Vil knuse mytar om syriske flyktningar

Vil knuse mytar om syriske flyktningar Emil André Erstad var mellom anna i Jordan medan han jobba med boka. Foto: Gjermund Øystese.
Vil knuse mytar om syriske flyktningar Emil André Erstad var mellom anna i Jordan medan han jobba med boka. Foto: Gjermund Øystese.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Emil André Erstad vil knuse mytar og ha debatt om kva slags hjelp vi skal gje syriske flyktningar i nærområda.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Det einaste som braut stilla, var motorduren og lyden av båten som skar gjennom dei låge bølgene. Innimellom gret nokre av borna. Dei over to hundre menneska om bord lytta etter redninga, og fleire av dei gret stille. Dei visste at dei hadde lagt alt i potten».

Slik opnar Farvel, Syria. Om eit folk på flukt, den nye boka til tidlegare KrFU-leiar og no internasjonal rådgjevar i Tankesmia Agenda, Emil André Erstad.

– Eg var frustrert over at mange veit lite om kvifor folk tek det dramatiske valet å setje seg i ein båt over Middelhavet. Boka er folkeopplysning, ikkje minst for min eigen del, fortel Erstad.

LES OGSÅ: Syria: Eit folk på flukt

Forstå den syriske flyktningkrisa

Erstad har møtt enkeltmenneska som flyktar frå den syriske borgarkrigen. Blant desse er Mahmoud, som såg sonen til kameraten ligge død på leikeplassen, homofile Kinan som var kidnappa av IS og Maryarm som flykta frå Aleppo då hennar kristne fetter vart halshogd.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Gjennom historier frå dei mest sårbare syriske flyktningane, deriblant minoritetar som homofile og kristne, torturoffer og kurdiske flyktningar, freistar Erstad å gi eit andlet til den syriske flyktningkrisa.

I tillegg til å snakke med flyktningar i Jordan, Libanon og i norske kommunar, har han intervjua humanitære organisasjonar, akademikarar og representantar frå styresmaktene.

– Historiene gjorde sterkt inntrykk på meg, og var hinsides alt eg kunne førestille meg. Det er ikkje berre føleri – dette er røynda, seier forfattaren.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Erstad meiner det rår mange mytar og misforståingar om flyktningsituasjonen. Her er tre av dei:

Flyktningar flest bur i leirar

– Mange tenkjer at hjelp i nærområda tyder å sende av garde pengar og mat til flyktningleiar. Det er heilt feil. Dei aller fleste syriske flyktningane bur i tettstadar og byar i Jordan, Tyrkia og Libanon. Berre i byen Istanbul bur det fleire syriske flyktningar enn i heile Europa, seier Erstad.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han fortel at dei store tala flyktningar i byar fører med seg utfordringar i nærområda.

– Framandfrykta er minst like stor som her, og mange opplever diskriminering og at dei ikkje får jobbe eller går på skule, seier han.

Flyktningar flest vil til Noreg

– Dei færraste vil reise frå språket, kulturen, familien og venane sine. Mange takkar også nei til å verte kvoteflyktning, men dei høyrer vi aldri om. Det var ein augeopnar, seier Erstad.

Han meiner vi må slutte å tru at alle vil komme hit.

Vi kan hjelpe 20 gongar så mange i nærområda som i Noreg

– Sjølvsagt er det billegare å hjelpe folk i Jordan enn i Noreg, men ei slik samanstilling er som å samanlikne hummar og kanari. Ein kvoteflyktning som får alle rettar frå første dag, og det å gje støtte til vatn, mat, teppe eller berre éin av delane i nærområda er ikkje det same, seier Erstad.

Artikkelen fortsetter under annonsen

LES OGSÅ: Ailo (13) køyrde til Syria med klede

Bygge infrastruktur i nærområda

I boka kjem Erstad med forslag som kan gjere situasjonen for flyktningane betre.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han kallar det meiningslaust å drøfte om størsteparten av hjelpa bør vere i nærområda. I staden bør vi bruke energien på å diskutere kva slags hjelp vi skal bidra med i desse områda.

Kva er det som kan hjelpe land som Libanon, Jordan og Tyrkia til å handtere dei store mengdene flyktningar, spør Erstad i boka. Han strekar under at økonomiske midlar ikkje er nok. Flyktningane treng rettar, som opphaldsløyve, bustader, skular, sjukehus og arbeid.

– Vi må byggje infrastruktur, som sjukehus, vegar og skular. Dette bør skje i eit slikt tempo at det skapar arbeidsplassar som kan lette belastninga i områda, seier han.

Krav til at menneskerettane vert teke i vare må vere strenge.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– På den eine sida stiller nabolanda veldig opp for syriske flyktningar, seier Erstad, og fortel om jordiske lærarar som jobbar doble skift for at også syriske barn skal få undervisning.

– Samstundes skjer det mange brot på menneskerettane. Eksempelvis har Jordan ein flyktningleir i ørkenen, for å skremme andre frå å kome til landet. Difor må vi stille strenge krav, samstundes som vi bidreg til oppbygning, seier han.

LES OGSÅ: Kan arkitektar hjelpe flyktningar?

Ta imot fleire kvoteflyktningar

Erstad meiner også at Noreg ta imot langt fleire kvoteflyktningar årleg.

– Det er ikkje slik at alle dei syriske flyktningane må kome hit, men nokre må det. Det finst dei som ikkje kan få hjelp der dei bur no, seier Erstad.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvoteflyktningar skil seg frå asylsøkjarar fordi dei allereie har fått status som flyktning av FNs høgkommissær for flyktningar. Dette er ekstra sårbare flyktningar. Det er politikarane som avgjer kor mange kvoteflyktningar vi skal ta imot, og i år skal Noreg ta imot 3120 personar gjennom denne ordninga.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I boka samanliknar Erstad det å bli kvoteflyktning med å finne gullbillettane i Roald Dahl-klassikaren Charlie og sjokoladefabrikken.

«I begge tilfella er det svært mange som ønskjer seg det same, men svært få som får ønsket sitt oppfylt (…). Det er snarvegen inn i Europa. Det er lovleg. Det er livsforvandlande for dei som får oppleve det», skriv han, og peikar på at alternativet er den livsfarlege vegen over Middelhavet.

– Eg meiner vi bør ta imot 10. 000 kvoteflyktningar i året. Dette er dei mest sårbare flyktningane, og den einaste lovlege måten for mange flyktningar å kome seg til Noreg på. Eg er for asylretten, men meiner at ordninga i dag er for tilfeldig. Det er mange av dei mest sårbare som ikkje kjem seg hit, til dømes dei med helseproblem eller torturskadar, seier Erstad.

Han meiner at ved å prioritere kvoteflyktningane, sikrar vi at dei med størst behov for beskyttelse kjem til Noreg.