Sofie skal verte Noregs nye diktator

Sofie Høgestøl (t.v.) og Sofie Frøysaa stresstestar det norske demokratiet i den nye podkasten «Sofie kupper Norge».
Sofie Høgestøl (t.v.) og Sofie Frøysaa stresstestar det norske demokratiet i den nye podkasten «Sofie kupper Norge». Foto: Bente Kjøllesdal
Artikkelen fortsetter under annonsen

I ein nylansert podkast frå UiO skal diktatorspire Sofie Frøysaa kuppe Noreg med hjelp frå mentor Sofie Høgestøl.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg trur eg skil meg ut frå andre diktatorar fordi eg nok er litt meir inkluderande og raus. Eg er kanskje ein litt utradisjonell diktator, spekulerer Sofie Frøysaa.

Framtida.no møter ho og Sofie Høgestøl på Marienlyst, der dei nettopp har vore på radioen.

Eigentleg bryt intervjuet med strategien Frøysaa har kome fram til i podkasten Sofie kupper Noreg: Om ho vil verte diktator er det nemleg lurt å halde seg unna etablerte medium og heller satse på lukka forum og alternative kanalar.

Frøysaa har likevel valt å prøve å få pressa over på si side.

Ikkje ta demokratiet for gitt

«Eg, komikar og samfunnsdebattant Sofie Frøysaa, har følgande proklamasjon til det norske folk: Efter 203 år er demokratiet si tid i Noreg forbi».

Slik startar den nylanserte podkastserien. I løpet av seks episodar, og med hjelp frå mentor Høgestøl og nokre av landets fremste demokratiforskarar, skal Frøysaa få ei oppskrift på korleis ho kan ta over makta i landet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

For kor robust er eigentleg demokratiet i Noreg? Kviler vi for mykje på laurbæra, slik at ein diktatorspire som Frøysaa kan kome inn og etablere seg som eineherskar?

– Podkasten handlar om bevisstgjering. Det er bevisstgjering om alle mekanismane i demokratiet, og at det ikkje er noko du skal ta for gitt, fortel Frøysaa.

Ekspertane gjev ho alle ingrediensane ho treng til det tenkte kuppforsøket sitt: Frå korleis ho skal navigere media og utnytte ei krise til korleis ho skal sikre at hennar eige Mental Helse Partiet gjev ho statsministerposten, som ho aldri skal gje frå seg igjen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– De fryktar ikkje at de no skapar ein generasjon av potensielle diktatorar?

– Nei, tvert imot, seier Frøysaa.

– Vi viser at det eigentleg er ganske vanskeleg. Om du vil verte diktator i Noreg, så er det truleg eit tjueårsprosjekt, ikkje eit innfall, supplerer Høgestøl.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kicka på det med ein gong

Når Sofie Frøysaa ikkje planlegg korleis ho skal velte demokratiet, er ho komikar og samfunnsdebattant. Sofie Høgestøl er på si side førsteamanuensis i rettsvitskap hjå Universitetet i Oslo, samt Venstre-politikar.

Ein vinterdag i fjor vart Høgestøl kontakta av Arild Blomkvist, seinorrådgjevar i kommunikasjonsavdelinga hjå UiO, i kjølvatnet av kuppforsøket i den amerikanske kongressen. Ville ho vere med og late som ho ville kuppe Noreg? Svaret frå Høgestøl var eit rungande ja.

Frøysaa var heller ikkje vanskeleg å be når ho først fekk førespurnad om å bidra i podkasten.

– Eg kicka på det med ein gong, og tenkte det høyrest skikkeleg gøy ut, seier diktatorspiren og held fram:

Sofie Frøysaa med sin beste diktator-pose. Foto: Bente Kjøllesdal
Sofie Frøysaa med sin beste diktator-pose. Foto: Bente Kjøllesdal

– Både fordi eg er samfunnsengasjert, samstundes som eg veit at eg har mykje å lære. Eg er veldig nysgjerrig, men det er jo eit evig triks å alltid snakke med nokon som er smartare og kan meir enn deg.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Samstundes tenkte ho, som så mange andre, at det er vel ei sjølvfølgje at vi har demokrati i Noreg – er det naudsynt å stressteste det om det står så sterkt?

Demokratiske Noreg

Noreg ragar stadig vekk i toppsjiktet i demokratiindeksar. Om vi ikkje ligg på førsteplass, er det helst fordi ein av våre nordiske naboar vert rangert kneppet over.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I fjorårets utgåve av Democracy Index frå Economist Intelligence Unit skorar Noreg heile 9.81 poeng av 10 mogelege, og kaprar førsteplassen. Hjå Freedom House får Noreg 100 poeng av 100 mogelege på fridomsskalaen , og ifølgje demokratiindeksen frå svenske V-Dem Instituttet er det berre Danmark og Sverige som er betre enn oss i demokratiklassa.

– Vi toppar demokratimålingar, men det tyder ikkje at demokratiet vårt er perfekt, påpeiker Høgestøl.

Samstundes viser forsking at globalt sett har demokratiet vore på tilbakegang dei siste ti åra , og det vert synt til at verda er inne i «ei tredje bølgje av autokratisering». Fleirtalet av verdas befolkning ( 68 prosent) bur nemleg i eit autokrati, ikkje eit demokrati.

Artikkelen fortsetter under annonsen
6. januar 2021 tok Trump-supporterar seg inn i Kongress-bygningen i Washington. Fleire av dei som deltok meinte valet var stole. Foto: AP Photo/Manuel Balce Ceneta, File
6. januar 2021 tok Trump-supporterar seg inn i Kongress-bygningen i Washington. Fleire av dei som deltok meinte valet var stole. Foto: AP Photo/Manuel Balce Ceneta, File

Europeiske land som Polen og Ungarn tek stadig fleire steg vekk frå demokratiet og får meir autoritære leiarar, og Trump har svekt legitimiteten til val i USA, men i Noreg har vi framleis høg tillit til styresettet vårt.

– Vi stolar på at dei folkevalde gjer det som er best for oss og demokratiet. Det er fascinerande med tilliten, han kan vere vår største styrke og vår største svakheit, seier Frøysaa.

Pandemien ein smakebit på kva som kunne vore

Koronapandemien har for alvor synt kor mykje tillit vi har til styresmaktene, og tidvis sett demokratiet på ei lita prøve.

Då førsteutkastet til ei koronalov vart lagt fram av regjeringa, tok fleire juristar til avisene for å kritisere omfanget. Kriselova gav for store fullmakter til regjeringa og var demokratisk galskap, meinte dei . Forslaget vart seinare revidert og vedteke i ei moderert utgåve.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er skummelt å tenke på i ettertid. Tenk om ingen av ekspertane hadde sett ned foten og sagt «Dette er ikkje bra»? seier Frøysaa og held fram:

Då kunne eg heilt fint ha tenkt at «Ja ja, eg stolar på Bent Høie», som ein idiot som ikkje heilt veit kva eg snakkar om.

Podkastinnspelinga har gjeve ho ei nyvunnen forståing for at tillit til styresmaktene har både positive og negative sider. Ein skal stole på styresmaktene, men ikkje blindt.

Også Sofie Høgestøl merka at koronapandemien påverka ho på uventa vis. Etter at statsminister Erna Solberg annonserte dei inngripande koronatiltaka Noreg i mars i fjor, tok Høgestøl ein sein kveldstur for å klarne tankane. Ved Carl Berner-krysset stod nokre ungdomar og klina.

– Det var nesten slik at eg gjekk bort og sa «Inga klining! Ingen skal ta på kvarandre no». Då hadde det gått tre timar frå Noreg vart stengt ned, og allereie var eg i ferd med å utøve ein ryggmargsrefleks for sosial kontroll som eg aldri før har hatt, seier Høgestøl.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Jafar frå Aladdin var Disney-karakteren Sofie Høgestøl likte best som barn, noko som syner att i hennar beste diktator-pose. Foto: Bente Kjøllesdal
Jafar frå Aladdin var Disney-karakteren Sofie Høgestøl likte best som barn, noko som syner att i hennar beste diktator-pose. Foto: Bente Kjøllesdal

Ho tok seg sjølv i det, og tenkte «Wow, det gjekk fort, ja, før eg ikkje lenger stilte spørsmål, men praktiserte reglane».

– Men å stille spørsmål er jo noko av det viktigaste vi gjer i eit demokrati. Vi skal kike styresmaktene i korta. Det er einbalansegang, seier Høgestøl.

Ho trur koronapandemien har vore ein augeopnar for mange, og syner kor langt inn i privatsfæren staten kan gripe om demokratiet glipper:

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Vi har fått eit lite innblikk i korleis det er å bu i eit meir autoritært land, der ein er van til å måtte innrette seg etter styresmaktene på den måten.

Politikaren og elevrådsleiaren

Sjølv har Sofie Høgestøl vakse opp i ein demokratimedviten heim, med ein bestefar som vart plassert i Grini fangeleir under andre verdskrig og foreldre som var politisk interesserte på kvar sin kant. Mor kom frå ein Arbeidarparti-familie og far frå ein Høgre-familie.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Høgestøl hugsar framleis då ho var med mor si for å stemme første gong, ved stortingsvalet i 1993.

– Då hugsar eg vi gjekk inn i vallokalet, og ho skulle vise meg korleis systemet fungerer. Ho sa «Vi stemmer på Gro i min familie, for ho er ei grepa dame, men far din kjem nok til å stemme på Kaci Kullman Five, og det er hyggeleg det òg».

I sitt vaksne liv har Høgestøl tenkt mykje på demokratiet, som ho òg er ein aktiv deltakar i. Som Venstre-politikar har Høgestøl mellom anna vore ein av medlemmane i Vallovsutvalet, som fekk i oppgåve å vurdere vallova i Noreg og drøfte kor vidt ho skal verte endra. I tilrådinga går utvalet mellom anna inn for at 16- og 17-åringar skal få stemme ved lokalval.

Noko av det som skremmer Sofie Høgestøl og Sofie Frøysaa, er kor enkelt det har vorte å spreie falske nyheiter og konspirasjonar på internett. Foto: Bente Kjøllesdal
Noko av det som skremmer Sofie Høgestøl og Sofie Frøysaa, er kor enkelt det har vorte å spreie falske nyheiter og konspirasjonar på internett. Foto: Bente Kjøllesdal

Podkast-makker Sofie Frøysaa fekk på si side første demokratierfaringa i skulen:

– Eg har jo alltid vore i elevrådet, og var sjølvsagt elevrådsleiar. No var det rett nok ingen andre som stilte til val. Den som var sjuk vart vara, men eg var sånn «kan eg?!», minnest ho. Kanskje det var der tanken om å vere eineherskar først melde seg?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Om Frøysaa mot formodning hadde kome til makta, kunne ho gjort som sin favorittdiktator – Saparmurat Niyazov frå Turkmenistan – og innført ein heilagdag til ei frukt:

– Då må eg ta den frukta eg likar best, og det er mango. Hard i midten og mjuk på utsida, motsett av meg! seier ho og ler.

  • Les også om Cinta (20) og Andrine (16) som ikkje har røysterett, men meiner klimasaka ikkje kan vente: – Me må gjera noko

Det minste vi kan krevje

Endå podkasten tek føre seg eit tenkt kuppforsøk, så er han eigentleg ein hyllest til demokratiet vi har og ein påminnar om å ikkje sove i timen.

– Det er ingen smart diktator som kjem frå skyene og bestemmer korleis samfunnet skal fungere, slik at du slepp gjere noko. Demokratiet forutset at vi stiller opp og deltek. Det er heile grunnsteinen i demokratiet, seier Sofie Høgestøl og held fram:

– Og at vi er nokolunde informerte, slik at vi kan vere kritisk vakne om det er nokon som vågar tukle med systemet.

– Det minste vi kan kreve av oss sjølve, og av andre, er at vi brukar stemmeretten vår, insisterer Frøysaa.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Både Høgestøl og Frøysaa er uroa for at det aukande omfanget av netthets skal skremme unge frå å nettopp delta i demokratiet og ytre meiningane sine i samfunnsdebatten.

Ifølgje Ipsos oppgjev nesten halvparten av unge mellom 18 og 29 år at dei er bekymra for å verte utsette for netthets. Samstundes syner ein ny rapport frå Press at hets og trakassering på nett er eit aukande problem, som held unge ute frå debatten.

– Eg vil at det skal vere kult å bruke stemma si, kult å ytre seg, og at usemje ikkje skal vere så farleg, seier Frøysaa.

Ho likar ikkje cancel-kulturen, der folk vert stengde ute frå debatten fordi dei har sagt noko dumt, trass i at dei i ettertid har endra meining.

– Det er enormt viktig å teste meiningane sine høgt. Du må ikkje ha eit ferdig formulert svar før du gjev deg i kast i ein debatt eller diskusjon, poengterer Frøysaa.

– Det er viktig å understreke at det å skifte meining òg er veldig fint, og å kunne innrømme at «Oi, der tok eg feil».

– Det er jo slik ein vert klokare og utviklar seg som menneske, avsluttar Høgestøl.