Britane skal ut av EU: – Me vil miste ein heil del jobbar

– Idiotisk! Folk på gata i London er delte i synet på kva godt som kan kome ut av «brexit»
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg er bekymra og redd. Dette er forferdeleg, seier Ben Scivyer (28) som jobbar i sikkerheitstenesta i landet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sciyver håpa på eit anna utfall enn det natt til fredag bydde på medan den britiske valutaen rasar ned i rekordfart. Kingston, der valurna hans var, stemte for å bli verande. Medan fleirtalet av landet valte å melde seg ut.

Jordskjelv er ikkje ein gong starten på kva som nettopp har skjedd. Etter 43 år på innsida sa 48,1 prosent at dei ville bli verande i EU, medan 51,9 vil vere sjølvstendige.

«The point of no return»

Ben Scivyer (28) er uroleg for kva som skal skje med Storbritannia når dei melder seg ut av EU. Foto: Camilla Brugrand
Ben Scivyer (28) er uroleg for kva som skal skje med Storbritannia når dei melder seg ut av EU. Foto: Camilla Brugrand

«The point of no return» har nettopp skjedd, meldte Sky News i morgontimane fredag.

Leiar av høgrepartiet UKIP, Nigel Paul Farage. meiner Brexit vil bety den nye frigjeringsdagen til Storbritannia.

Då valurnene stengte torsdag kveld synte meiningsmålingane 54 prosent for å bli verande i EU, medan 48 prosent ville forlate den europeiske unionen, ifølgje Ipsos Mori. Ingen hadde då forventa at Storbritannia ikkje lenger kom til å vera ein del av eurosona.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Me er investert i Europa. Både når det gjeld infrastruktur og finansielle tenester. Fleire av dei største europeiske selskapa har base i London. Desse kjem til å flytta til Frankrike eller Tyskland no som majoriteten har bestmest seg for å melde oss ut. I tillegg vil me miste ein heil del jobbar, seier Scivyer.

Bakgrunn: Storbritannia skal ut av EU

Pundet har stupt i verdi

Natt til fredag rann resultata inn frå dei 382 forskjellige stadene i Storbritannia der folk har stemt. Folk frå heile verda følgde nervøst med medan inn-ut pila hoppa fram og tilbake og valutaen pund stupte og rykka opp i verdi.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Dei som frontar kampanjen for å melde seg ut av EU har ikkje synt oss noko plan for kva som vil skje med Storbritannia om me melder oss ut. Difor meiner eg at dette er svært risikofylt, seier Scivyer.

Dei britane som trossa flaum og store forseinkingar på det offentlege transportsystemet torsdag morgon og klarde å komma seg på jobb, skunda seg heim for å rekka å gi stemma si som vil forma Storbritannias framtid.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Samleside: Alt om «brexit»-sjokket her

Køar og kaos

På fleire av dei største togstasjonane i London som Victoria og Waterloo var det massive køar å sjå i fem-seks tida torsdag ettermiddag.

Scivyer forklarar at han ikkje torde å ta sjansen på å komme seg tidsnok heim frå jobba torsdag ettermiddag og stemte difor klokka sju om morgonen før han førebudde seg på ein fem timars reise til jobb som vanlegvis tek 20 minutt.

Les også: Valutastrateg: – Fest setebeltene

Frykt-taktikk

– Storbritannia tek imot om lag 300.000 innvandrarar kvart år. Men det er folk frå heile verda. «Leave»-kampanjen brukar frykt-taktikk å seier at desse menneska kjem frå Midtausten og Afrika og er berre ute etter jobbane våre. Slik er det ikkje. Dette er folk frå heile verda som bidreg til eit fleirkulturelt samfunn og er grunnen til at me har så mange dyktige legar og helsepersonell i dette landet, seier Scivyer.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han forklarar at om han ønskja å jobba på innsida av EU, så er den opne-grenser politikken perfekt for akkurat det. Dette kan han sjå langt etter dagens val.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nokre månadar før folkeavrøystinga forhandla statsminister David Cameron fram ein spesiell avtale saman med dei tilsaman 27 statane i EU.

– David Cameron burde gå av som statsminister, seier Farage.

– Folk som kjem til EU må jobbe i fire år før dei får dei same samfunnsfordelane som andre. I tillegg kan regjeringa sparke folk ut av landet som oppheld seg i Storbritannia over seks månadar utan arbeid. No anar eg ikkje kva som skjer, seier Scivyer.

Les også: «Brexit» kan vekke EFTA til liv

Folket har følgt opp

Mange britar var sjokkerte over måten Hellas vart behandla på under gjeldskrisa og fleire media i landet stilte spørsmålsteikn ved måten EU behandla medlemslanda sine. Dette var ein av punkta som gjorde at britane kravde ei folkeavrøysting under det nasjonale valet i fjor vår. Dei konservative var det einaste partiet som lova ei avstemming om EU og vann også valet. No har folket følgt opp.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eit av dei viktigaste punkta som er bra med å vere i eurosona er at me delte informasjon om alle som hadde eit kriminelt rulleblad. Før dette vart innført for nokre år sidan, kunne ein britisk kriminell rømme til Spania og leve ut dagane sine der i fred. No blir personen teken tilbake til heimlandet sitt med ein gong. Ingen veit kva som vil skje no, seier Scivyer.

Les også: Hva skjer om Storbritannia forlater EU?

Konsekvensar utanfor grensene

I løpet av natta har prosentandelen krypt opp mot 50 – 50 prosent for begge sider opp til fleire gonger. Det har vore ein real thriller som vil få konsekvensar langt utanfor Storbritannia sine grenser.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Usikkerheita var den verste. Både min individuelle springskonto og pensjonskonto var avhengig av utallet av denne avstemminga. Dei siste dagane har verdien stupt med 15 prosent grunna den store usikkerheita rundt framtida vår, seier Scivyer.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Storbritannia sin folkerøysting har forårsaka mykje panikk i dei økonomiske- og arbeidskrinsane i verda. Valutaen pund er no av den lågaste verdien den har vore sidan 1985, ifølgje Sky News. Det betyr at verdien har sunke 11 prosent fredag morgon klokka fem frå desember 2015.

– Sjølv om eg støttar det faktum at Storbritannia blir verande, så skulle eg ønskja at Cameron hadde gjort meir for landet vårt. Han kjem til å sjå på utfallet å tenka at han har gjort jobben sin. Det er framleis mykje som kan betrast i dette landet, avsluttar Scivyer.

Meir om Brexit?

– Me kan ikkje klaga om noko går gale, sa britiske Jo Liddle før valet.

Storbritannia er annleislandet med si motvilligheit til å integrera seg i ’det europeiske prosjektet’, skreiv britiske James Puchowski i Framtida.no tidlegare denne veka om om avstemminga som har vorte døypt brexit.

I 2014 var Skottland nær ved å forlata resten av Storbritannia. Men kvifor ville dei eigentleg det?

Noreg skil seg ut i å ha sagt nei til EU-medlemsskap to gonger. Kva ville resultatet vorte i dag?