NHO: Dette er Noregs beste kommunar

Austevoll-ordførar Renate Møgster Klepsvik er stolt over resultatet i kommune-NM.
Austevoll-ordførar Renate Møgster Klepsvik er stolt over resultatet i kommune-NM.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Austevoll gjer det største hoppet av kommunane på topp.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Måndag kveld la NHO fram tala frå kåringa si i kommune-NM.

Sola, Bærum og Stavanger har framleis pallplasseringane i kommune-NM. Etter desse har Asker gått forbi Oslo. På ein sjetteplass kjem Austevoll, opp fire plassar frå året før.

Austevoll scorar best av alle kommunane på kommuneøkonomi, og får ein fjerdeplass på næringsliv og privatøkonomi. Kommunen opplever folkevekst og passerte tidlegare i år over 5000 innbyggjarar. Kommunen er den einaste under 6000 innbyggjarar blant topp 20. Neste mindre kommune på lista er Leikanger på 26.plass i kommune-NM.

– Det er ganske utypisk for ein øykommune utan fastlandssamband og viser at me er ein spenstig kommune, seier Austevoll-ordførar Renate Møgster Klepsvik (Frp) som er glad for kåring ti NHO.

Quiz: Klarar du å gjetta kva kommunar som har desse slagorda?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Austevoll har lenge vore kjent som kommunen med flest millionærar i høve folketalet og har gjort det stort på særleg oppdrett og fiske.

– Skaparkrafta er stor i Austevoll. Tala viser at me har lukkast som ein ja-kommune som spelar på lag med næringslivet og folk, seier ein stolt ordførar.

Blant det som blir målt når NHO kårar best kommuneøkonomi er graden av innkjøp av private tenester. Her toppar òg Austevoll lista.

LES OGSÅ: Toppar Nærings-NM

– Ropar på komunereform

I kåringa til NHO gjer kyst- og bykommunar det betre. Små innlandskommuner gjer det dårlegare.

– Dette er ei utvikling som ropar etter kommunereform, meiner Petter Haas Brubakk, direktør for næringspolitikk i NHO.

– Me treng større og meir slagkraftige kommunar over heile landet. Dei store regionene kjem til å veksa seg større, og då er det viktig at me ikkje sit igjen med mange små kommunar som sakkar akterut, seier Brubakk.

Kommunane som steig mest på lista var likevel to mindre kommunar: Hyllestad og Aukra. Dei steig høvesvis 108 og 106 plassar frå sist gong.

Sjå alle resultata frå kommune-NM her