16. ETG: Århundrets julekalender: Velkomen til år 2012

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen
Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Me opnar dagens luke i Juleheisen og kikar inn i 15. etasje, der 2012 seier hei.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva skjedde i 2012?

Eurokrisa spreidde seg frå Hellas og utover, medan valden i Syria berre eskalerte. Her heime var året sterkt prega av rettssaka mot terroristen på Utøya. Og at ingen forstod dialektuttrykka til Vågå-ordførar Rune Øygarden.

Me mista Whitney Houston og Alexander Dale Oen. Og internasjonalt vart Noreg kjent som landet der 13 år gamle jenter knuste biltak for å få eit glimt av tenåringsidolet Justin Bieber. Ja, det var så ville tilstandar at innsatsleiaren i politiet frykta for liv og helse.

Om du synest 2012 verkar som eit mørkt år kan du i det minste trøysta deg med at Obama vart gjenvalt og song for folket:

Har du ikkje fått med deg dei førre etasjane i juleheisen? Her finn du tidlegare kalenderetasjar!

Dette lytta me til

Rihanna gjorde det atter ein gang og toppa den norske VG-lista veke etter veke med monsterhiten Diamonds.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei anna låt som brente seg inn i hukommelsen vår var svenske Laleh sin låt Some Die Young, som vart skriven kort tid etter Utøya og framført på minnekonserten sommaren etter:

Dette såg me på kino

Heile 881.944 besøkande flokka til kinosalane for å sjå den norske storfilmen Kon-Tiki, regissert av Joachim Rønning og Espen Sandberg.

Med eit budsjett på 93 millionar kroner var storfilmen om Thor Heyerdahl sin Kon-Tiki-ekspedisjon den dyraste norske filmproduksjonen nokosinne.

Satsinga vart løna med gode besøkstal og nominasjonar til både Golden Globe og Oscar, i kategorien beste framandspråklege film. Den prisen gjekk likevel til den hjerteskjærande filmen Amour av austerrikske Michael Haneke.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dette sa me

Å nave: Språkrådet kåra det nye verbet til årets ord. Språkrådet peika på at verbet, som har sitt utgangspunkt i etatsnamnet NAV, er ei ungdomsspråkleg nydanning som har vandra vidare inn i nyheitsspaltene.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Andre nyord som gjorde seg bemerka var halehelt (på grunn av haledekoren til Norwegian) og Grexit (på grunn av eit tenkt scenario der Hellas trakk seg frå eurosona).

Elles:

Det var året alle gjekk rund og sa YOLO (You Only Live Once) halvironisk og følte seg litt som Drake:

Dette gjekk me med

Indianerinspirerte mønster og fjær:

Foto: Anthony Tran, Unsplash.com
Foto: Anthony Tran, Unsplash.com

Dette lo me av

Grumpy Cat

Alle drøymde om ein internett-katt ala Grumpy Cat:

Og apropos gretne uttrykk:

«Not impressed»

Etter at Reuters-fotografen Bryan Snyder fanga gymnast McKayla Maroney sitt misnøgde uttrykk etter at ho tok sølv i OL, vart internett inspirert til å laga «Not impressed»-memen:

McKayla Maroney (16) vart fotografert under OL i London og internett vart inspirert til Foto: Bryan Snyder, Reuters
McKayla Maroney (16) vart fotografert under OL i London og internett vart inspirert til Foto: Bryan Snyder, Reuters

Og her heime lo me av Paradise Hotel-deltakarane sine manglande allmennkunnskapar:

Dette snakka me om

1. Ostepop-glede

2012 var eit knallår for norsk humor. Eventyrar Aleksander Gamme vart «ostepopmannen» verda over etter at YouTube-klippet Basic needs gjekk viralt.

I 2011 la Gamme ut på ein 2.270 km lang skitur over Antarktis og på dag 86 finn han ei overrasking han har lagt att til seg sjølv:

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gamme vart vist både på japansk game-show og invitert til eit amerikansk radio-show, for korleis kan ein ikkje elske den entusiasmen?

2. Aksel Hennie imiterer sin manager i Statene

Ein annan som gjorde det stort i Statene var Aksel Hennie, som i eit intervju med NRK-programmet Filmbonanza drog fram aksenten sin for å fortelja kva manager syntest om hans prestasjonar:

Ikkje alle var like imponert og klippet vart kåra til årets pute-tv.

3. Gangnam Style – PSY

Den spinville K-pop-låta og dansen gjorde raskt suksess langt utanfor den vanlege fanskaren. Musikkvideoen fekk æra av å vere den første som fekk ein milliard visningar på Youtube: