
Fleire unge vil satsa på landbruk

20 prosent fleire ungdommar har landbruksfag som sitt fyrste studieval i år i samanlikna med 2015.
Tal frå Samordna opptak viser ein auke frå 385 til 461 søkjarar som har eit landbruksrelatert fag som sitt fyrsteval. Rekorden har studiet økologisk landbruk ved Høgskulen i Hedmark, med 110 fyrstevalsøkjarar.
614 har fått tilbod om studieplass innanfor landbruksfag no i haust.
– Dette er gledelege tal som syner at ungdommen trur på ei framtid i landbruket. Konkurranse om studieplassane bidreg til godt motiverte studentar, og det vil gi studiane meir prestisje. Noko som igjen bør føre til gode resultat og god gjennomføring, seier landbruks- og matminister Dale.
LES OGSÅ: Rekordpopulært for unge å læra gardsdrift i sommar
Aukande interesse på vidaregåande
Ifølgje Utdanningsdirektoratet har talet på ungdom som søkjer seg til vidaregåande landbruksretta utdanning auka synleg.
15 prosent fleire enn i fjor har søkt seg til naturbruk. Det er ein forsterka trend frå dei siste par åra.
Dei fylkeskommunale skulene kan i år tilby skoleplass til 1774 av dei 1932 søkjarane til programfaget naturbruk.
– Eg er glad for den auka interessa for landbruksrelaterte fag på vidaregåande nivå. Dette er med på å leggje eit godt grunnlag for at landbruksnæringa framover kan få naudsynt kompetanse, seier landbruks- og matminister Dale.
Les også: