Då eg var 20Knut Nærum skulle bli lærar for å forvalte visdom, inspirere dei unge og gå i kordfløyel

Foto: Foto til venstre: Agnete Brun/pressefoto Cappelen Damm. Foto til høgre: Eirik V. Johnsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Som tjueåring budde «Nytt på Nytt»-profilen i Kristiansand, der spelte han i band og gjekk på steppekurs.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Som fast panelist i «Nytt på Nytt» var haldensaren Knut Nærum heile landets satiriske fredags-underhaldning i 16 år.

Nærum var med frå oppstarten i 1999 og fram til 2015. Då hadde han spelt inn 442 episodar, og ville setje av meir tid til å arbeide langsiktig med andre ting.

I «Nytt på Nytt» takkar ein av panelistar med stil:

Men 58-åringen er langt frå arbeidslaus når han ikkje lenger er det beste tilbehøret til fredagstacoen.

Sidan tidleg 90-tal har han gjeve ut teikneseriar, skrive fleire titals bøker – både for store og små, drive med teater, og skrive manus for sjølvaste Donald Duck & Co.

Då han i 1981 var 20 år gamal var det likevel litt andre planar han hadde for framtida.

Les også om fleire spanande 20-åringar her!

Kor var du då du var 20?

Eg budde i kollektiv i Kristiansand, på eit loft, på ein hybel utan vindauge. Eg hadde berre ei takluke, og når det snødde, forsvann alt dagslys. Men prøv å fortelje det til dei unge no om dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Eg studerte engelsk på ADH, som er kort for Agder Distriktshøgskole. Dette var i tida før alle norske byar med respekt for seg sjølv, og særleg dei utan, gjorde om høgskulane til universitet.

(Saken fortsetter under)

I 1982 kom plata til De Stundesløse, bandet Knut Nærum var med i. Den heitte «To pluss to» Foto: Per Fronth
I 1982 kom plata til De Stundesløse, bandet Knut Nærum var med i. Den heitte «To pluss to» Foto: Per Fronth

Hugsar du kva som skjedde det året?

John Hinckley skaut president Reagan, som overlevde. Gro Harlem Brundtland vart statsminister, og Bob Marley døydde av løkkefotballrelaterte skadar.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg las ny norsk poesi og Stephen King og New Musical Express, såg videoprogrammet Zikk-Zakk og barneprogrammet Halvsju på TV (det siste som fast punkt på vorspiel, med Tramteatret-serier), Fassbinder og Herzog på filmklubb.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Og eg lytta på alt NME sa eg burde like.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Nei.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

November 1981: Bandet mitt – De Stundesløse – har sin første spelejobb, på Kristiansand Rockeklubb, etter tre øvingar. Dette var også den hausten eg gjekk på steppekurs på Esthers Ballettskole.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Om du vert nysgjerrig på De Stundesløse:

Visste du kva du skulle bli i livet?

Eg skulle bli lærar: formidle kunnskap, forvalte visdom, inspirere dei unge og gå i kordfløyel.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Verda virka ustø, som om alt sto og vippa. Folk demonstrerte mot utplassering av atomvåpen. Vi tenkte meir på risikoen for atomkrig enn folk har gjort i tida seinare, heilt fram til omtrent no, når vi hadde nok å ottast for frå før.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

«Holy cannoli! Ein av oss må ha funne opp ein fungerande tidsmaskin!»

(Saken fortsetter under).

De Stundesløse. Foto: Privat
De Stundesløse. Foto: Privat

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

«Det med kjærleik ordnar seg på sikt. Spel i band fordi det er stas, ikkje for å bli kjend. Og ikkje forsøk å ta mellomfagstillegget i nordisk.»

Les også: Linn Isabel Eielsen rebrandar feminismen, og har hanka inn Knut Nærum, slik at dei «sit saman i YF»