Her er rollelista til nye «Tre nøtter til Askepott»
Thorbjørn Harr, Kristofer Hivju og Jonis Josef er ein del av det stjernespekka ensemblet i den nye «Tre nøtter til Askepott»-filmen.
Artikkelen fortsetter under annonsen
– Eg trudde først det var ein feil då eg blei kontakta, men etter fleire rundar med auditionar og samtalar med vår fantastiske regissør Cecilie Mosli, blei eg spurd om eg ville gjere rolla som Askepott. Då blei eg mildt sagt glad.
Det sa musikar Astrid Smeplass (24) i ei pressemelding då nyheita om at ho hadde fått rolla som Askepott vart lansert . Seinare kom avsløringa om at Skam-stjerna Cengiz Al fekk rolla som prinsen.
I dag kunne VG avsløra heile rollelista til nyinnspelinga av den tsjekkiske klassikaren filmklassikaren Tre nøtter til Askepott frå 1973.
Her er rollelista til Tre nøtter til Askepott-filmen anno 2021:
Askepott: Astrid Smeplass
Prinsen: Cengiz Al
Stemor: Ellen Dorrit Petersen
Stesyster: Ingrid Giæver
Kongen: Thorbjørn Harr
Dronninga: Nasrin Khusrawi
Privatlærar: Nils Jørgen Kaalstad
Skammeltenar: Kristofer Hivju
Alfred: Bjørn Sundquist
Barnon Von Snauser: Nader Khademi
Rosa/ Kokka: Anne Marit Jacobsen
Herolden (utropar og seremonimeister ved hoffet): Jonis Josef
Bendik: Sjur Vatne Brean
Sam: Arthur Hakalathi
Ola: Toivo Ty Terjesen
Ola er ein ukjent karakter spelt av Toivo Ty Terjesen, som framleis ukjent, men har skodespelarerfaring frå Fossrevyen 2019.
Denne saken ble først publisert på Framtida.no.