielt no når øygruppa vert eit ynda turistmål. For trass i sin flotte natur, så er Svalbard også eit tydeleg bevis på følgjene av global oppvarming.

– Dei raske endringane som vi har her på Svalbard kan tydeleggjere for besøkande og for verda at dette er ei verkelegheit som skjer raskt, og kan komme til andre plassar. Eg trur at Svalbard spelar ei stor rolle i å formidle for verda kva som står på spel, avsluttar klimaforskaren.

Bilete frå Longyearbyen i midten av oktober. Temperaturen var kring -6 grader, så kom mildvêret nokre dagar seinare med plussgrader. Foto: Bente Kjøllesdal

Les også: Vêret i framtida kan verte meir ekstremt

Populært