Flaskeposten ho sende som 4-åring har endeleg blitt funnen

Flaska til høgre vart funne i fjæresteinane i Vangsnes i Vik av ein familie som var ute og rydda plast. Avsendar var Margit Brooks, som no er blitt seksten år.
Flaska til høgre vart funne i fjæresteinane i Vangsnes i Vik av ein familie som var ute og rydda plast. Avsendar var Margit Brooks, som no er blitt seksten år. Foto: Privat
Artikkelen fortsetter under annonsen

I barndomen var Margit Brooks (16) frå Lærdal glad i å senda flaskepost. No har dei byrja å dukka opp att.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Lærdal: Dei var der for å plukka plast, men midt i dugnadsjobben dukka det opp ei overrasking blant fjøresteinane på Vangsnes i Vik. Ein flaskepost frå 2007 stakk opp frå gjørma.

Brevet var signert Margit Brooks, fire år, frå Lærdal.

– Då eg var lita sende eg flaskepost heile tida, seier Margit Brooks, som i dag er 16 år.

Ønskte å gleda andre

Det var før helga at ho fekk melding på Facebook om at nokon hadde funne flaska ho sjøsette for elleve år sidan. Oppi låg ein lapp med informasjon om avsendaren, ei teikning og ein partyparaply.

– Eg likte å tenka på at dei som fann flaskeposten skulle få noko fint. Det er kjekt å sjå at nokon har funne han etter så mange år, seier Brooks.

Les også: Denne regnbogen sette ny rekord

Bestemor i Amerika

Dette er tredje eller fjerde flaskeposten ho har sendt som har blitt funnen. For eit par år sidan var det ein som fann flaskeposten hennar like etter å ha hala på land sin første laks.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho tykkjer det er like stas kvar gong å få melding frå folk som finn att det ho sende. Men det spørst om 4 år gamle Margit Brooks hadde vore nøgd med avstanden den siste flaskeposten hadde greidd å legga bak seg.

– Eg hadde ei bestemor i Amerika. Eg tenkte at ho kanskje skulle finna flaska, seier Brooks.

Les også: Katten ryddar fjøra fri for plast

Denne saka var først publisert i porten.no.