Då eg var 20:Halvor Bakke våga ikkje vere open om kven han var

På bilete til venstre er Halvor Bakke 34 år gammal. Til høgre er interiøreksperten i dag, 52 år gammal.
På bilete til venstre er Halvor Bakke 34 år gammal. Til høgre er interiøreksperten i dag, 52 år gammal. Foto: Morten Holm/NTB, Mona Nordøy/Cappelen Damm
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Fortel det no, ikkje vent, hadde interiøreksperten sagt til ein yngre versjon av seg sjølv.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg var veldig oppteken av korleis eg skulle klare å få fortalt kven eg var. Eg brukte ekstremt mykje energi og krefter på å finne ut korleis dette skulle bli.

Halvor Bakke (52) tenkjer tilbake på då han var 20 år gammal. Han hadde enno ikkje fortalt nokon at han var homofil, og kvar dag spelte han ei rolle.

– Eg fortalde ikkje sanninga. Det var eit skodespel kvar einaste dag, og det opptok mykje av tankane og tida mi, fortel han til Framtida.no på telefon.

«Eventyrlig» kvardag

Som 20-åring hadde Halvor Bakke inga aning om kva han skulle verte i livet.

– Eg var veldig oppteken av å skulle få jobbe med reiseliv, men eg visste ikkje at eg skulle ende opp med det eg gjer i dag!

Halvor Bakke var først å sjå på TV i serien Homsepatruljen frå 2004, der han var interiørarkitekt. Foto: Morten Holm / NTB
Halvor Bakke var først å sjå på TV i serien Homsepatruljen frå 2004, der han var interiørarkitekt. Foto: Morten Holm / NTB

52-åringen er kjend som interiøreksperten som pussar opp hytter over heile Noreg i TV3-programmet Eventyrlig oppussing, saman med snikkarane Ole Rosén-Lystrup og Torkel Gjerset.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Til no har dei gjeve nytt liv til nesten 70 hytter, og Bakke avslører at eit høgdepunkt var då dei i sesong fire reiste til Hellesylt.

– Der snudde vi om på planløysinga og sette inn vindauge slik at vi fekk heile Geirangerfjorden inn i stova.

Etter over sju år med hytteturar har Bakke fått sett store delar av Noreg, men framleis drøymer han å utforske området mellom Stavanger og Haugesund, og dessutan Hardangervidda.

– Det er så forblåst og rått oppå der.

No er Halvor Bakke òg aktuell med biografien Mitt rom – Om mobbing, homohelbredelse og eventyrlig design. Der opnar han døra til sin eigen oppvekst som odelsgut på Bakke gard i Stavern.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Disney World-avslag

I 1990 var Halvor Bakke akkurat komen att til heimtraktene, etter eitt år på reiselivslinja ved Nordhordland Folkehøgskule. No skulle han ta til i sivilteneste ved Fredtun Folkehøgskule heime i Stavern.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han minnest ein variert kvardag:

– Når elevane ikkje var der, så var eg mykje utandørs: klipte plen og stelte bed. Eg bidrog i opptak av nye elevar, hjelpte til på skulekoret og med norskopplæring. Det var ein veldig allsidig kvardag, og ei veldig fin og meiningsfull teneste.

I Epcot sin norske paviljong kan ein mellom anna sjå ein reproduksjon av Gol stavkyrkje. Foto: Wally Gobetz/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0
I Epcot sin norske paviljong kan ein mellom anna sjå ein reproduksjon av Gol stavkyrkje. Foto: Wally Gobetz/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

20-åringen drøymde om å oppleve verda, og hadde søkt seg jobb ved fornøyelsesparken Epcot i Disney World i Florida. Der håpte han å arbeide ved den norske paviljongen, som er eit lite stykke Noreg i USA. Dei tilsette går med bunadsliknande plagg og på Kringla Bakeri og Kafe kan turistar ete lefser og smørbrød med laks.

– Tre av skulevennane mine fekk jobb og ikkje eg. Eg var så skuffa og lei meg. Eg hadde så lyst!

Bakke måtte smørje seg med tolmod eit par år til før han fekk oppfylle draumen om å arbeide i utlandet. Då fekk han seg arbeid som reiseleiar i Ving.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Ikkje vent

Om Halvor Bakke i dag, hadde treft seg sjølv som 20-åring hadde han tenkt: «Det var ein usikker fyr inst inne, med ein trygg fasade».

Som 20-åring hadde han enno ikkje fortalt sine næraste kven han var. Først då Bakke var 27 år gamal kom han ut av skapet.

– Det hugsar eg. Det var frykteleg spennande. Det var vondt og usikkert på alle måtar, men eg vart møtt med berre kjærleik frå foreldra mine og det gjekk mykje finare enn eg hadde venta

Skulle han gjeve eitt råd til den yngre versjonen av seg sjølv, er det difor:

– Det kjem til å gå bra. Fortel det no, ikkje vent.