Kva betyr ordet skeiv?

Frå øvst til venstre: Jane-Victorius Bonsaksen, Markus Farstad Andersen, Kajsa Elvestad Andersen, Stian Antonsen, Ine Harsten, Marianne Støle-Nilsen, Maja Brannstorph og Finn Schjøll.
Frå øvst til venstre: Jane-Victorius Bonsaksen, Markus Farstad Andersen, Kajsa Elvestad Andersen, Stian Antonsen, Ine Harsten, Marianne Støle-Nilsen, Maja Brannstorph og Finn Schjøll. Foto: Ingvild Eide Leirfall, Eivind Senneset/TV2, Privat

Ordet skeiv blir meir og meir brukt. Her forklarer åtte LHBTQ+-personar korleis ordet er splittande eller befriande – for dei.

Den siste tida har omgrepet skeiv blitt diskutert, og Markus F. Andersen spelte opp til debatt då han skreiv NRK Ytring-innlegget «Det er ikkje noko «skeivt» med homofili».

Samstundes har det blitt den store paraply-omgrepet ein har for å romme alle innanfor LHBTQ+-familien.

Men kva meiner dei sjølv?


– Eg er skeiv, men eg pleier ikkje seia det til folk

Eg synest ordet er heilt greitt. Eg er skeiv, men eg pleier ikkje seia det til folk. Viss dei vil vita akkurat det om meg, så seier eg at eg er bifil.

For meg betyr ordet skeiv fleire ting, men først og fremst tenker eg på eit samfunn der folk kan bli aksepterte og vera den dei er. Samstundes tenker eg også på at noko er skeivt, altså at det står skrått.

I starten, då eg først skjønte at eg var bifil, tenkte eg at skeiv høyrdest unormalt eller i alle fall ikkje rett ut. Det synest eg eigentleg framleis, men i det siste har eg blitt meir knytt til ordet og no følast det berre rett ut.

I det siste har eg sett ordet meir i positivt lys og det har vore så mykje i media: det skeive samfunnet, skeive menneske, skeiv ungdom, skeivt kulturår. I tillegg er eg jo positiv til meg sjølv som skeiv, så eg assosierer det berre med at: her har eg vener, og her kan eg vera meg sjølv.

Eg tenker det er fint å ha ordet skeiv som samleomgrep fordi ein kan føla tilhøyrsle og det kan gjera det enklare fordi du slepp å spesifisera noko meir. Samstundes kan du også få fordommar mot deg fordi du seier du tilhøyrer den gruppa.

Sjølv om eg før tenkte at det var eit dårleg ord, at eg ikkje ville vera det skeive tårnet i Pisa liksom, så brukar eg det no som humor. Om nokon seier: Hestehalen din er skeiv, så svarar eg: Ja, men det er eg og.


– Det dreg med alle legningar og kjønnsidentitetar og koplar det saman til ein stor «familie»

Ordet skeiv for meg betyr alt anna enn cishet*, eller det meste innanfor LHBT+-miljøet. Eg meiner det er eit ganske viktig ord fordi ein kan samla seg med andre skeive, utan at det blir så mange skilje.

Sjølv føler eg at eg passar godt inn i kategorien skeiv, for eg har alltid slite med å finne meg ein micro label som passar meg perfekt. Personleg brukar eg ordet om meg sjølv, ofte dersom eg ikkje har høve til å forklara min ikkje-binære kjønnsidentitet. Skeiv er på ein måte ein litt enklare måte for meg å seia at eg ikkje er cishet*.

Første gong eg høyrde ordet skeiv må ha vore på barneskulen, gjerne då i ein negativ samanheng. Eg tenkte ikkje så mykje over sjølve ordet, men eg var ueinig i at det skulle bli brukt som eit skjellsord allereie då! Det har også blitt brukt negativt om meg før, og det blir diverre ofte brukt negativt den dag i dag, men heldigvis har eg sett mykje betring etter vi tok tilbake ordet sjølv.

Nokre alternative ord som blir brukt er til dømes queer og homo, som ofte også blir brukt som fellesomgrep, sjølv om queer strengt tatt er det same som skeiv, og homo fokuserer mest på seksualitet, ikkje kjønnsidentitet.

I dag tenker eg ordet skeiv fungerer bra som eit paraplyomgrep, i og med at det på ein måte dreg med alle legningar og kjønnsidentitetar og koplar det saman til ein stor «familie»!

*cis: personar som identifiserer seg med kjønnet dei er registrert som ved fødsel.
*het: hetero.


– Eg trur verkeleg at ordet skeiv er med på å skapa eit samhald

For meg er det ein fridom å bruka ordet skeiv, som gjev meg ein heilt annan type tryggleik og samhald som eg ikkje får gjennom dei meir spesifikke merkelappane mine. I tillegg slepp eg å spesifisera så mykje, for det er litt langdrygt å måtte sei at ein er ikkje-binær, aromantisk og aseksuell. Det er mykje lettare å berre sei: Hei, eg er skeiv.

Eg er veldig glad i omgrepet skeiv, og synest det er fint at me har eit ord som er så lett, uformelt og ope og litt enklare å seia enn LHBTQIA+. Då stenger du ikkje folk ute, som du fort gjer om du tek LHBT og kuttar der til dømes. Eg trur verkeleg at ordet skeiv er med på å skapa eit samhald me kanskje ikkje hadde hatt utan eit slikt samleomgrep.

Første gong eg vart kalla skeiv, vart det faktisk brukt som skjellsord. Eg var veldig liten, rundt 6 år gamal, og fekk spørsmålet: Er du skeiv eller? Eg hadde ikkje noko forhold til ordet frå før, men tenkte då at dette er negativt.

Etter kvart fann eg ut at det eigentleg er eit veldig fint ord å ta tilbake, og eg trivst veldig godt med å kalla meg sjølv skeiv. Samstundes skjønner eg også at nokre ikkje gjer det.

For meg er det både fint og viktig å bruka ordet skeiv, fordi det er eit ord eg sjølv har gitt meg og ikkje eit ord andre har gitt meg. Med ein gong eg kunne setja mine premiss, både med pronomen og ordet skeiv, føltes det mykje meir rett.


– Kritisk til at journalistar og etablerte medium brukar ordet «skeiv»

Ordet skeiv er ikkje eit ord eg likar å bruka om meg sjølv i det heile teke. Det er negativt ladd og er med på å halde oppe ideen på at vi homofile, bifile og transpersonar er så forskjellige frå andre. Omgrepet er med på å videreføre ei «vi» og «dei»-haldning, noko eg mislikar.

Fleire forskarar innanfor seksualitetsforsking, mellom anna den amerikanske queer-forskaren Michael Warner, seier at «skeiv» først og fremst er eit ord som vert brukt på menneske som lever i eit polygamt parforhold, ikkje forpliktande relasjonar og folk som aktivt praktiserer BDSM eller ein annan form for seksuell fetisj (Kjelde: SNL/Skeiv). Eg lever i eit monogamt samkjønna forhold og kjenner meg difor ikkje att i dette, som også er noko av grunnen til at eg ikkje kallar meg skeiv. Mitt forhold til homofili går først og fremst ut på at eg kan bli forelska og innleia eit forhold med ein person av det same kjønn.

Difor er eg også kritisk til at journalistar og etablerte medium brukar ordet «skeiv» ukritisk om homofile, bifile og transpersonar, når det er ulike meiningar i forskarmiljøet og blant lhbt-personar at ordet er meint for desse gruppene.


– Det er altfor mange av oss som blir utsette for hets, truslar og sjikane

Skeiv for meg betyr alt som bryt med heteronormativiteten.

Samfunnet tek framleis for gitt at ein er heteroseksuell og cis*. Dersom ein mann held ein annan mann i handa så bryt det med forventingar knytt til kjønn og seksualitet.

Kombinasjonen av skjegg, lipgloss og naglelakk bryt med forventningar om korleis vi skal uttrykka kjønn. Heldigvis er det på mange måtar lettare i dag å bryta med desse normene enn det var før, og mangfaldet av rollemodellar er større. Samstundes er det også eit meir hatsk debattmiljø, og særleg på sosiale medium er det altfor mange av oss som blir utsette for hets, truslar og sjikane.

Eg hugsar ikkje heilt når eg høyrde det for første gong, men eg blei aktiv i Skeiv Ungdom i 2006 (der eg seinare vart leiar). Eg hugsar at eg syntest at namnet var friskt og kult, og likte at det var meir inkluderande enn homofil og lesbisk som var det som vart brukt av LLH (det som i dag er foreininga FRI).

Skeiv blir av nokre brukt politisk i form av noko eller nokon som bryt med det etablerte og som utfordrar kjønn og seksualitetsnormer. Andre brukar det meir som ei sekkenemning for LHBTI. Det er praktisk å bruka skeiv i staden for å ramse opp mange bokstavar, og på mange måtar så er det blitt ei gjengs forståing at skeiv omfattar ulike kategoriar av kjønn og seksualitetsmangfald.

*personar som identifiserer seg med kjønnet dei er registrert som ved fødsel.


– Ved å seia at eg er skeiv, seier eg noko viktig om meg sjølv

Eg hugsar ikkje når eg første gong høyrde ordet skeiv, men eg likar ordet.

Eg synest det er eit nyttig ord av fleire grunnar: Det skildrar alle oss som bryt med normene for kjønn og seksualitet, og gir på den måten namn til ei felles oppleving.

Samstundes er det mange ulike og individuelle opplevingar gøymt i omgrepet, som ein kan velge å synleggjera – eller ikkje. Ved å seia at eg er skeiv, seier eg noko viktig om meg sjølv, utan å automatisk gje detaljar eg ikkje ynskjer å dele eller rette merksemd mot.

Omgrepet er også nyttig av reine praktiske omsyn: lhbt+ kan ikkje i det uendelege legga til bokstavar, og det blir vanskelegare å bli samde om kva som er med eller ikkje, etter kvart som ein legg til fleire.


– Det er enkelte som for tida pushar den oppfatninga at homoseksuelle/lesbiske er ein meir stoverein variant av det å vera avvikar

Det er fint å vera skeiv.

Forkortinga LHBT vert brukt ein del, men sjølv synest eg skeiv er betre. Det er viktig å ha eit samleomgrep for me er ei rørsle, ikkje fragmenterte i variantar av det å vera skeiv.

For meg betyr ordet skeiv at eg er ein del av eit fargerikt fellesskap av mangfald, og tilhøyrer det litt uvanlege. Sjølv omtalar eg meg mest som transkjønna, eller kjønnsinkongruent som skal vera den meir politisk korrekte nemninga i dag, men eg brukar også skeiv om meg sjølv nokre gonger når dette passar.

Eg meiner også at ordet skapar meir samhald. Det er enkelte som for tida pushar den oppfatninga at homoseksuelle/lesbiske er ein meir stoverein variant av det å vera avvikar, og det er folk i den såkalla kjønnskritiske rørsla. LGB without the T, som det vert sagt. Inntrykket mitt er at dette har lite støtte i skeive miljø i Noreg, men det er tilløp.


– Sjølv brukar eg ordet homse, og det trur eg irriterer mange

Eg kjenner ikkje så mykje til det ordet og held meg ikkje så mykje til det. Eg tenker at det speler ikkje så mykje rolle kva ein seier, folk er som dei er.

Då eg var yngre var det ikkje særleg brukt og eg høyrde det ikkje før eg sjølv stod fram som 30-åring på tidleg 80-talet. Eg oppfatta ordet som ein slags slang og forheldt meg ikkje noko til det. Det handla ikkje om meg då – sjølv om det gjorde det. Eg hadde nok med å vera homoseksuell, det var nok.

I dag er det eit ord eg synest er ganske dekkande for absolutt alt, unntatt heterofile og pedofile, og det er litt deilig å seia faktisk.

Eg brukar framleis ikkje ordet. Eg er for gamal. Det er jo berre eit trendord. Alt blir ut igjen. In i dag, ut i morgon, sånn har det alltid vore. Ein trend kan du alltid rekna med, fordi den fortel noko om samfunnet, men det er ikkje noko evig med det.

Sjølv brukar eg ordet homse, og det trur eg irriterer mange.

Som samleomgrep tenker eg me klarar oss godt utan. Me har trass alt klart oss utan nesten fram til i dag. Eg føler ikkje eit behov for eit samleomgrep, eg snakkar ikkje om alle blomeartar på ein gong heller. Skal eg skildra ein blom for deg, må eg skildra den med namn. Blir ein forstått med dei orda ein brukar så er det bra.

Kvar generasjon skal vel få snakka om seg på sin måte, dei skal ikkje få det definert av ein gamal bestefar frå Vestfold. Det skal dei få sleppe. Ting forandrar seg og det er veldig bra. Ingenting er som før, ikkje du heller.

Lev livet og hom i veg.